NRK Meny
Normal

Venstre vil forlenge skuleveka med ein time data

Elevane i grunnskulen må ha ein time undervisning meir i veka, og i den skal dei lære meir data, meiner partiet Venstre. Skulepartiet har tatt for mykje tran, kontrar Utdanningsforbundet.

10-år gamle jenter frå Roaldsøy skole har meldt seg på kurs i programmering

Jentene i femteklasse på Roaldsøy skole i Stavanger vil lære seg programmering.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Val

– Teknologibølga er alt over oss, og det blir ikkje mindre av det i framtida, seier Iselin Nybø, førstekandidat for Venstre i Rogaland.

Iselin Nybø

Iselin Nybø og Venstre vil auke timetalet for elevane i grunnskulen, for å få tid til meir dataundervisning.

Foto: Joachim Steinbru

Derfor meiner partiet at det er heilt nødvendig at elevane i grunnskulen lærer meir IKT.

– Venstre foreslår å utvida skuleveka med ein time, som skal brukast til programmering og anna dataopplæring, seier Nybø.

Data er gøy

På Roaldsøy skule i Stavanger har dei lenge satsa på å vera i fremste rekke på dataområdet. Nå har fleire jenter i femteklasse meldt seg på eit kurs i programmering, der også elevar frå andre skular i kommunen skal delta.

10 år gamle jenter ved Roaldsøy skole Stavanger, har meldt seg på programmeringskurs

Iben Sofie Lund og Andrea Førland frå Roaldsøy skule, har meldt seg på programmeringskurs.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg likar ganske godt å halda på med data, og nå har eg lyst til å læra noko nytt, seier 10 år gamle Iben Sofie Lund.

Forslaget frå Venstre om å utvide skuleveka med ein time for å få på plass endå meir dataundervisning, skremmer ikkje jentene.

– Det kan bli litt slitsamt, men det kan bli kjekt likevel, seier Andrea Førland.

For mykje tran

På kontoret til Utdanningsforbundet i Rogaland er mottakinga av forslaget mykje mindre positivt.

Gunn Reidund Tednes Aaserud, leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland framfor PC-en

Gunn Reidun Tednes Aaserød, leiar i Utdanningsforbundet i Rogaland, meiner Venstre overdriv satsinga på skulen i denne valkampen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Nå har skulepartiet Venstre tatt for mykje Møllers tran, seier ein tydleg oppgitt leiar av Utdanningsforbundet i Rogaland.

Gunn Reidun Tednes Aaserød meiner at dei eldste elevane, som har lyst til det, kan velja koding som valfag, men ho fryktar at for mange elevar blir det berre nok ei oppgåve dei skal læra seg.

Og på vegner av lærarmedlemmane sine har ho denne bodskapen til Iselin Nybø:

– Eg trur ikkje me klarer fleire store etterutdanningsprogram akkurat nå, seier Tednes Aaserød.

Data er tverrfagleg

Utdanningsforbundet får langt på veg støtte frå rektor på Roaldsøy skule, Geir Olsen. Han meiner at datakunnskap kan lærast saman med andre fag.

Rektor ved Roaldsøy skole, Geir Olsen, framføre PC-en

Geir Olsen, rektor ved Roaldsøy skole, har i mange år satsa på at skulen skal vera langt framme på dataopplæring.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg føretrekkje å integrera det i faga som alt er der, fordi det er tverrfagleg og brukast greitt i saman med engelsk eller matte eller kva det er, seier Olsen, og legg til:

– Det er allereie haugen på nok av fag i skulen.

Norge har ikkje noko val

Venstre er klare på at datasatsinga skal koma i tillegg til det som alt er i skulen, og at partiet har lagt inn pengar i sitt alternative statsbudsjett.

Iselin Nybø meiner dette er noko både samfunnet og den enkelte elev i grunnskulen kan ha glede av, og under strekar at:

– Me må vera med på teknologisatsinga. Det er andre land som ligg lengre framme enn oss, og me har ikkje anna alternativ enn å vera med. Helst i første rekke, avsluttar Nybø.