NRK Meny
Normal

Barn er absolutt ei hindring

Dei fire gründerane i Future Home-selskapet på Forus har kome seg over første hinder og har samla inn 200 000 dollar. – Me klarte det fordi me bur hos foreldre og besteforeldre, og så har me ikkje barn, seier eigarane i selskapet.

200 000 dollar er i boks for grunderbedrifta Future Home på Forus

200 000 dollar er i boks for grunderbedrifta Future Home på Forus. Sigbjørn Groven (til venstre) og Erik Stokkeland jublar.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

For to månader sidan gjekk kvartetten ut på sosiale media og bad om førehandsbestillingar på produktet dei har utvikla. Lovnaden dei kom med var å samla inn 200 000 dollar i løpet av to månader, eller å betala tilbake kvar dollar dei hadde fått inn på kampanjen.

– Me klarte det så vidt, men det var mykje meir utfordrande enn eg hadde trudd. Eg sov ikkje mykje dei siste nettene, for å seie det slik, seier Erik Stokkeland.

Ein vennegjeng

Dei fire mennene i tjueåra har jobba på fulltid med å utvikla eit styringssystem for lys, varme, lyd og bilde i private hus. Det har dei gjort sidan selskapet blei stifta i januar i 2013.

Dei fire grundarane i Future Home

Dei fire grundarane i Future Home: Frå venstre: Odd Einar Evensen, Erik Stokkeland, Bjarne Handeland og Sigbjørn Groven

Foto: Future Home

– To av oss bur hos foreldra våre. Dei to andre hos besteforeldra sine. Me jobbar godt i hop og me jobbar veldig mykje. Hadde me hatt vår eigen familie med barn å ta oss av, hadde det aldri gått i hop, seier Erik Stokkeland.

På hengande håret

Ein time før fristen til å ha samla inn 200 000 dollar gjekk ut, mangla dei ennå om lag 30 000 dollar.

Bjarne Handeland, ein av dei fire eigarane i Future Home

Bjarne Handeland er ein av dei fire eigarane i Future Home.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me vurderte dørsal den siste søndagen, men så var me ikkje sikre på korleis det blei tatt imot av dei potensielle kundane, seier Sigbjørn Groven. Han er økonomen blant dei fire.

Det som redda dei var to profilerte og suksessrike grundarar i Stavangerområdet. Dei hadde fått med seg kva ungdommane satsa på og då dei begge skulle byggje hus, kom dei med ei bestilling til Future Home, i siste augneblink

– Det var vinn eller forsvinn for oss. Desse to "reddande englane" hadde stått i denne situasjonen sjølve og kjente seg igjen. Det var nok derfor dei kom med si bestilling til oss, seier Stokkeland.

Boligforum gjorde forskjellen

Etter lanseringa av kampanjen som skulle skaffe 200 000 dollar, var det nokså stille på nettsida til selskapet.

– Me tenkte jo at her var det berre å vise fram produktet og legge ved ein video som forklarte bruken, og så skulle det rulla og gå. Men det viste seg vanskeleg å nå ut til nok folk, seier Stokkeland.

Så mot slutten måtte dei ringe opp privatpersonar og bedrifter og aktivt prøve å få tak i bestillingar. I den samanhengen var det Boligforum-messa i Stavanger som gjorde forskjellen.

Future Home-produktet som skal styre lys, varme, lyd og bilde i heimen, som Future

Future Home-produktet som skal styre lys, varme, lyd og bilde i heimen.

Foto: Future Home

– Me sto like ved hovudkonkurrenten vår, Lyse Energi, som satsar på opplegg som på nokre måtar liknar på vårt, fortel Stokkeland.

Så viste det seg at kundane også var opptatt av å høyre kva den vesle grunderbedrifta hadde å tilby.

– Og me sa at nå må du våga å satsa på unge nye entreprenørar og ikkje berre gå for det store trygge. Og faktisk var det ein god del som gjorde det. m lag 100 000 dollar i bestillingar kom i etterkant av den messa, fortel Stokkeland.

Havregryn og vatn

Grunderbedrifta Future Home har fått tak i den første startkapitalen. Nå har dei råd til å kjøpe dei komponentane som trengst til det produktet dei tilbyr. Men dei veit også at det ennå er mange fleire hinder dei må over før bedrifta er oppe og går for fullt.

– Me er klare for å eta havregryn og drikke vatn i lang tid ennå, før me kan ta ut skikkeleg løn og skaffe oss firmabil, forsikrar Erik Stokkeland.