Hopp til innhold

– Han har nok blitt for populær og tatt for mykje glans frå andre

I Sokndal fekk KrF nær ein tredel av stemmene, og fleire stemmer enn ved førre val. Likevel er det Sp, med mindre enn halve oppslutninga, som får ordføraren i kommunen.

Jonas Andersen Sayed (KrF)

Jonas Andersen Sayed har vore ordførar i Sokndal i fire år, og det såg ut til at han skulle vere det i fire år til. Slik blei det ikkje.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Eg er overraska og skuffa. Håpet var jo at eg skulle halde fram, seier Jonas Andersen Sayed.

Ein trudde det skulle gå slik det gjekk i 2019. Den gong fekk KrF, partiet til nåverande ordførar Sayed, 26,2 prosent av stemmene. Sokndal fekk den yngste ordføraren i Noreg nokon gong.

Så då KrF fekk 28,9 prosent i dette valet, tyda alt på at Andersen Sayed skulle halde fram med ordførarjobben. Men slik blei det ikkje.

Onsdag kveld sende Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Høgre og Venstre ut ei pressemelding om at den nye ordføraren i Sokndal heiter Bjørn-Inge Mydland og kjem frå Senterpartiet.

– Sjølv om eg gjorde et godt val, så må ein ha eit fleirtal bak seg i kommunestyret, seier den avtroppande ordføraren.

Mydland (Sp): – Nokre parti peikte på meg

Til saman har Ap, Sp, Høgre og Venstre elleve representantar i kommunestyret. Sokndal har eit kommunestyre på 21.

Les også Dei er yngst og eldst i landet – 53 år skil dei to ordførarane

Jonas Andersen Sayed (KrF) i Sokndal er landets yngste ordfører, Bjørn Prytz (Ap) i Herøy er landets eldste ordfører.

Den nye ordføraren seier det ikkje var planen å kuppe noko.

– Etter valet blei det ein del samtalar mellom forskjellige parti. Nokre parti peikte på meg, seier Bjørn-Inge Mydland.

Han har dei fire siste åra vore varaordførar saman med ordføraren han nå skal ta plassen til. Dei hadde ved 10-tida torsdag enno ikkje snakka saman.

– Det kjennest ikkje greitt. Samstundes blei vi peikt på, og vi valde å ta utfordringa. Slik kan politikken vere, seier han.

Redaktør: – Nokon har ikkje vore ærlege

Erik Thime er redaktør i lokalavisa Dalane Tidende, som melde nyheita først. Han er overraska.

– Jonas har nok blitt for populær og tatt for mykje glans frå andre politikarar, trur han.

Erik Thime er redaktør i Dalane Tidende

Erik Thime, redaktør i Dalane Tidende meiner det er nokon som ikkje har vore ærlege når Sokndal får ein annan ordførar enn Jonas Andersen Sayed (KrF).

– Eg har tenkt at ingen kunne ta opp konkurransen med Jonas, som har sett Sokndal på kartet og styrt godt, seier han.

Redaktøren meiner den sitjande ordføraren blir dolka i ryggen av politikarar som har sagt at dei ville ha han som ordførar.

– Nokon har ikkje vore ærlege, og det kler Sokndal-bygda dårleg. Her har knivar blitt stukke i rygg og salt strødd i sår. Det må vera flaut å sitja i Sokndal-leiinga nå, meiner han.

Ap avkreftar

Leiaren i Sokndal Ap reagerer på utsegna til redaktøren.

– Vi har på ingen måte gått bak ryggen til Sayed. Vi blei utelatne frå sonderingar KrF hadde med andre parti, og vi blei ikkje kontakta før KrF skjønte at dei heldt på å miste ordførarvervet, seier Joakim Kopperud Mathiesen.

Han seier Ap blei invitert til samtalar med den nye koalisjonen som støttar Bjørn-Inge Mydland (Sp).

– Vi er forplikta til å gjere det som er det beste for våre veljarar og for å gjennomføre vår politikk, seier Mathiesen.

Går vekk frå politikken

Sayed sjølv er ikkje bitter. Han er godt fornøgd med det han har fått til som ordførar i fire år.

– Eg skjønnar at det er fleire som vil ha denne jobben, seier han.

No som han ikkje blir ordførar i fire nye år, kjem han truleg til å gjere noko heilt anna.

– Viss det er ei tid eg skal få utdanning og skaffe meg ei karriere, er det no. Eg kjem ikkje til å sitte som kommunestyrerepresentant i fire nye år.

Les også Håvard (19) blir tidenes yngste ordfører i Norge

Håvard Handeland tidenes yngste ordfører