Hopp til innhold

Nytt håp for at firebarnsfar får bli i Noreg

Etter å ha levd fleire månader i frykt for å bli kasta ut, augnar Liban Wako Sora no håp om at han kan få bli i Noreg med barna sine.

Liban hjelper Noordin med å pakke til fotballtrening.

Barna fortel til NRK at dei er redd for at faren skal bli kasta ut medan dei er på skulen.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Barna mine spør kvar dag om eg skal kastast ut, seier Sora.

Han fortel om tøffe månader for han og familien.

I februar kom det endelege vedtaket frå Utlendingsnemnda (UNE), som sa at firebarnsfaren skulle bli kasta ut etter 20 år Noreg.

Dette sjølv om han har hovudomsorga for dei fire barna sine.

– Men no har eg eit håp om å få bli, seier han.

Han har fått nytt håp etter at Arbeidarpartiet vedtok på landsmøtet at dei ønskjer at barnas beste skal bli vareteke i større grad i saker som dette.

«I saker der foreldre blir utviste frå Noreg for brot på utlendingslova, meiner Arbeidarpartiet at det bør opnast for auka bruk av alternative sanksjonsformer for å hindre at barn og foreldre skilst.»

– Eg vart veldig glad då eg høyrde det, seier Sora.

Liban legger Mubarak

Liban Wako Sora jobba i Noreg frå 2004 til 2008. Då han fekk avslag på opphald etter fire år, fekk han ikkje jobbe i landet lenger. Dermed har han vorte hovudomsorgsperson for barna, medan kona studerer og forsørgjer familien.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Forventar oppfølging

Norsk organisasjon for asylsøkjarar (Noas) representerer familien.

Organisasjonen har fleire gonger prøvd å gjere om utvisingsvedtaket.

– Eit einstemmig landsmøte seier at ein skal vurdere andre reaksjonar enn utvising i saker som dette. Om ein gjer det, inneber det at Liban kan givast løyve til å bu i Noreg.

Jon Ole Martinsen

Seniorrådgivar Jon Ole Martinsen i Norsk organisasjon for asylsøkjarar.

Foto: Andrea Kluge / NRK

Det seier seniorrådgivar i Noas, Jon Ole Martinsen.

– Det vi håpar på no, er at Ap får gjennom desse endringane, og at ein mens ein ventar på eventuelle regelverksendringar stiller sakene på vent.

No forventar organisasjonen at vedtaket blir følgt opp av Justisdepartementet.

– Dessverre er det sånn at UNE ikkje kan gjere noko før regjeringa faktisk ber dei om å leggje sakene på vent og endre regelverket. Når det er sagt, vil ein heile tida kunne gjere ei individuell vurdering, seier Martinsen.

I avgjerda til UNE heiter det at Liban Wako Sora har plikt til å reise frå Noreg omgåande.

Dette på bakgrunn av at Wako Sora ikkje har overhalde utreisefristen etter at han fekk avslag på søknad om vern i 2008.

Dermed har han opphalde seg ulovleg i Noreg i 15 år.

Støtte frå lokalsamfunnet

Lokalsamfunnet i Kopervik har slått ring om familien etter at nyheita kom.

Ei støttegruppe på Facebook for å forhindre utsending av Wako Sora har i dag 2100 medlemmer.

Karmøy kommunestyre skreiv også til UNE i mars, og bad dei gjere om vedtaket. Helge Thorheim frå Karmøylista sa då at det var meiningslaust å utvise firebarnsfaren.

– Saka har vorte ein snakkis på Karmøy og dette opptek mange. Det er folk i det store og heile som synest dette er hårreisande. Familien er integrert i lokalsamfunnet, og vi synest det er gale at han skal sendast ut.

I tillegg har heile Rogalands-benken på Stortinget fått e-post om saka.

– Familien og eg er veldig takksame for all støtta vi har fått den siste tida, seier Liban Wako Sora.

– Vi må reagere på misbruk

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) skriv i ein e-post til NRK at regjeringa jobbar med å vurdere korleis barns rettar kan styrkjast.

Rapporten (ekstern lenkje) frå Baumann-utvalet blir løfta fram som eit godt utgangspunkt for å styrkje rettane.

– Det er likevel ikkje aktuelt å innføre alle tiltak i arbeidsgrupperapporten. Innstillinga er på fleire punkt, og nokre av forslaga går for langt med tanke på at det også er andre sentrale omsyn i ei utvisingssak.

Ho skriv også at det er viktig for regjeringa å sikre stabilitet og føreseielegheit i innvandringspolitikken.

– Noreg skal verne dei som treng det. For å halde oppe tilliten til asylinstituttet, må vi også reagere på misbruk.

Ikkje grunnlag for å setje på pause

Jon Ole Martinsen i Noas ønske at saker som Libans skal setjast på vent, mens ein ventar på eventuelle endringar i regelverket.

Slik blir det truleg ikkje, skriv Mehl.

Emilie Enger Mehl

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Foto: William Jobling / NRK

– Sjølv om departementet no arbeider med spørsmål om å utvikle regelverk og praksis, mellom anna med utgangspunkt i arbeidsgrupperapporten, gir ikkje dette grunnlaget for å stille dei aktuelle sakene til sides.

I tråd med regelverket Stortinget har fastsett, er det forvaltninga og domstolane som handterer enkeltsaker.

– I behandlinga av sakene skal både omsynet til barnets beste og innvandringsregulerande omsyn vektleggjast i samsvar med gjeldande lovverk og dei folkerettslege forpliktingane våre.

Les også Takako (83) kastes ut av Norge i romjula: – Innvandringspolitikk på det mest brutale

Takako Ellefsen på kirkegården