Hopp til innhold

Det florerer av falske videoar på sosiale medium – Slik verifiserer du innhald sjølv

I sosiale medium kan det vere krevjande å skilje falske videoar frå ekte.

Fra videospillet Arma 3. Et jagerfly flyr i skumringen. Rundt er flere røde prikker som ligner skudd.

UTKLIPP FRÅ SPEL: Videoar frå krigsspel sirkulerer sosiale medium med ein deletekst som koplar dei til krigen i Ukraina.

Foto: Skjermdump frå Youtube.

Krigen i Ukraina fyller feeden i sosiale medium med mykje informasjon og mange bilete og videoar. Blant anna TikTok flaumar over av russisk krigspropaganda.

Sjefredaktør i Faktisk.no, Kristoffer Egeberg, fortel at det er klassisk med mykje feilinformasjon ved hendingar som krig og naturkatastrofar.

– Det er mykje tull og tøys der ute no som gir seg ut for å vere frå Ukraina.

Kristoffer Egeberg

TA ALT MED EI KLYPE SALT: Kristoffer Egeberg er sjefredaktør i Faktisk.no. Han seier at TikTok er styrt av algoritmar og at det kan vere vanskeleg å dobbelsjekke det ein ser der.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Egeberg meiner motiva kan vere alt frå politiske i form av propaganda til økonomiske, men også:

– Ein stor del er nok folk som prøver å lure andre for få likarklikk og merksemd, fortel han.

NRK forklarer

Kva betyr verifisering?

Kva betyr verifisering?

Fleire videoar og bilete blir delt på sosiale medium i samband med krigen i Ukraina.

Alt av informasjon bør verifiserast før det blir delt vidare. 

Kva betyr verifisering?

Kva er verifisering?

Verifisering betyr å ettergå innhald som til dømes videoar og bilete. Dette for å finne ut om det er ekte og i riktig kontekst. 

Kva betyr verifisering?

Kven kan verifisere?

Som brukarar av sosiale medium kan ein forsøke å verifisere innhald sjølv. I tillegg finstt det også profesjonelle faktasjekkarar. I Noreg har vi organiasjonen Faktisk.no som hjelper til med å faktasjekke samfunnsdebatten og det offentlege ordskiftet. 

Kva betyr verifisering?

Korleis kan ein verifisere innhald?

Det er fleire måtar å verifisere innhald på. Ein måte er å sjekke anerkjente mediehus om dei har publisert noko om saka. Ulike søkemotorar kan også hjelpe til med å finne ut meir om avsendar. På bilete kan landemerker, skilt og bygningar fortelje noko om staden. 

Faktasjekk: Hva er sant og hva er usant om krigen i Ukraina?

Video av luftangrep viste seg å vere frå eit videospel

Nyheitsbyrået Reuters skriv om ein video som sirkulerte i sosiale medium som viste eit påstått luftangrep på Ukraina.

Faktasjekkarane i Reuters slår fast at videoen ikkje er av eit slik angrep, men frå eit videospel med namn Arma 3.

Skjermdumpen under viser ein video med ein tekst som hevdar at det er bilete av noko som skjer i den røynlege verda. Det er det ikkje. Bileta er frå eit videospel.

Skjermdump av en video fra et videospill. Den sirkulerer i sosiale medier som "Breaking News" og kobles til Ukraina-krigen.

«BREAKING NEWS»: Videoar frå spel blir delt på sosiale medium som «breaking news».

Foto: Skjermdump

Sjefredaktøren i Faktisk.no fortel at dei har sett mykje til bilete og video frå videospel som er nytta i feil samanheng dei siste åra.

– Ein del krigsspel har blitt så overtydande i grafikken at det nesten har gått sport i å ta bilete for å lure folk til å tru at det er ekte.

Dette såg ein også under krigen i Irak og Afghanistan, og bombinga i Libya.

Les kva ekspertane svarer lesarane om krigen i Ukraina

Gråtande kvinne publisert tre veker før krigen

Eit anna døme på ein video som har gått viralt er av ei gråtande kvinne og eit barn. Videoen har 4 millionar visningar. Han er publisert i starten av februar, men no er kommentarfeltet fylt av støtteerklæringar til Ukraina.

Russland gjekk inn i Ukraina fyrst tre veker etter at denne videoen blei publisert.

Skjermbilde av en TikTok-video med en gråtende kvinne. Tallet i høyre hjørnet viser at videoen har 4 millioner visninger.

FEIL TID: Videoen frå TikTok viser ei kvinne som græt. Sjølv om han blei publisert 3. februar trur fleire i kommentarfeltet at han handlar om Russlands invasjon av Ukraina.

Foto: Skjermdump frå TikTok.

Media Matters for America omtalte videoen fyrst.

Falsk framside

Den påståtte framsida av magasinet TIME som samanliknar Russlands president med Adolf Hitler har også sirkulert på internett.

Magasinet har uttalt at dette ikkje er ei framside publisert av dei, men laga av ein grafisk designar.

IKKE EKTE. Forsiden på magisnet Time er ikke fra et faktisk nummer. Bildet viser Russlands president Putin sitt ansikt. På midten er det en rift som viser Adolf Hitlers bart. Forsiden er laget av en grafisk designer og har aldri blitt publisert av magasinet.

IKKJE EI EKTE FRAMSIDE: Bilete er laga av Patrick Mulder. Namnet står nedst til høgre. Det er ikkje ei ekte framside for magasinet TIME.

Faktisk.no har fleire døme på bilete som er brukt feil i samband med Ukraina-krigen.

Filma gata i Storbritannia og la på flyalarm

NBC News skriv om ein TikTok-brukar som sende direkte frå eit vindauge med kamera mot gata utanfor. Den påståtte staden var i Ukraina, og ein kunne høyre flyalarmar. Ved hjelp av å sjå på tidlegare innlegg frå den same brukaren kunne ein sjå gata frå ein anna vinkel. Da viste bileta britiske bilskilt.

Ved hjelp av falsk lyd og ein spesiell vinkling kunne ein altså gi inntrykk av at ein var i Ukraina, sjølv om ein sat trygt i Storbritannia.

Les også Russisk TV viste bilder fra Kyiv: – Her er det ingen bombing

"Akkurat nå i Kiev, Ukraina"

– Ver på vakt

Egeberg i Faktisk.no ber sosiale medium-brukarar vere ekstra på vakt når ein ser innhald med mykje kjensler, og oppfordrar deg til å stille deg sjølv følgande spørsmål om du ser ein interessant video:

  • Sjekk avsendaren: Kva anna har profilen publisert tidlegare? Bruk Google for å søke på namnet og høyr med ein ven.
  • Stemmer lyden med videoen? Er lyden lagt på for å gjere det heile meir dramatisk?
  • Er det nokon andre som har omtala videoen? Ser du ein oppsiktsvekkande video, men ikkje finn han igjen noko anna stad, og det er ingen anerkjente medium som viser til han? Da er det all grunn til å vere skeptisk.
  • For dei som ønskjer å undersøke endå meir, finst det ulike verktøy. InVID og Bellingcat er døme på dette.

AKTUELT NÅ