NRK Meny
Normal

Politikarane braut dei fleste løftene

To tredjedelar av lovnadane som stortingskandidatane i Rogaland kom med for fire år sidan, har det aldri blitt noko av.

Landbruk

Fleirtalet av løfta Frp i Rogaland gav om landbruket er ikkje oppfylte.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Val

NRK Rogaland har gått gjennom valsendingane på TV, dei siste tre vekene før stortingsvalet i 2013.

Stortingskandidatane har halde 36.5 prosent av lovnadane dei gav. 63.5 prosent av lovnadane har ikkje blitt oppfylte. (Sjå faktaboks nedst i artikkelen).

Ganske godt nøgd likevel

Det var likevel ingen nederlagsstemning hos førstekandidat Solveig Horne i Frp sitt vallokale på Skagen i Stavanger.

Solveig Horne, FrP, i Stavanger sentrum

Solveig Horne meiner Frp har fått til mykje av det dei lova for fire år sidan.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– I det store og det heile så har me fått til mykje av det me lova for landbruket, seier Horne.

Ho vedgår at dei verken har klart å fjerna produksjonstaket for fleire landbruksprodukt, eller fjerna heile tollvernet for bøndene, men dei har fått til mykje likevel, meiner ho.

– Nå går landbruket i Rogaland som det susar. Me har redusert tollvernet på ost og me har klart å få redusert byråkratiet, reknar Horne opp.

Venstre lova

– Det handlar om vilje til å satsa, sa førstekandidat for Venstre, Iselin Nybø for fire år sidan.

Iselin Nybø

Iselin Nybø meiner at ei planavklaring til Nærbø, er eit steg på vegen mot dobbeltspor til Egersund.

Foto: Joachim Steinbru

Då var ho klar på at dobbeltspor frå Sandnes til Egersund, det hadde partiet inne i sitt alternative budsjett.

I sist veke var tonen litt annleis.

– Eg trur dei fleste forstår at det ikkje går an å byggja eit dobbeltspor på fire år. Men me har fått inn i Nasjonal transportplan at me skal få planavklaring.

– Men det står ikkje eit ord i NTP om dobbeltspor til Egersund?

– Det står at det skal vera ei planavklaring til Nærbø, som er neste skritt, seier Nybø.

Forskjell på store og små

Statsvitar Svein Tuastad på Universitetet i Stavanger, meiner det er viktig å skilje mellom store og små parti, når det gjeld å kunne halda valløfter.

Svein Tuastad

Små parti har mindre sjanse til å gjennomføra det dei lovar, seier statsvitar Svein Tuastad.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tuastad brukar Arbeidarpartiet som eit eksempel.

– Når Støre seier "ikkje meir enn 15 milliardar i auka skatt", så ville det vore eit alvorleg løftebrot, om Ap auka skatteveksten. Men når Venstre seier at dei vil ha dobbelspor til Egersund, så er det mindre alvorleg, fordi dei ikkje har same mulighet til å gjennomføre det, seier Tuastad.

Frp er verst

Det var ei klar overvekt av lovnader frå Framstegspartiet og Høgre i dei valsakene som NRK Rogaland hadde i sine TV-sendingar i august og september i 2013.

EM-mat fransk ost

Ost frå EU-land har fått lågare tollsats i løpet av dei siste fire åra, men elles har ikkje regjeringa gjort mykje med tollvernet for norsk landbruk.

Foto: Privat

Frp hadde 19 lovnader. Åtte blei oppfylt, 11 blei det ikkje. I den negative enden kom deretter partiet Venstre, med ni lovnader. Fire blei oppfylt, medan fem ikkje blei det.

Dei som gjorde det best

Partiet Høgre kom best ut av gjennomgangen. Dei hadde med 11 lovnader i valsendingane på TV. Sju av dei blei oppfylt, fire blei det ikkje.