Hopp til innhold

Snakka for varmt om Hordaland for Rogaland Ap – trekk seg frå leiarkampen

Haugesundsordførar Arne-Christian Mohn går ikkje for attval som leiar i Rogaland Arbeidarparti. Då han snakka for Vestlandsregionen til Fylkestinget før jul i fjor, blei ein ny kandidat lansert.

Arne-Christian Mohn talar til Fylkestinget om at Haugesund og Haugalandet ut av Rogaland.

Arne-Christian Mohn talar til Fylkestinget om at Haugesund og Haugalandet ut av Rogaland.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– Eit klart fleirtal av Haugesund bystyre sine medlemmar har sagt at dersom det ikkje blir ein vestlandsregion, så må me ta saka opp på nytt og vurdere om me ikkje skal gå inn i Hordaland, eller eit samanslått Hordaland/Sogn og Fjordane.

Arne-Christian Mohn på Fylkestinget sin talarstol 13. desember 2017

Arne-Christian Mohn på Fylkestinget sin talarstol 13. desember 2016.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

Dette sa Ap-ordførar i Haugesund, Arne-Christian Mohn, i velkomsttalen til Fylkestinget sine representantar, då dei hadde årets siste møte i desember i fjor. Og han følgde opp med å utdjupe det han hadde sagt:

– Me risikerer at deler av Rogaland blir ståande igjen på perrongen, når vestlandstoget går. ......for Haugaland og Sunnhordland vil aldri godta at det blir bygd nye grenser som deler vår region, sa Mohn.

Ny kandidat er klar

Mange partimedlem opplevde det Mohn sa som ein trussel frå Haugesund om å melde overgang frå Rogaland til Hordaland.

Stemte mot vestlandsregionen.

Eit klart fleirtal i fylkestinget i Rogaland gjekk mot å gå inn i ein vestlandsregion på møtet i Haugesund i desember i 2016.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det førte til at partilaga i Stavanger, Sandnes, Sola og Gjesdal, for å nemne nokre, gjekk saman om å finne ein konkurrerande kandidat til vervet som fylkesleiar i Rogaland Ap.

Den kandidaten er Stanley Wirak, ordførar i Sandnes.

Stanley Wirak

Stanley Wirak er lansert som ny leiarkandidat for Rogaland Ap.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Verken han eller nominasjonskomitéen sin leiar, Torfinn Opheim, vil uttale seg om dette, men Mohn er klar på at han ikkje vil ta opp kampen.

– Nå når nominasjonskomitéen har alternativ, så har eg gitt beskjed om at eg stiller plassen min til disposisjon, seier Arne-Christian Mohn.

Skjebnetalen

Mohn seier at han uansett hadde trekt seg fordi to år som både fylkesleiar og ordførar i Haugesund, førte med seg for mykje arbeid.

Men at talen hans til Fylkestinget, og seinare nye utspel i media om å flytta Haugesund og deler av Haugaland over til Hordaland, skulle vera eit problem for fylkesleiarkarrieren hans, er han usamd i.

– Eg hadde avtalt med fylkestingsgruppa at eg skulle gjera mitt beste for å få fleirtalet til å snu, seier han.

I tillegg seier Mohn at han sto på trygg grunn, med partiprogrammet i ryggen, då han heldt talen.

– Det er partiet vårt sin politikk eg har framført, så det må stå for kritikarane si rekning, det som dei hevdar, seier Mohn.

Arne Christian Mohn (Ap)

Ordførar Arne-Christian Mohn er ofte å sjå i Haraldsgata i Haugesund.

Foto: Rogaland Arbeiderparti

Blir skifta ut i Haugesund

Fylkespartiet til Rogaland Ap har årsmøte nettopp i Haugesund den 11. og 12. mars i år. Etter to år i leiarposisjonen i partiet, er det då slutt for Arne-Christian Mohn.

– Eg har ikkje fått direkte signal om at eg ikkje får fornya tillit, men eg har forstått gjennom Facebook og media elles, at det er forskjellige meiningar spesielt om eit stort vestlandsfylke, seier Mohn.