Hopp til innhold

Skal hjelpe deg med å avsløre falske nyheiter

Det er ikkje alltid lett å skilje falske nyheiter frå dei ekte. Men nå har it-gründarar i Stavanger utvikla eit program for å hjelpe med å avsløre «fake news».

Eksempel på falsk nyheit som Factiverse sjekker.

Eit eksempel på ein artikkel som har versert på internett om at skodelspelar Leonardo DiCaprio gav 10 millionar til Ukraina. Men det viser seg at over 40 kjelder avkreftar påstanden.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Dei siste vekene har du kanskje sett informasjon frå krigen i Ukraina på sosiale medium før du har sett det på nyheitsplattformer.

Men det kan vere vanskeleg å vite om alt stemmer. For sosiale medium, som mellom anna TikTok, fløymer over av propaganda.

Og det er lett å bli lurt. Både for publikum, men også for journalistar som jobbar med temaet.

Vanskeleg ute på oppdrag

– Det er ikkje alltid like lett å gjere ein så god jobb som ein ønskjer, seier Arild Inge Olsson.

Journalist i Stavanger Aftenblad, Arild Inge Olsson, har skrevet artikler fra Ukraina.

Journalist i Stavanger Aftenblad, Arild Inge Olsson, har skrive fleire artiklar frå reportasjereise til krigen i Ukraina. Falske nyheiter er ei utfordring i jobben.

Foto: Odin Omland / NRK

Han er journalist i Stavanger Aftenblad, og ein av journalistane som vart sendt til Ukraina då krigen braut ut. Han synest det er vanskeleg å vite kva slags informasjon han bør stole på.

– Det er alltid veldig vanskeleg når ein er på sånne oppdrag, for du er jo utsett for propaganda frå alle moglege kantar, seier Olsson.

Motivert av Trump

Men nå kan hjelpa kome både til Olsson og deg der heime. Eit nytt digitalt verktøy frå oppstartsbedrifta og teknologiselskapet Factiverse er på veg. Det er det ein gjeng gründarar i Stavanger som står bak, og i spissen av prosjektet står Maria Amelie.

Maria Amelie er ute fra varetekt

Maria Amelie var i medias søkelys i 2011, då ho som papirlaus flyktning frå Russland vart arrestert og sendt tilbake til Russland. Saka førte til at utlendingsloven vart endra.

Foto: Nyhetsspiller

– Me måtte hive oss rundt fordi me såg det er utruleg mykje informasjon der ute. Då laga me ein prototype som viser dei aller siste faktasjekkane som gjeld Ukraina, seier Amelie som er medgründer.

Sjølve hjernen bak dataverktøyet er Vinay Setty. Han seier det heile starta som eit forskingsprosjekt på Universitetet i Stavanger.

– Me blei motivert då Trump blei populær i USA, for då begynte «fake news» å bli eit problem, seier han.

Ingen sanningsmaskin

Førsteamanuensis Vinnay Setty fra Universitetet i Stavanger er teknologiansvarlig i Factiverse.

Vinay Setty er førsteamanuensis ved Universitetet i Stavanger (UiS) og ekspert på maskinlæring. Nå har han permisjon for å jobbe med dataverktøyet han har utvikla for Factiverse.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Setty forklarer at det dei gjer er å kombinere kunstig intelligens med manuell faktasjekking, slik at datateknologi og menneskeleg kunnskap saman skaper eit verktøy mot falske nyheiter.

Søkemotoren får kvar time faktasjekkar frå sertifiserte aktørar, slik at brukaren raskt kan få bekrefta kor mange av dei som støttar at ei nyheit er sann.

Les også Det florerer av falske videoar på sosiale medium – Slik verifiserer du innhald sjølv

Men Setty påpeiker at dette ikkje er nokon sanningsmaskin, men heller ein måte å få verifisert frå truverdige kjelder om ei nyheit kan vere tvilsam eller ikkje.

– Det er vanskeleg å spesifisere kva som er sant og usant, fordi det er subjektivt, seier Setty.

Håper det er til nytte

Eit eksempel som Amelie viser til er ein artikkel som gjekk rundt om at skodespelar Leonardo DiCaprio gav Ukraina 10 millionar dollar. Men ifølgje Factiverse sitt søk er det 42 kjelder som strider mot dette, og berre to som støttar.

– Så då fann me ut at det var mange som avkrefta denne historia.

Journalist Olsson håper det nye verktøyet kan kome til nytte.

– Eg seier ja takk til alt som kan hjelpe oss. Men så er eg bitte litt skeptisk til det òg, for som alle andre ting må dette også bli verifisert.

På kontoret til Factiverse hos Ipark i Stavanger. Maria Amelie er daglig leder, og forsker Vinnay Setty er teknologisjef.

Medgründer/teknologiansvarleg Vinay Setty og dagleg leiar Maria Amelie på kontoret i Stavanger. Factiverse har til saman ni tilsette i Oslo og Stavanger.

Foto: Arild Eskeland / NRK