NRK Meny

– Me skal laga gode minner som me kan ha med oss for alltid

Årets største russearrangement er i gang. Det er venta sol, varme, øl og musikk tre dagar i strekk. Sjå bileta frå Kongeparken her.

Gå til forsiden

Landstreffet 2017 er i gang

Festen er i gang inne i bussane

Landstreffet 2017 er i gang

15 bilder

    Russ på plass i Kongeparken

    Bergensruss frå Modern Masterpiece. Med i denne bussen er mellom anna: Johanne Aurora Dahl, Victoria Liseth og Synnøve Nicolaisen.

    Foto: Cecilie Berntsen Jåsund / NRK

    Sjølv om Landstreff Stavanger først har si offisielle opning klokka 15 i dag, så er festen i Kongeparken på Ålgård allereie i gang då NRK var innom i 10-tida. I løpet av dagen skal det vera fullt opp med 13.500 feststemde ungdommar.

    – Drikking, festing, gå på konsert og vera saman med vennar. Det er det me gler oss mest til, seier Victoria Liseth.

    Saman med resten av jentene i bussen Modern Masterpiece har dei i natt reist frå Bergen. Dei var nokon av dei første som var på plass i dag tidleg, og fekk dermed sikra seg ein god plass.

    – Dette er det største me er med på som russ. Me skal laga gode minner som me kan ha med oss for alltid. Det viktigaste er likevel at det er god stemning, at alle har det bra og at me får med oss alle venane våre heim, seier Synnøve Nicolaisen.

    Stille før stormen

    Russ som ladar opp batteria til ei helg full av festing.

    Foto: Pål Berg Mortensen / NRK

    Godvêr i vente

    Og mykje tyder på at helga kan bli bra. Ifølgje Yr.no kunne ikkje russen bede om ei betre vêrmelding. Det skal vera samanhengande sol heilt til sundag, med temperaturar opp mot 20 grader.

    – Me har eit eige strandområde der ein kan sitja å høyra på ein DJ medan ein solar seg. Nå skal folk berre kosa seg, seier pressetalsmann for Landstreff Stavanger, Åsmund Lund.

    Han seier at alt er på plass og at dei er klar til å ta imot alle 13.500 russ på landstreffet som blir arrangert for 31. gong. Faktisk har russearrangementet vore så lenge nå, at NRK for første gong møtte på andregenerasjons Kongepark-russ.

    – Mora mi var her for mange år sidan. Ho sa at ho hadde hatt det kjempekult, og sa at eg måtte storkosa meg, seier Johanne Aurora Dahl.

    Slik var det på landstreffet i Kongeparken for 20 år sidan:

    Slik var det på landstreffet i Kongeparken for 20 år sidan.

    Landstreffet i Kongeparken har blitt arrangert i meir enn 30 år. Her er NRK Rogaland sine TV-bilete frå 1997.