– Alkoholkonsumet har gått vesentleg ned, seier Aasmund Lund, presseansvarleg for Landstreffet i Stavanger, til NRK.
TAKTISK: Aasmund Lund frå Landstreffet i Stavanger seier at innhald som russen «må» sjå minskar alkoholinntaket.
Foto: Erik WaageFor medan russelåtane har blitt drygare, har alkoholsalet ved det største russetreffet i Noreg gått ned.
– Vi har hatt ein vesentleg reduksjon dei siste 10–15 åra, opplyser Lund.
Under Landstreffet i 2016 var det 0,4 prosent av dei deltakande som trengde ekstra merksemd på grunn av for mykje alkohol.
– Det utgjorde 61 personar av 13.000 deltakande – gonga med tre for talet på festivaldagar. Vi er godt fornøgde, men ønskjer sjølvsagt å få det ned til null, seier Lund.
– Heilt drygt!
Fredag stimar russ frå heile landet til Kongeparken ved Ålgård sør for Stavanger. Med gigantiske artistar og tettpakka program vil arrangøren hindre overstadig rusa russ.
– Kvart år blir eg like overraska over lineupen. Dei får jo tak i «sjuke» artistar, seier Stavanger-rappar Izabell, som meiner festivalen treff det unge publikummet perfekt.
IMPONERT: Benedicte Izabell Ekeland, betre kjend som Izabell, er éin av artistane som skal spele under Landstreffet i år.
Foto: PrivatDJ-ar som Martin Garrix, Tiësto og Afrojack, store namn som Schoolboy Q, Tinie Tempah og Karpe Diem. Izabell omtalar bookingarbeidet som «heilt drygt».
– Eg er med og driv ein hiphopfestival sjølv, og veit kor vanskeleg det kan vere, seier rapparen.
Lurer russen ut av bussen
Å booke store artistar er ein klar strategi av Landstreffet. Dei har eit tydeleg mål om å vere ein musikkfestival, ikkje eit fylletreff for russ. Lang erfaring og svært gode tilhøve for artistane er suksessoppskrifta.
– Vi har fått eit fantastisk nettverk, samstundes som vi har rykte på oss for å vere ein kjempekul festival å vere på. Det er derfor slike som Martin Garrix og Tiësto kjem tilbake – dei synest det er ei kjempeoppleving, seier Lund.
Med ekstra intimkonsertar, DJ på sandstrand, politisk debatt og ei lang rekkje andre programpostar, skal russen rett og slett haldast i aktivitet.
– Det handlar om innhald, om å fylle alle tidene på døgnet med noko som alle våre festivaldeltakarar ønskjer å vere med på, meiner Lund, og følgjer opp:
– Skal du få med deg alt som skjer, så nyttar det ikkje å drikke så mykje. Då vil du ikkje få med deg dei største konsertane. Vi har ikkje ønskt fokus på alkohol og sitje i ein buss, vi ønskjer at russen skal kome ut, ha det hyggeleg og kose seg.
Mads Melbye er ein av russane som har tatt turen til Kongeparken denne helga, og det er nettopp konsertane han gler seg mest til.
– Eg må få med meg Martin Garrix og Postgirobygget, seier han.
POPULÆRT: Russetreffet i Kongeparken i Stavanger, her i 2015, samlar over 13.000 18- og 19-åringar.
Foto: Øystein Otterdal / NRK