Hordaland fylkesting vedtok rett før klokka 13 eit fellesforslag frå Ap, KrF, FrP, V, MDG og Sp om Vestlandsregionen.
Det inneber at forhandlingsutvalet for regionreforma får fullmakt til å̊ starte opp ny dialog og gjennomføre nye forhandlingar om ein intensjonsavtale for samanslåing av fylkeskommunane Sogn og Fjordane og Hordaland.
Fylkestinget i Hordaland er positiv til at einskilde kommunar i Nord- Rogaland som ønskjer å bli ein del av den nye Vestlandsregionen søkjer om det.
Hordaland fylkeskommune vil bli historie om Vestlandsregionen blir ein realitet – kanskje allereie frå 2020.
Fylkesordførar Anne Gine Hestetun er svært nøgd med vedtaket.
– Dette var kjempebra, og det beste som kunne skje etter at Rogaland sa nei i går.
Det har vore mange skjær i sjøen for Vestlandsregionen så langt, seinast då politikarane på fylkestinget i Rogaland tysdag stemte nei til å bli med i felles region.
– Dagen derpå
– Me må ikkje la oss paralysere av Rogalands nei. Hordaland må ta si eiga uavhengige avgjerd, sa Geir Kjell Andersland (V) i dag.
UPARALYSERT: Geir Kjell Andersland (V) talte for å opne opp for å ta med Haugalandet i ein ny Vestlandsregion, etter at Rogaland sa nei til fylkessamanslåing.
Foto: Leif Rune Løland/NRK– Dette kjennest som dagen derpå, sa Svein Halleraker (H).
– Rogaland var seg sjølv nok
Alle parti bortsett frå SV og Raudt uttrykte i fylkestinget at dei er skuffa, men ikkje overraska, over vedtaket i Rogaland.
– Me må tole motgang og motførestellingar i ei så stor sak, sa Roald Kvamme (Ap).
Mona Røsvik Strømme (H) sa Høgre framleis vil gå for at alle tre fylke slår seg saman, men alternativt vil «svikte» Sogn og Fjordane og forhandle vidare med Rogaland.
PÅ LEIT: Svein Halleraker (H) kjende det som dagen derpå etter at Rogaland fylkesting avviste samanslåing i går. Høgre ønska då å sjå sørover for å slå seg saman med Rogaland i staden for Sogn og Fjordane, men forslaget fall.
Foto: Leif Rune Løland/NRK- Les også:
Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) sa det slik: – Når ein såg at Rogaland var seg sjølv nok, må Hordaland seie noko om kva som er alternativ B.
– La ikkje Rogaland torpedere dette
Tom Sverre Tomren (MDG) ville invitere med delar av Rogaland og Møre og Romsdal.
– Me bør ikkje stenge døra for nokon.
Også Venstre meinte at Hordaland burde ta initiativ for å invitere Nord-Rogaland med.
– Regionreforma er alt for viktig til å bli torpedert av Rogaland. Status quo ikkje eit alternativ. Og Hordaland ikkje kan ofre Sogn og Fjordane no, sa Andersland.
– Reforma er ein vits
Einar Horvei (SV) sa at Rogaland sitt vedtak ikkje endrar partiets standpunkt om å seie nei til heile regionen.
- Les også:
Terje Kolbotn (Raudt) har vore den tydelegaste stemma i fylkestinget mot å slå dei tre fylka saman utan å vita kva reforma vil innebere av nye oppgåver.
SA NEI: Terje Kollbotn (Raudt) stemte saman med SV førebels mot fylkessamanslåing.
Foto: Leif Rune Løland/NRK– Slik regionreforma står fram, er den nærast ein vits, sa Kollbotn, som meinte det burde vore gjennomført ei rådgjevande folkerøysting om spørsmålet.