Hopp til innhold

Var ute for å skyte opp fyrverkeri då han vart drepen: – Heilt meiningslaust

To menn er sikta for drap eller medverknad til drap i Haugesund. Ingen av dei erkjenner straffskuld.

En person ble drept i Haugesund natt til 1. nyttårsdag.

Krimteknikarar arbeidde heile natt til 1. januar på åstaden i Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

– For dei etterlatne virkar dette som eit heilt umotivert og meiningslaust drap. Han var på feil stad til feil tid, seier familiens bistandsadvokat.

Natt til 1. januar vart ein 28 år gamal mann knivstukken og drepen i Haugesund.

To menn er sikta for drap eller medverknad til drap – ein britisk statsborgar på 20 år og ein 23 år gammal norsk statsborgar.

– Min klient erkjenner ikkje straffskuld, korkje for drap eller medverknad til drap. Han har gjeve eit langt og detaljert avhøyr i forhold til sine rørsler og si rolle den aktuelle dagen, seier 23-åringen sin forsvarar Ben Einar Grindhaug til NRK.

Den britiske mannen seier at han har han aldri hadde møtt den avdøde 28-åringen, ifølgje forsvarar Helene Haugland.

Fleire har lagt ned lys og blomar på åstaden der 28-åringen vart drepen.

Fleire har lagt ned lys og blomar på åstaden der 28-åringen vart drepen.

Foto: NRK-tipser

Var ute for å skyte opp fyrverkeri

Politiet har til no ikkje sagt noko om gangen i hendinga i Haugesund. Dei har sidan natt til laurdag avhøyrd vitne og gjort tekniske undersøkingar.

Fornærma var saman med vener og feira nyttår i ei leilegheit i nærleiken av åstaden. Dei var ute for å skyte opp fyrverkeri då dei to sikta, som har tilknyting til ei anna leilegheit i nærleiken, kom i kontakt med fornærma og venene hans. Det var i denne samanhengen at fornærma vart drepen, seier politiadvokat Fredrik Martin Soma i ei pressemelding.

Politiet arbeider framleis for å kartleggje nøyaktig kva som skjedde natt til 1. januar.

Politiadvokat Fredrik Martin Soma

Politiadvokat Fredrik Martin Soma.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Dei har det vanskeleg

Benedicte Storhaug er bistandsadvokat for dei etterlatne. Ho har møtt familien og seier dei tek det tungt.

– Han var ein snill og empatisk gut, seier Storhaug.

28-åringen arbeidde som kokk, den siste tida offshore grunna epidemien, men har tidlegare jobba på store restaurantar.

– I jula hadde han fri for å vere saman med familie og vener og blant anna gå på denne nyttårsfesten, seier bistandsadvokaten.

Ho seier dette er ei tung tid for familien.

– Dei har mista ein son og ein bror. Dei var tre brør, no er det to att. Det er ein samansveisa familie og dei hjelper kvarandre so godt dei kan, seier Storhaug.

Roser og lys på åstaden i Haugesund

Nokre har lagt att roser og lys på åstaden.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

– Familien ynskjer å få fram at han på ingen måte var knytt til noko belasta miljø, slik det har vore spekulert i på sosiale medium, seier advokaten.

Ho seier familien føler dei har blitt godt ivareteke av politiet og fått god informasjon.

Meiner bevis kan gå til spille

Både den 23-årige nordmannen og 20-årige briten vert måndag framstilt for varetekt av politiet.

Politiet meiner det er fare for at bevis kan bli øydelagde om dei sikta vert lauslatne no. Og dei meiner dei det er grunnlag for å begjære begge dei sikta varetektsfengsla trass i at dei begge stiller seg uforståande til siktinga.

– Me ynskjer ikkje å kommentera kva dei har fortalt i politiavhøyr, utover det at dei nektar straffeskuld, seier Politiadvokat Fredrik Martin Soma.

Krimteknikere på stedet 2. januar

Krimteknikere jobba fortsatt på staden 2. januar.

Foto: NRK-tipser

Var på besøk i Noreg

Helene Haugland er forsvarar for den britiske 20-årige mannen som er sikta.

Han var i avhøyr laurdag ettermiddag og er no i Åna fengsel medan ein ventar på eventuell varetektsfengsling måndag.

Briten var på besøk i Noreg hjå den andre sikta personen, opplyser Haugland.

– Kva har han forklart om relasjonen han hadde til avdøde?

– Han kjenner ikkje til avdøde i dei heile teke og seier han aldri har møtt han, seier Haugland.

– Korleis stiller han seg til siktinga?

– Han seier han ikkje har noko å gjere med denne saka i det heile teke. Han har gjeve ei utgreiing om heile dagen og alle rørslene sine fram til han vart arrestert, men har ikkje plassert seg ved drapshendinga, seier forsvararen.

Haugland seier at den sikta mannen ikkje har sagt noko om å vere på fest med den avdøde nyttårsaftan, og understrekar at han seier han ikkje kjenner den døde 28-åringen.

Helene Haugland

Haugland er forsvarar for den britiske mannen som er sikta i saka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Den andre sikta nektar også straffskuld

Den andre sikta i saka, ein norsk statsborgar på 23, vart avhøyrd sundag ettermiddag.

Forsvarar Ben Einar Grindhaug seier at 23-åringen var på staden der 28-åringen mista livet, men at han ikkje hadde noko ansvar for hendinga.

Han ynskjer ikkje gå inn på kva det var som faktisk skjedde eller kva rolle briten som var på besøk hjå den sikta nordmannen hadde i situasjonen.

– Kva tenkjer han om det som har skjedd?

– Det er tragisk. Han tykkjer det er tungt å vere skulda for drap og det er tragisk at det er eit menneske som har døydd, seier Grindhaug.

En person ble drept i Haugesund natt til 1. nyttårsdag.

Politiet sperra av eit større område natt til laurdag. Området skal vere svært roleg, ifølgje dei som bur der.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Ynskjer tips i saka

Den avdøde 28-åringen vart obdusert laurdag.

Vi kan ikkje gå ut med opplysningar om obduksjonen på dette tidspunktet, skriv Soma i ei pressemelding.

Politiet har oppretta eit eige tipsmottak i saka på telefon 02800.

– Vi er spesielt interessert i å kome i kontakt med personar som har reagert på noko i Presthaugvegen fredag kveld eller natt til laurdag fram til politiet kom til staden cirka klokka 01.30 seier Soma.

Politihuset i Stavanger.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK