Hopp til innhold

Iselin vil vera med

Iselin Nybø fekk ikkje attval som stortingsrepresentant frå Rogaland. – Men det er klart at eg vil vera med dersom Venstre nå går inn i regjering, seier ho.

Iselin Nybø på valgvake

Iselin Nybø smiler på valvake på Breitorget hausten 2017. Det gjekk ikkje så bra til slutt.

Foto: Carina Johansen / Stavanger Aftenblad

Så er 36 år gamle Iselin Nybø frå Stavanger rask med å leggja til at det ikkje er ho som bestemmer om ho får vera med, og heller ikkje kva oppgåver ho kan få i regjeringsapparatet, men lyst har ho.

– Då eg stilte til attval som stortingsrepresentant så var jo det fordi eg ville vera med å bestemma og å ha makt. Det er jo det politikken handlar om, slår ho fast.

Snart tilbake som advokat

Laurdag kveld blei det klårt at partiet Venstre går inn i forhandlingar om å bli ein del av den nåverande Høgre/Frp-regjeringa.

Den venstrepolitikaren frå Rogaland som har vist mest igjen nasjonalt dei seinare åra har vore Iselin Nybø. Ho var stortingsrepresentant for partiet frå 2013 til 2017, men fall ut av Stortinget etter valet i haust.

Iselin NYbø, Venstre

Det blei med fire år på Stortinget i første omgang for Iselin Nybø.

Foto: Mona Linseth

Etterpå har ho vore utan arbeid, men skal etter planen tilbake til advokatkontoret der ho tidlegare jobba på nyåret, men nå er ikkje det sikkert lengre.

– Det einaste offisielle svaret nå, er at det bestemmer ikkje eg, seier ho i dag.

Aktuelle venstrekandidatar frå Rogaland

Nybø var nestleiar i Utdanningskomitéen i sist periode og viste igjen som ei som kjempa for fleire stillingar til Universitetet i Stavanger.

Med sin juridiske bakgrunn var ho også Venstre sin talsperson i saker innan justisområdet.

– Ho har gjort ein kjempejobb, og det er mange som har peika på det, seier Kjartan Alexander Lunde. Han er fylkesleiar i Rogaland og landsstyremedlem i partiet.

Kjartan Alexander Lunde

Kjartan Alexander Lunde er fylkesleiar i Rogaland for Venstre. I tillegg er han medlem av landsstyret i partiet.

Foto: Ole Andreas Bø

Ut over at Iselin Nybø kan vera aktuell både som statssekretær og som minister, vil ikkje Lunde peika på andre aktuelle kandidatar til postar i regjeringsapparatet frå Rogaland.

Unge kvinner

Den som har sagt noko om dette er partileiaren Trine Skei Grande. Ho er spesielt på jakt etter unge personar og helst kvinner. Det blir postar ledige både som personlege sekretærar og statssekretærar i departementa som Venstre overtar i ei ny regjering.

Skal me gå til Venstre si stortingsliste i Rogaland ved dette valet så var ungdomskandidaten Malin Elisabeth Sviland frå Sandnes. Ho sto på tredjeplass der og er også vald inn i sentralstyret til Unge Venstre.

Skoledebatt - Bergeland

Malin Elisabeth Sviland i skuledebatt på Bergeland vidaregåande skule under valkampen hausten 2017. Ho var då tredjekandidat på Venstre si liste i Rogaland.

Foto: Anders Fehn / NRK

Unni Fuglestad frå Time sto på femteplass. Ho er fødd i 1970 og ikkje blant dei aller yngste, men absolutt eit namn det går an å peike på. For tida jobbar ho som universitetslektor på Universitetet i Stavanger.

Når det gjeld fylkesleiar og landsstyremedlem Kjartan Alexander Lunde (30) er også det eit aktuelt namn frå Rogaland, sjølv om kjønnet ikkje er etter partileiaren si oppskrift.