Åtte fornærma forklarte seg om slag med ein gjenstand i Stavanger sentrum fredag kveld. Tre gutar under 18 år blei sikta.
Men dei ferske valdshendingane i Stavanger er ikkje dei einaste som er gjort av mindreårige den siste tida. Politioverbetjent Jørgen Torstveit ser at dei blir yngre og yngre.
– Nå er det nesten berre 12-, 13- og 14-åringar og det er alvorlege saker, seier Jørgen Torsveit.
Men Stavanger er ikkje den einaste staden ein ropar varsku.
Meir vald og færre ressursar
I Bærum blei ein ung mann knivstukken og drepen like før jul. Drapssikta er ein 14 år gammal gut.
På Karmøy blei utviklingshemma Tor Inge Dahl slått ned og utsett for grov kroppsskade i august. Sikta er ein mindreårig gut.
Dahl er framleis i minimalt bevisst tilstand etter hendinga.
Valden blant ungdom i Noreg auka i 2023, nokre politidistrikt meldte om opp mot 40 prosent auke.
Men politiressursane er knappare i Rogaland enn andre stader i landet.
For Sør-Vest politidistrikt er det distriktet i Noreg som har lågast dekning.
Politidekninga her er 1,56 politiårsverk per 1000 innbyggarar, viser tal frå Politidirektoratet.
Til samanlikning har Finnmark 4,13 medan Oslo politidistrikt har 2,53 politiårsverk per 1000 innbyggarar.
Mangelen på ressursar bekymrar Høgres partileiar Erna Solberg og ordførar i Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal (H).
Måndag møtte dei representantar frå politiet og SLT i Stavanger.
Sissel Knutsen Hegdal (H) og Erna Solberg (H) møtte politi og SLT-koordinatoren i Stavanger for å snakke om den aukande ungdomskriminaliteten i byen.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKJobbar for tryggleik i byen
– Det er skremmande å sjå at kriminaliteten festar tak for nokre av våre 14-åringar. Dei har komme inn på ein frykteleg veg i livet, seier Hegdal.
Stavangerordføraren ser utover jernbanestasjonen i Stavanger. Det er her dei kriminelle handlingane ofte føregår.
Ordføraren meiner det ikkje er akseptabelt at politiet i Rogaland har mindre ressursar og at det nå er viktig å hjelpe dei ungdommane det gjeld.
– Vi er nøydde til å reagere raskt for å trygge sentrum for innbyggarane. Også må vi ikkje reagere med å fjerne problemet, men å faktisk gi dei hjelp, seier ho.
Stavangerordførar Sissel Knutsen Hegdal.
Foto: Øystein Otterdal / Otterdal fotoOrdføraren seier at tilbakemeldingane frå politiet er at valdsbølga gjeld eit lite antal ungdommar, der dei fleste er gutar i låg alder.
– Til gjengjeld gjer dei mange kriminelle handlingar. Men vi har ingen ungdommar å miste. Vi må få dei med på fritidsaktivitetar, få dei til å nytte seg av dei ulike tilboda vi har i Stavanger og sørge for at dei tar vare på liva sine og ikkje øydelegg dei med å bli kriminelle i ung alder, seier ho.
– Det er kjempeviktig med førebyggande arbeid. Vi skal ta varsku frå Sverige. Men dette heng nok saman med eit tøffare klima blant barn og unge, større utanforskap og økonomiske utfordringar, trur Solberg.
Ueinig med Høgre
Erna Solberg og Høgre lanserte sist veke ti tiltak i kampen mot ungdomskriminalitet. Det eine er å opprette 25 institusjonsplassar for ungdommar som gjer vald.
Partiet meiner barnevernet skal ha ansvar for desse.
Ine Haver (Ap) sit i Stavanger bystyre. Ho er ueinig i forslaget.
Medlem av Stavanger bystyre, Ine Haver (Ap), spør seg om domstolane og Kriminalomsorga kan spele ei meir aktiv rolle i forhold til ungdommar som har passert den kriminelle lågalderen.
Foto: Eirik Gjesdal– Institusjonsbarnevernet kan ikkje, etter min meining, handtere ungdommar med aktiv valdsproblematikk, slik Høgre legg opp til i sitt forslag.
Ho meiner lovverket må diskuterast for å møte problema til unge valdsutøvarar.
– Det aller viktigaste er at ei eventuell bruk av tvang mot unge valdsutøvarar har eit førebyggande innhald, seier Haver.
500 millionar meir til politiet
Statssekretær Sigve Bolstad (Sp) seier til NRK at han er bekymra.
Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Sigve Bolstad (Sp).
Foto: Bård Nafstad / NRK– I likskap med mange andre lokalpolitikarar landet rundt er eg bekymra over auka i meldt kriminalitet blant dei under 15 år. Difor er eg glad dette kjem på dagsorden, seier han.
Skule, barnevern og helseteneste må samarbeide med politiet for å førebyggje og overvinne barne- og ungdomskriminaliteten, meiner Bolstad.
Han viser også til ei auke i bevillinga til politiet.
– I statsbudsjettet for 2024 aukar regjeringa budsjettet til politi og påtalemakt med 500 millionar kroner, inkludert PST, seier han.
I tillegg blei nyleg eit nytt forslag til endringar av ungdomsstraff og ungdomsoppfølging vedteke av Stortinget.
– Lovforslaget skal bidra til at barn og unge som gjer lovbrot blir møtt med ein rask og treffsikker reaksjon og at dei kjem seg ut av eit kriminelt miljø, seier Bolstad.