– Me tek feitt frå andre stadar på kroppen, der ein har overskot av det, og så fyller me det inn i rumpa, seier overlege ved Stavanger Plastikkirurgi, Christian Tiller.
Han er blant dei som utfører inngrepet, som skal gi folk større rumpe. Om det har noko med Kim Kardashian å gjera er uvisst, men stor rumpe er det i alle fall mange som vil ha.
Overlege Christian Tiller har sett ei veldig auke i talet på personar
Foto: Ine Eftestøl / NRK- Les òg:
- Les òg:
Fleire førespurnader kvar veke
– Me har drive med dette i to år og har opplevd ein enorm vekst, no er det fleire kvar veke som spør etter inngrepet, seier Tiller.
Og det er ikkje berre i Stavanger, at folk tyr til kirurgi for å få større rumpe. I ei rundspørjing NRK har gjort blant dei private klinikkane her i landet, kjem det fram at det er fleire som let seg operera no enn før.
Overlege Tiller meiner at inngrepet er relativt trygt, men det er det ikkje alle som er samde i.
- Les òg:
- Les òg:
- Les òg:
Huda på rumpa kan bli svart og døyr
Medan enkelte kirurgar hevdar det er harmlaust, er det andre som nektar å utføra inngrepet på grunn av faren for alvorlege komplikasjonar. Aleris, som er den største plastisk kirurgi-kjeda i Norge, utfører til dømes ikkje inngrepet på grunn av fare for komplikasjonar.
– Eg trur ikkje at pasientane heilt forstår risikoen, seier Pål Krøger.
Han er avdelingsleiar ved plastikk- og handkirurgisk avdeling på Stavanger universitetssjukehus.
Det er dei offentlege sjukehusa som må ta hand om dei som får alvorlege komplikasjonar etter kosmetiske operasjonar på private klinikkar. Og Krøger er blant dei som har sett kor gale det kan gå.
Pål Krøger ved Stavanger universitetssjukehus er uroa over trenden.
Foto: Ine Eftestøl / NRK– Det kan vera ganske store og dramatiske komplikasjonar. Ein kan få alvorlege infeksjonar. Ein kan få store pusslommer der det er sett inn feitt. Og me har også sett såkalla hudnekroser, det vil seia at huda på rumpa blir svart og døyr.
Han fortel at sjølv om desse tinga kan ordnast opp i, så vil det kosmetiske resultatet bli mykje dårlegare enn det ein hadde i utgangspunktet.
Veit ikkje kor mange som let seg operera
I tillegg kan det også gå utover meir enn det kosmetiske når ein operera ein så stor muskel, som det rumpa er.
– Ein ting er om ein brystoperasjon blir mislukka. Du kan likevel leva med det. Men tenk deg det å leva eit liv, utan å kunne sitje på rumpa, det går ikkje, seier Krøger.
Tiller på si side, meiner der er trygt.
– Så lenge kirurgen held seg til moderate mål, og overføre moderate mengder med feitt, så opplever eg det som veldig trygt, seier Tiller.
Det blir ikkje ført offentleg statistikk over inngrep, og kor mange som let seg operera veit korkje helsemyndigheiter eller Tiller sjølv. Men ein ting er han sikker på.
– Det er nok ein trend som har kome for å bli.