Hopp til innhold

Høgre ønsker at det skal bli enklare å gi ungdom fotlenke

Høgre vil la politiet bruke fotlenke på kriminell ungdom. Venstre kallar det eit urimeleg inngrep, og justisministeren seier det er «juridisk krevjande».

vm9hZdOw0q8

Denne fotlenka har blitt svært aktuell etter alle valdshendingane den siste perioden blant ungdom. No vil Høgre gjere det enklare for politiet å pålegge fotlenke.

Foto: NTB

– Dette verkar i aller høgaste grad som eit urimeleg inngrep mot barn, seier Ingvild Wetrhus Thorsvik (V).

Ho reagerer sterkt på Høgre sitt forslag om fotlenke på ungdom.

Men Høgre vil gjere det enklare å pålegge ungdom dette.

Dei vil at politiet skal få fullmakt til å pålegge ungdom fotlenke og opphaldsforbod.

– Det vil ikkje vere ei straff, men eit førebyggande tiltak, sa Erna Solberg til Stavanger Aftenblad under eit møte i Stavanger i førre veke.

Her møtte ho blant anna representantar frå politiet og Stavanger-ordførar Sissel Knutsen Hegdal (H) for å snakke om utfordringane med den aukande ungdomskriminaliteten.

For å presisere ønsker ikkje Høgre å pålegge barn under straffbar lågalder fotlenke.

Bør det bli lettare for politiet å gi kriminell ungdom fotlenke?

Meiner det er feil medisin

Forslaget er henta frå partiet si liste over tiltak dei vil sette i verk for å overvinne ungdomskriminalitet. Lista blei lagt fram på partiet sin felleskonferanse i helga.

Her utdjupa Solberg frå talarstolen at politiet, gjennom bruk av fotlenke, kan hindre at ungdom oppheld seg i belasta område eller stader som kan auke faren for at dei gjer seg skuldig i straffbare handlingar.

Dette gir politiet moglegheit til å vise bort ungdom frå stader der dei møter kriminelle gjengar.

Men Venstre reagerer sterkt. Dei meiner det er heilt feil medisin.

– Det er ikkje låste dører og fotlenke som er løysinga for å hindre at barn gjer seg skuldig i kriminelle handlingar, seier Thorsvik.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

Stortingsrepresentant Ingvild Wetrhus Thorsvik (V).

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

– Nødvendig med valdsalarm

Men justispolitisk talsperson Ingunn Foss (H) peiker på det ho kallar ein eksplosjon av ungdomskriminalitet den siste tida. Og då er slike tiltak vegen å gå, meiner ho.

Dersom du blir bortvist frå eit område der du gjer kriminelle handlingar, må du halde deg vekk frå det området. Viss ikkje meiner vi fotlenke kan vere ei løysning, seier Foss.

Ingunn Foss sitt ansikt vises mellom bakhodet til to personer som står foran henne. Foss har kort, brunt hår og briller med mørk innfatning. Hun har sort jakke og genser. Foss er i fokus i bildet og har et passivt, avventende uttrykk.

Stortingsrepresentant for Høgre, Ingunn Foss, meiner fotlenke på mindreårige er godt utprøvd og gjennomarbeida.

Foto: Per-Kåre Sandbakk

Men ho er einig i at det er eit inngripande tiltak.

Difor håpar ho det ikkje treng å bli brukt.

– Dette kan ein sjølvsagt unngå dersom ungdommane held seg vekke frå dei områda dei har fått beskjed om å ikkje gå inn i.

Tajik meiner ordninga er på plass

Stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap) seier på si side at store delar av det Høgre foreslår allereie er varetatt av endringane i ungdomsstraffa som blei einstemmig vedteke før jul (ekstern lenke).

– Bruk av fotlenke på mindreårige som eit alternativ til varetektsfengsling er på plass, og vi utvide også føresegna om opphaldsforbod til å gjelde mindreårige, seier ho.

Hadia Tajik

Stortingsrepresentant Hadia Tajik (Ap)

Foto: Øystein Otterdal / Oystein Otterdal

Men Høgre sitt forslag handlar ikkje om fotlenke som eit alternativ til varetektsfengsling, forklarar Foss.

– Vi ønsker å gi politiet nokre verktøy for å handtere desse barna, seier ho.

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) meiner det Høgre foreslår, vil vere juridisk krevjande, mellom anna i høve til den Europeiske menneskerettskonvensjon (EMK).

– Som mange lokalpolitikarar er eg bekymra over auken i kriminalitet blant unge. Dette tar vi på alvor, seier ho gjennom si kommunikasjonseining.

Justisminister Emilie ENger Mehl i Debatten

Justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Foto: Lars Os

Ein må hindre rekruttering av barn og unge til gjengmiljø, men dette kan ikkje justissektoren løyse åleine, seier ho.

– Vi er avhengige av eit godt samarbeid med foreldre, skule, helse, barnevern, fritidsarenaen og frivillig sektor. Alle som kan påverke ungdom til å komme på rett kjøl, seier ho.

Vil omgå retten

For det er ein forskjell på det Høgre foreslår og det som er loven i dag.

Høgre vil gi politi- og påtalemakta anledning til å pålegge kriminelle opphaldsforbod utan å gå via retten.

På den måten sikrar vi at politiet kan handle meir effektivt når det er nødvendig, samtidig som vi varetar rettssikkerheita, seier Foss (H).

Og i tilfelle der det er stor risiko for at ungdom gjer seg skuldig i lovbrot på spesifikke område:

– Da vil vi også opne opp for å nytte fotlenke for å kontrollere at desse personane held seg unna konfliktområda, seier Foss.

Dette vil Høgre at politiet skal få lov til. Slik loven er i dag må dette takast opp i retten.

– Det er strenge tiltak, men vi meiner at slike tiltak av og til vil vere nødvendige, seier ho.

Les også Omvendt voldsalarm endret livet til Birgitte – nå vil politiet at flere skal få det

Birgitte til sak om omvendt voldsalarm.