I alt må Alex Jones betale 49,3 millionar dollar i erstatning og oppreising til foreldra til guten. Det svarar til 482 millionar norske kroner.
Det er ein jury i Austin i den amerikanske delstaten Texas som gav foreldra til 6 år gamle Jesse Lewis medhald i deira krav etter ein to veker lang rettssak, melder Reuters.
Jones har hevda at drapa på barneskulen Sandy Hook i Newtown i Connecticut 14. desember 2012, var iscenesett av styresmaktene og våpenmotstandarar. Påstandane har han gjenteke i årevis i radioprogramma sine, på nettsida InfoWars og i folkemøte.
INNRØMTE LØGN: Alex Jones har spreidd ei rekkje konspirasjonsteoriar i programma sine.
Foto: Matt York / APSkuleskytinga i Sandy Hook sjokkerte ei heil verd og er blant dei dødelegaste i amerikansk historie.
20 førsteklassingar vart skotne i klasseromma sine saman med seks tilsette på skulen. Drapsmannen Adam Lanza (20) drap og mora si før han tok sitt eige liv.
DREPEN PÅ SKULEN: Seks år gamle Jessie Lewis var blant 20 førsteklassingar som vart skotne på skulen i Sandy Hook.
Foto: Briana Sanchez / APForeldra fekk dødstruslar
Foreldra til Jesse Lewis, Scarlett Lewis og Neil Heslin, fortalde under rettssaka at dei i årevis har vore trakasserte og fått dødstruslar av tilhengjarar av Alex Jones som har trudd på påstandane hans.
Dei fortalde om overfall og at det har vorte skote mot heimen og bilen deira.
VANN FRAM: Scarlett Lewis og Neil Heslin fortalde at dei i årevis har blitt trakasserte av Alex Jones sine tilhengjarar.
Foto: POOL / ReutersInnrømde løgn
Under rettssaka kom det fram at Jones visste at massakren verkeleg hadde skjedd. Han kom med innrømminga for første gong då ei rekkje e-postar vart lagde fram som bevis i retten. Han sa då at han no meiner det var uansvarleg av han å spreie løgna.
No må Jones ut med 4,1 millionar dollar i oppreisning til foreldra for den belastninga han har påført dei. I tillegg må han ut med 45,2 millionar dollar i skadeerstatning. Dei hadde kravd inntil 75 millionar dollar av Jones som dei meiner har profittert stort på å ha halde liv i konspirasjonsteorien.