Hopp til innhold

Nyttårsdrapet: Politiet får berre delvis medhald i fengsling

23-åringen var allereie sikta for drap eller medverknad til drapet på ein 28 år gamal mann i Haugesund nyttårsaftan. No er han også sikta og varetektsfengsla for vald mot ein annan person.

Krimteknikere på stedet 2. januar

Krimteknikarar på drapsstaden i Haugesund natt til 1. januar.

Foto: NRK-tipser

Klokka 01:28 natt til 1. januar fekk politiet melding om at ein mann var knivstukke utandørs i Presthaugvegen i Haugesund.

Mannen var 28 år gamle Kjetil André Østhus. Han døde på staden.

Kort tid etter vart to menn, ein brite på 20 år og ein nordmann på 23, sikta for drap eller medverknad til drap.

No er nordmannen også sikta for kroppsskade mot ein annan person, i tillegg til drapet på Østhus.

Ei veke i varetekt

Politiet bad om fire veker i varetekt for 23-åringen.

Det gav tingretten dei berre delvis medhald i.

– Retten finn ikkje at dei elektroniske spora som ligg føre gjer at sikta med rimeleg grunn kan mistenkast for å ha skada denne personen, skriv Sør-Rogaland tingrett.

Dei skriv at sikta likevel kan mistenkast for kroppskrenking av denne personen.

Mannen blir difor varetektsfengsla i ei veke på bakgrunn av dette og fare for at bevis vil bli øydelagt om tingretten slepp han laus.

Valdshending ei veke tidlegare

Denne valdshendinga skal ha skjedd ei veke i forkant av drapet. Denne valdshendinga er avdekka gjennom etterforskinga av drapssaka, seier politiadvokat Christine Kleppa i ei pressemelding.

Den sikta mannen skal ha vorte gjort kjend med den nye siktinga i helga.

Medan den britiske mannen framleis sit i varetekt for drapssaka, vert nordmannen sitjande i varetekt i to veker for valdshendinga.

Det er den nye siktinga som ligg til grunn for at politiet har bedt om vidare varetektsfengsling av 23-åringen.

Politiet meiner det var fare for at bevis skulle verte øydelagd eller at mannen skulle gjenta valden om han vart lauslaten.

Erkjenner ikkje straffskuld

– Han har ikkje noko medverknadsansvar i drapssaka, det er viktig for han å få sagt, seier 23-åringens forsvarar Ben Einar Grindhaug.

Han seier den sikta er tydeleg på at han ikkje erkjenner straffskuld for korkje valdshendinga eller drapet.

– Eg har bedt om at han vert lauslaten i dag og at ein vurderer at der ikkje er grunnlag for noko varetektsfengsling, seier forsvararen.

Ben Einar Grindhaug, advokat.

Ben Einar Grindhaug er forsvarar for den 23-årige nordmannen.

Foto: Olav Røli

Etterforsking av drapet går vidare

Mistanken mot sikta (23) i drapssaka er korkje svekka eller styrka i løpet av fengslingsperioden, seier Kleppa i pressemeldinga.

Etterforskinga av drapet på Kjetil André Østhus held fram.

Båe dei sikta mennene i drapssaka nektar straffskuld i drapssaka.

23-åringen er også tiltalt for ei annan valdssak frå sommaren 2021, då politiet meiner han slo eller sparka ei kvinne i hovudet.

Saka skal opp til behandling i tingretten i vinter.