Hopp til innhold

Nå kjem Rogaland Mållag på banen

Rogaland Mållag har ikkje hastverk. Først nå, to veker etter at intensjonsavtalen om ein ny vestlandsregion blei underteikna, kjem fylkesmållaget på banen med si støtte til nynorsken.

signering av intensjonsavtalen

Intensjonsavtalen om vestlandsregionen blei underteikna den 15. september, men språkspørsmålet var ikkje løyst.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Det var forhandlarane frå nettopp Rogaland som sa nei til nynorsk som administrasjonsspråk i den nye vestlandsregionen. Det førte til kraftige reaksjonar frå mållaga både i Sogn og Fjordane og i Hordaland, den dagen avtalen var klar.

– Vi i Hordaland Mållag er steik forbanna. Administrasjonsspråket er sjølvsagt nynorsk både i Hordaland og i Sogn og Fjordane, og burde ha vore det i Rogaland også. Dette skal me slåst imot, sa Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag.

Nå kjem Rogaland Mållag

To veker har gått, og nå kjem Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag på banen.

Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag

Magne Viggo Høyland, leiar i Rogaland Mållag.

Foto: Privat

– Ja det kan godt vera at det er i seinaste laget. Men det er ennå ei stund til det skal gjerast vedtak i fylkestinget. Me har ennå ein månad å jobba på, seier han.

– Kvifor har det gått så lang tid, då? Er det me som ikkje stiller spørsmål, eller kva er det?

– Ja det kan det også vera. Me skulle kanskje vore litt ... Men nå skal me vera med og gjera eit vedtak, som kanskje kan retta dette opp, seier Høyland.

I Rogaland snakkar dei fleste bokmål

Det var i innspurten av forhandlingane at delegasjonen frå Rogaland sa nei til at nynorsk skulle vera hovudspråk i ein eventuell ny vestlandsregion.

Fylkesvaraordførar Marianne Chesak frå Rogaland, sa det slik:

– Vår felles identitet ligg ikkje i nynorsken, for me brukar bokmål. Dei fleste i Rogaland har sin identitet i bokmål.

Bokmålsforbundet støttar Rogaland

Steinar Øksengård er formann i Bokmålsforbundet. Han har sendt statistikk til alle dei tre fylkestinga på Vestlandet som er med i den nye regionen. Der peikar han på at stadig færre brukar nynorsk både i grunnskule og i vidaregåande.

Steinar Øksengård, formann i Bokmålsforbundet

Steinar Øksengård, formann i Bokmålsforbundet.

Foto: Privat

– Det er eit stort bokmålsfleirtal også i den nye vestlandsregionen, og då ville det ha vore svært udemokratisk dersom det blir nynorsk i området, seier han.

Legg strategi i dag

Klokka 17.00, torsdag 29. september, skal Rogaland Mållag ha markering på Arneageren i Stavanger sentrum. Etterpå skal dei ha møte på Thon Maritim hotell.

Då kjem også leiaren for Noregs Mållag på besøk og det møtet skal munne ut i ein uttale til støtte for at nynorsk skal vera hovudspråk i den nye vestlandsregionen, lovar leiar i Rogaland Mållag, Magne Viggo Høyland.

– Me må sørga for at det blir ein nynorskregion. Det er vår jobb framover i saman med Noregs Mållag, seier han.

Høyland slår også fast at nynorsk er like naturleg for dialekten i Rogaland som lengre nordover på Vestlandet.

– Tore Renberg sa det nokså greitt då han sa at dialekten i Stavanger ikkje er så langt frå nynorsken, men at dei som bur i byen ikkje vil innrømma det.