Hopp til innhold

Truga Rogaland med millionkutt – no har regjeringa fått det som dei vil

Nok ein gong blir fleire av ferjene i Rogaland gratis. Det skjer etter at regjeringa ville trekke 9,2 millionar i statleg tilskot.

Ferja Vollsøy på vei fra Mekjarvik i Randaberg til øykommunen Kvitsøy i Rogaland.

Ferja frå Mekjarvik til Kvitsøy er ei av ferjene som no blir gratis, igjen.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

I forslaget til revidert nasjonalbudsjett, som kom i dag, vil regjeringa trekke Rogaland fylkeskommune for 9,2 millionar til gratis ferje.

Men no har fylkeskommunen skifta retning i siste liten.

I dag hadde Fylkesutvalet i Rogaland møte der dei har vedtatt at ferjene blir gratis igjen frå 1. juni.

– Når regjeringa nå foreslår å overstyre Rogaland og ta 9,2 millionar kroner frå oss og gi pengane til andre fylke, må vi ta grep, seier fylkesordførar Ole Ueland (H) i ei pressemelding.

– Stor lette

Lokalbefolkninga, som har kjempa for å få tilbake gratis ferje jublar.

Feiring av at det blir gratis ferjer igjen i Rogaland. Fra venstre: Tor Bernhard Harestad, Jon Olav Runestad, Ole Olsen, Arild Tveteraas, Birger Hetland, Kjell Andre Nordbø, Sissel Marie Bjerga, Daniel Nedrebø Gjertsen

Feiring av at det blir gratis ferjer igjen i Rogaland. Frå venstre: Tor Bernhard Harestad, Jon Olav Runestad, Ole Olsen, Arild Tveteraas, Birger Hetland, Kjell Andre Nordbø, Sissel Marie Bjerga, Daniel Nedrebø Gjertsen

Foto: Ole Olsen

Tidlegare Kvitsøy-ordførar Ole Olsen er aktiv i aksjonsgruppa som kjempa for gratis ferje. I kampen enda han med å melde seg ut av partiet KrF.

– No føler eg ei stor lette, regjeringa har heldt det dei lova og vi er veldig glade. Vi har jobba i eit halvt år for dette og det er kjekt å sjå at det gir resultat. Dette har mykje å seie for dei som har brukt denne ordninga, seier Ole Olsen.

Ole Olsen har utsikt frå fabrikkområdet til der Kvitsøyferja legg til

Tidlegare Kvitsøy-ordførar Ole Olsen er aktiv i aksjonsgruppa som kjempa for gratis ferje i Rogaland.

Foto: Ingvald Nordmark

Glad for at fylkeskommunen snudde

Kommunalministeren oppfordra Rogaland fylkeskommune til å lytte til næringslivet.

Det er han no glad for at dei har gjort.

– Eg er glad for at Rogaland fylkeskommune endeleg lyttar til folk og næringsliv i sitt eige fylke og avviklar betaling på desse ferjestrekningane. Det tok si tid, men det viktigaste er at folk endeleg får gratis ferje igjen, seier Erling Sande (Sp).

Erling Sande på Finnøy

Erling Sande var på Finnøy førre veke for å snakke med lokalbefolkninga.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– For Senterpartiet og Ap har målet heile vegen vore å sikre gratis ferjer for folk og næringsliv også i Rogaland. Det får vi til no, så skal vi gjere vårt for at dette no ordnar seg, så rogalendingane igjen kan nyte godt av regjeringa si ferjesatsing, seier Sande.

Varsla kutt

Førre veke fortalde kommunalministeren om kuttet og gav klar beskjed om at regjeringa kunne komme til å trekke millionar frå Rogaland, om fylkeskommunen ikkje gjorde eit nytt vedtak.

– Dei kan ikkje både få statleg middel for å tilby gratis ferje og samtidig ta inn billettar, sa kommunal og distriktsministeren førre veke, då han var på besøk i Rogaland.

Kutta gratis ferjer

Fleirtalet i Rogaland fylkeskommunen vedtok 20. februar 2024 å gjennomføre betaling for bil på fem ferjesamband, som tidlegare var gratis.

Ferjene blei gratis for bilar i fjor haust, men det nye fleirtalet med Høgre, Frp, Venstre og KrF innførte betaling igjen frå 15. april.

Fleirtalet grunngav dette med at regjeringa har kutta i overføringane til Rogaland fylkeskommune på 119 millionar.

For at fylket skal ha råd til hurtigbåtane, må bilistane derfor betale for ferja, meiner fleirtalet.

– Betalinga for køyretøy vart innført att for å oppretthalde ferje- og hurtigbåttilbodet i fylket vårt, seier fylkesordføraren.

Ole Ueland (H) i Fylkestinget i Rogaland fylkeskommune den 12. desember

Fylkesordførar i Rogaland, Ole Ueland (H)

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK ROGALAND

Fekk sterke reaksjonar

Sidan 2023 har regjeringa lagt til rette for at ein kan reise gratis med ferje.

I Rogaland gjeld dette ferjene Mekjarvik–Kvitsøy, Stavanger–Vassøy, Haugesund–Utsira, Finnøyferjen og Ryfylkeferjen.

Rogaland fylkeskommune har allereie kutta 15 millionar kroner i budsjettet, som skulle gå til gratis ferje.

Og fylkeskommunen har i denne saka fått sterke reaksjonar frå lokalbefolkninga.

– Det er staten som har bestemt at vi skal ha gratis ferje. Så kjem våre egne frå fylkeskommunen og dolkar oss i ryggen, seier Daniel Nedrebø.

Daniel Nedrebø i Helgøysund

Tidlegare eigar av Helgøysund marina, Daniel Nedrebø, kjente seg dolka i ryggen av tiltaket frå fylkeskommunen. Bildet er tatt i ein annan anledning.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Flere nyheter fra Rogaland

Erlend, Henrik og Lars gambler på nett

– Unge spiller mer kasinospill enn noen gang