Hopp til innhold

Kjetil André Østhus vart drepen nyttårsaftan

– Han var ein snill og empatisk gut, seier bistandsadvokaten. To menn er sikta i saka, og begge vart i dag varetektsfengsla i fire veker.

Kjetil Andre Østhus (28) fra Karmøy ble drept natt til 1. januar i Haugesund

28 år gamle Kjetil André Østhus vart knivdrepen då han skulle fyre opp fyrverkeri på nyttårsaftan.

Foto: privat

Identiteten til den avdøde og bilete er frigjeven av politiet med samtykke frå dei pårørande.

Østhus budde i Karmøy og var ein av tre brør i familien.

– Det er ein samansveisa familie og dei hjelper kvarandre so godt dei kan, seier bistandsadvokat til familien Benedicte Storhaug.

Skulle skyte opp fyrverkeri

Politiet har tidlegare fortalt at han var saman med vener og feira nyttår i ei leilegheit i nærleiken av åstaden.

Dei var ute for å skyte opp fyrverkeri då dei to sikta, som har tilknyting til ei anna leilegheit i nærleiken, kom i kontakt med fornærma og venene hans.

Det var i denne samanhengen at fornærma vart drepen.

Fleire har lagt ned lys og blomar på åstaden der 28-åringen vart drepen.

Lys og blomar til minne om Kjetil André Østhus.

Foto: NRK-tipser

Sikta varetektsfengslas

Ein 20 år gammal britisk statsborgar og ein 23 år gammal nordmann vart arrestert like over midnatt natt til 1. januar.

Begge er sikta for drap eller medverking til drap, og blir varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod. De får også forbod mot aviser og anna kringkasting.

Ifølge rettsavgjerda er det for å hindre at de to sikta skal forspille bevis, påverke vitne eller få opplysningar om saka gjennom media.

Helene Haugland

Helene Haugland, den britiske mannens forsvarsadvokat, meiner det ikkje er skjellig grunn til mistanke mot hennar klient. Det var retten ikkje einig i.

Foto: Josef Benoni Tveit / NRK

– Min klient vil anke rettsavgjerda om varetektsfengsling. Vi meiner det ikkje er skjellig grunn til mistanke, og at bevisa ikkje oppfyller vilkåra for dette. Han ynskjer å reise heim til Storbritannia, men kjem frivillig tilbake til Noreg dersom det skulle bli ei straffeforfølging, seier Helene Haugland, forsvarsadvokat for den britiske mannen.

Fant kniv i leilegheita

Politiadvokat Fredrik Martin Soma fortel at politiet har vore i leilegheita de to sikta oppheldt seg i på nyttårsaftan.

– Det vart funne ulike gjenstandar i leilegheita, blant anna av ein kniv og klede som vi vil undersøke om kan knytast til hendinga. Det er viktig for oss å finne kniven som vart brukt i drapet, seier Soma.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma

Politiadvokat Fredrik Martin Soma seier begge de to sikta vart arrestert på staden etter forklaringar frå vitne.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Politiet jobbar nå med vitneavhøyr og undersøkingar knytt til beslaga i leilegheita. Det har også blitt gjort digitale beslag i saka.

– Vi har god framdrift og får et stadig betre bilde knytt til hendingsgangen i saka. Det er for tidleg å konkludere enda, og vi er framleis interessert i å få tips frå publikum, seier Soma.

Jobba som kokk

Østhus arbeidde som kokk i fleire år.

Han konkurrerte i noregscupen for kokkelærlingar i 2015, og arbeidde seinare på restauranten Brygga 11 i Sandefjord, eigd av Bocuse d’Or-vinnar og noregsmeister Geir Skeie.

Den siste tida, grunna pandemien, arbeidde Østhus offshore og hadde flytta til heimfylket.

– Han var målbevisst, arbeidsam og eventyrlysten. Planane hans var å reisa meir og jobba i utlandet igjen for å utvikla seg, seier Storhaug.

Benedicte Storhaug

Bistandsadvokat Benedicte Storhaug representerer familien til Kjetil André Østhus.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– På feil stad til feil tid

– I jula hadde han fri for å vere saman med familie og vener og blant anna gå på denne nyttårsfesten, sa bistandsadvokaten tidlegare til NRK.

Familien til den avdøde seier drapet var heilt meiningslaust og at Østhus berre var på feil stad til feil tid.

– Han var ein snill og empatisk gut, seier Storhaug.