NRK Meny
Normal

– Feriepengar gjer sommaren til høgtid for å ta plastisk kirurgi

«Lotte» (23) frå Stavanger har dette året brukt sommarferien sin på å få større bryst og lækja såra etter operasjonen. Mange bestiller time til rett etter at feriepengane kjem inn på konto.

Opererar brystene i ferien

Ingen på jobben til «Lotte» veit at ho nyttar ferien på å gjera brysta større. Likevel bloggar ho anonymt om operasjonen, og legg jamleg ut bilete.

Foto: http://meandmyboobs.blogg.no/

Ayman Zakaria

Ferietider er travle tider for Ayman Zakaria, spesialist i plastisk- og handkirurgi, ved Colosseumklinikken i Stavanger.

Foto: Hanne Høyland / NRK

Ifølge Teres Medical Group er det vanlegvis 25 prosent auke for å ta plastisk kirurgi frå januar til og med juni med ein topp før påske og i juni. Medical Group er ei gruppe kirurgiske klinikkar og private sjukehus over heile Skandinavia.

– Generelt er vår og sommar høgsesong. Det heng nok saman med feriepengar og fri frå jobb, seier Medisinsk sjef i Teres Medical Group, Eystein Hauge til NRK.no.

23 år gamle «Lotte» frå Stavanger bloggar om livet etter ein brystoperasjon. Ho vil vera anonym i saka og på bloggen.

– Eg har kjent meg litt som ei lita jente i ein kvinnekropp, om eg kan sei det slik. Det er for min eigen del, og nå kunne eg gjera det, seier 23 år gamle «Lotte» frå Stavanger.

Derfor la ho seg under kniven 22. mai i år for å få større bryst. Sidan har ho brukt store delar av ferien sin på restitusjon etter operasjonen.

Noko som stadig blir vanlegare at folk gjer.

– Vil ikkje gå på jobb med blåmerke

– Det finst fleire grunnar til at fleire legg seg under kniven når ferien byrjar, seier Ayman Zakaria spesialist i plastisk- og handkirurgi ved Colosseumklinikken i Stavanger.

Her merkar dei klart auken av pasientar når feriar står for dør. Og mest er det i sommarferiane, berre i fjor auka kundepågangen med 20 prosent i desse månadene. Så langt i år er auken på fem prosent.

– Ein vil ikkje byrja på jobb med blåmerke, derfor bruker mange ferietida på å bli betre etter operasjonen.

På Fornebuklinikken i Oslo har dei i år bestemt seg for å halde ope i heile juli på grunn av den store pågangen.

– Våren og sommaren er høgtid for å ta plastisk kirurgi. Vanlegvis har vi venteliste på ei til to veker. I sommarmånadane er ventetida på opp mot seks veker. Mange bestiller time til rett etter at feriepengane kjem inn på konto, seier marknadsansvarleg og konsulent på Fornebuklinikken, Linda Sæthre.

Og det er puppar som er tingen om sommaren.

– Dei fleste som kjem i denne perioden ønskjer større bryst eller brystløft, men augelokkplastikk er også populært, sier marknadsansvarleg og konsulent på Fornebuklinikken, Linda Sæthre.

Bloggar om puppane

For «Lotte» var dette ein av dei største grunnane til at ho tok operasjonen i sommarferien.

– Dei på jobb veit ikkje ein gong at eg har gjort dette. Derfor var dette ein grei måte å gjera det på. Eg ville heller ikkje gå rundt på jobben og ha det vondt, seier ho.

På bloggen hennar «Me and my boobs» bloggar ho likevel om operasjonen. Dette gjer ho for å dela erfaringane sine med dei som er nysgjerrige på korleis ein brystoperasjon går føre seg.

Bloggen er for å selv ha et minne om hvordan det var og for at andre kan ta del i prosessen dersom de ønsker. Før jeg tok den endelige avgjørelsen, var jeg rundt på nettet å letet etter informasjon, bilder, erfaringer og fant stort sett det jeg letet etter. Flere i samme situasjon som meg opprettet en blogg der de deler opplevelser, bilder og forteller hvordan alt går.

"Lotte"

Meir pengar før sommaren

Det er ikkje berre for å skjula operasjonen for kollegaer folk nyttar ferien til plastisk kirurgi.

Skatte- og feriepengane som kjem inn på konto er også en viktig motivasjonsfaktor for mange.

Dessutan kan det handla om å ha gyldig fråvær frå jobb, seier Ayman Zakaria.

– Sommarferien er den lengste me har, derfor er det greitt for folk å bruka denne utan at det går ut over fråværet på jobben.

Før og etter silikon

Bilete av Lotte før og etter silikon.

Foto: http://meandmyboobs.blogg.no/

Forstår betre nå

Etter å ha gjennomgått plastisk kirurgi forstår Lotte endå betre kvifor fleire vel å bruka ferien sin på dette.

– For min del hadde eg problem med å koma meg opp av senga og stolen. Eg trong ro og fred, og då er det ikkje spesielt kjekt å vera på jobb, seier ho.

For du er ikkje i topp form etter eit slikt inngrep.

– Du må ta det med ro og ikkje løfta tungt, eigentleg så er du ein pleiepasient i ei til to veker. Familie og venar må hjelpa til med dei enklaste tinga, som å laga mat, seier ho.

Men nå som forma er betre synest ho det er tipp topp med nye pupper.

– Her om dagen var eg på shopping, og kjøpte nye BH-ar. Oh Joy! Eg liker det! Puppene mine og meg høyrer liksom saman, skriv ho på bloggen sin.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger