Hopp til innhold

Nye bommar er på trappene fleire stadar – kva skjedde med bompengeopprøret?

Igjen er det snakk om å setje opp nye bommar, men demonstrasjonane let vente på seg.

For nokre år sidan handla alt om bompengar. Facebook-grupper danna politiske parti som vart størst i nokre kommunar.

Hundrevis samla seg til demonstrasjonar og stengde bruer og vegar.

Bompengar truga til og med med å felle ei regjering.

Men no er det stille. Folkeaksjonen nei til meir bompengar (FNB) fekk 3300 stemmer i Stortingsvalet, altso 0,1 prosent.

Det er berre ein åttedel av stemmene dei fekk i Bergen i kommunevalet 2019 og halvparten av det dei fekk i Stavanger i same val.

I kulissane er nye bomstasjonar på veg både i bakgarden til rørsla sin fødestad og i byen dei fekk størst oppslutning i.

Likevel står ingen med flagg og demonstrerer. Kva skjedde med bompengeopprøret?

Bompengar på veg fleire stadar

Tysdag vedtok fylkesutvalet i Rogaland å bruke 40 millionar kroner på utgreiingar om vegprosjekt kring Haugesund.

Det er ein ferjetur unna bompengeopprøret sin fødestad Stavanger.

Før eit slikt møte som dette kunne ein for eit par år sidan venta seg protestar, banner og flagg. Slikt var ikkje å sjå denne gongen.

Frode Myrhol

Frode Myrhol (FNB) gjorde framstøyt mot millionutgreiinga nord i Rogaland utan hell.

Foto: josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Det siste halvanna året har folk blitt sendt på heimekontor og har ikkje køyrd like mykje bil som vanleg. Dei har ikkje dette på kroppen på same måte som dei gjorde i 2018, seier Frode Myrhol.

Han sit i fylkesutvalet for FNB og la fram motforslag til utgreiinga som vart vedteken – utan at han vann fram.

Også i Åsane nær Bergen, byen der bompengeopprøret sto sterkast av alt, er nye bommar føreslått.

I Oslo er der politisk press for å fjerne bompengerabatten til elbilane.

Frå Kristiansand og Ullensaker i sør til Tromsø i nord – nye bomstasjonar ligg på bordet fleire stadar.

Bompengemotstandere står på en bru over en bilvei i Sandnes og demonstrerer mot bom. Oktober 2018

Demonstrasjonar som denne i Sandnes hausten 2018 er ikkje å sjå tre år seinare.

Foto: Ole Andreas Bø

Fleire grunnar til nedgangen

– Det er ikkje eitt ord å høyre om bompengekamp no?

– Ja, det skuldast jo mange ting, sa Sigurd Sjursen til NRK litt tidlegare i haust.

Han starta ei av dei største Facebook-gruppene mot bompengar. I 2018 meldte han seg inn i Framstegspartiet og sit no i kommunestyret i Sandnes.

Sigurd Sjursen

Sigurd Sjursen var ein sentral aktør i bompengeopprøret i Rogaland. Biletet er frå ein aksjon hausten 2018.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han trur at folk vart mindre misnøgde då dei fekk lokalt gjennomslag for å fjerne rushtidsavgifta.

I tillegg kom pandemien eit halvår etter kommunevalet, og mange vart sitjande på heimekontor og heimeskule

– Engasjementet dalte, det var naturleg. Mange fann seg nok til rette og sa seg nøgde, sa Sjursen.

– Eg trur ikkje bompengeopprøret er daudt for evig og alltid. Om det vert gjort noko med takstane, so kjem engasjementet attende. Vi såg i 2018 kor sinte og frustrerte folk var – eg håpar vi ikkje kjem dit.

– Lufta er ute av ballongen

– Dei har ei veldig stor sak. Når den ikkje er aktuell, er det ikkje rart at partiet gjer det dårleg, seier Morten Myksvoll.

Som politisk kommentator i Bergens Tidende har han skrive mykje om bompengeopprøret.

Myksvoll meiner at FNB som representasjon for rørsla fekk stor oppslutning, men generelt lite gjennomslagskraft.

– Då trur eg lufta har gått ut av den ballongen.

På same måte som Sjursen og Myrhol ser han likevel ikkje bort ifrå at bompengemisnøya kan blusse opp att og gje grobotn for ny vekst.

– So vil eg ikkje utelukke at dei kan bli store att om saka vert viktig i neste valkamp, seier Myksvoll.

Morten Myksvoll 2017

Morten Myksvoll trur einskilde, men svært engasjerande, saker kan gje grobotn for politiske rørsler. Ein såg det med bompengar i Rogaland og Hordaland og Pasientfokus i Finnmark.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Blanda kjensler i Haugesund

På gata i Haugesund er det både positive og negative haldningar til eventuelle nye bomvegar.

– Eg trur at om ein skal få betre vegar, so må ein vere med å dekke utgiftene, seier Carl Petter Endresen.

Sjølv syklar han mykje og meiner bilane bør stå meir parkert.

– Kor blei det av bompengeopprøret, trur du?

– Det er som med røykelova – det gjekk over. Bompengane går over. Folk venner seg til det meste.

– Alt kostar pengar, og ein må vere med, seier Endresen.

Carl Petter Endresen

Carl Petter Endresen er ikkje negativt innstilt til nye bomvegar på Haugalandet, særleg ikkje med det han meiner er eit ypparleg kollektivtilbod.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

Flere nyheter fra Rogaland