Hopp til innhold

Fleire nettapotek bryt reglane: – Det var dette vi åtvara mot

Skal du kjøpe reseptfri Viagra i dag, må du først få obligatorisk rettleiing for legemiddelet. Nå viser det seg at fleire nettapotek ikkje har følgt reglane.

Viagra

UTAN RESEPT: Før Viagra blei reseptfri, måtte ein dra til legen først. Slik er det ikkje lenger.

Foto: Anders Leines / NRK

– Det var dette vi åtvara mot, seier Petter Winther-Brose.

16. desember 2019 blei det først mogleg å kjøpe Viagra utan resept. Formålet var å gjere det lettare tilgjengeleg og redusere mengda ulovleg omsetning av legemiddelet på nett.

Ein føresetnad for at dette skulle vere mogleg var at kunden fekk obligatorisk rettleiing av farmasøyten før medikamentet blei kjøpt.

Dette inneber at farmasøyten bruker ei sjekkliste for å kontrollera om kunden brukar legemiddel som går dårleg saman med Viagra, eller om kunden har eventuelle sjukdommar som tilseier at dei burde ta ein prat med legen før ein startar med potensmiddelet.

Likevel er det fleire nettapotek som ikkje har følgt dette kravet.

Det er etter kvart veldig mange nettapotek.

NRK har gjort sine eigne undersøkingar for å sjå om to av dei største nettapoteka, Farmasiet og Boots, følg reglane.

Det gjer dei ikkje. Sjå kva dei svarar seinare i saka.

Sjekkliste for kjøp av Viagra

SJEKKLISTE: Reseptfri Viagra kan kjøpast av menn over 18 år. Denne sjekklista har spørsmål som farmasøytane bruker i rettleiinga av potensmiddelet. Alle spørsmåla må svarast «nei» på før ein kan få kjøpt Viagra reseptfri. Deretter skal du få rettleiing for legemiddelet av ein levande farmasøyt.

Foto: Statens legemiddelverk

Kom ikkje som noko sjokk

Petter Winther-Brose er vernepleiar, spesialist i sexologisk rådgiving og leiar av Norsk foreining for klinisk sexologi (NFKS). Han er ikkje imponert over nettapoteka dette gjeld.

Bilde av Petter Winther-Brose, vernepleier og spesialist i sexologisk rådgivning, og leder for Norsk forening for klinisk sexologi.

FØRESEIELEG: Petter Winther-Brose, leier i Norsk foreining for klinisk sexologi, synest det er trist at reglane for rettleiing ved sal av reseptfri Viagra ikkje blir følgde opp slik det er sagd at dei skal, men seier ein kunne ha føresett dette.

Foto: Petter Winther-Brose

– Det har vore ganske tydelege og klare retningslinjer for sal av desse, seier han.

NFKS var blant dei som var kritiske til å gjere Viagra reseptfri, før ordninga trådde i kraft.

– Konsekvensane ved å ikkje få rettleiing er at det kan leie til overforbruk av medikamentet, seier Winther-Brose.

Han seier dei har sett ein auke i Viagra-bruk blant yngre menn etter at det begynte å bli selt på apotek utan resept.

Han er bekymra for haldninga om at Viagra er ein slags «kvikkfiks» for å få ereksjon.

Salet av reseptfri Viagra har auka jamleg sidan det blei tilgjengeleg. I 2023 blei det selt 204.000 pakningar, noko som er 6 prosent meir enn i 2022.

Utan lyst verkar ikkje Viagra

Viagra blir hovudsakleg brukt av biologiske grunnar. Dette kan for eksempel vere at kroppen har utfordringar med blodtilførsel til penis.

Likevel er det ikkje uvanleg at menn tar Viagra sjølv om utfordringane deira ikkje er biologiske, men psykiske, påpeikar Wither-Brose.

– Dei fleste yngre menn har ikkje biologiske ereksjonsutfordringar, men har utfordringar som er meir forankra i press, angst og ei forventning om at ein skal ha ein veldig sterk ereksjon over tid. Men dette er det veldig sjeldan at ein klarer å halde oppe, forklarer han.

Haakon Aars er lege og spesialist i klinisk sexologi og i psykiatri og samfunnsmedisin. Han jobbar på Institutt for Klinisk Sexologi og Terapi (IKST).

Haakon Aars, spesialist på peniser

KRITISK: Haakon Aars er lege og spesialist i klinisk sexologi og i psykiatri og samfunnsmedisin. Han jobbar på Institutt for Klinisk Sexologi og Terapi. Han synest ikkje Viagra burde seljast reseptfritt, og synest det er dårleg at fleire nettapotek ikkje klarer å gi den rettleiinga dei skal. 

Foto: NRK

Han trur det er mange menn som tar Viagra sjølv om dei ikkje slit med ereksjon, men heller med lysta.

I lystsenteret i hjernen oppstår det signal som blir sende vidare ned til penis, og det er dette som gjer at ein får ein ereksjon. Men om ein ikkje har desse lystsignala, vil ikkje Viagra verke, forklarer eksperten.

– Dei som trur dei kan berre hive innpå med Viagra og så går alt bra, har misforstått. Det gjer dei fordi dei ikkje får den informasjonen dei treng, seier han.

– Skuffa over at dette ikkje er på plass

Viagra har fleire biverknader og det er nokre tilstandar og typar medisinar han er helsefarleg å blande med.

Derfor skal kunden svare på spørsmål og få rettleiing av ein farmasøyt før kjøp av potensmiddelet.

– Eg er litt skuffa over at dette ikkje er på plass, seier Sigurd Hortemo, overlege i DMP.

Overlege Sigurd Hortemo i Legemiddelverket

SKUFFA: Sigurd Hortemo, overlege i Direktoratet for medisinske produkt, er skuffa over at fleire nettapotek ikkje har systema på plass, nå som ordninga med reseptfri Viagra har vore i fleire år.

Foto: Frode Fjerdingstad / NRK

Det er ikkje første gongen forvaltningsorganet har måtta presisere reglane for nettapoteka.

– Vi har hatt fleire rundar der vi har prøvd å gi rettleiing til apoteka. Nå har vi sett på dette på nytt, og det er kopla til nye aktørar, seier Hortemo.

DMP har gjort ei generell undersøking der dei har sett at fleire nettapotek ikkje oppfyller krava. Dei vil ikkje gå ut med kva nettapotek dette gjeld.

Problemet som går igjen, er at nokre apotek har ei nettløysing kor det er mogleg å kjøpe potensmiddelet utan å ha snakka med ein farmasøyt først.

– Som kunde skal ein få akkurat det same tilbodet og den same rettleiinga i eit nettapotek som i eit fysisk apotek, slår Hortemo fast.

Bilde av reseptfri Viagra når man skal bestille det fra nettapotek (Apotek 1).

PÅ NETTAPOTEK: Slik kan det sjå ut når ein skal bestille reseptfri Viagra på nettapotek. Her blir det opplyst om at ein vil få nokre spørsmål før ein får kjøpt produktet.

Foto: Skjermdump

Hortemo reknar med at verksemdene vil rette opp praksisen sin nå som dei har peika på problemet igjen.

– Vi prøver i det lengste å nå fram med rettleiing, men etter kvart kan ein gi pålegg om retting. I verste fall kan ein nekte dei å selje produktet, seier overlegen.

Veit ikkje at dei må gjere endringar

Skal du bestille reseptfri Viagra på nettapoteket Farmasiet, er du nøydd til å svare ja eller nei på spørsmåla frå ei sjekkliste.

Så blir du sendt til ein chat med ein apotekteknikar. Problemet ligg i at apotekteknikaren opplyser tidleg om at dersom du sjølv ikkje har ytterlegare spørsmål om produktet, kan du berre lukke chatten og gå til betaling.

Apotek chat

IKKJE TILSTREKKELEG: Tidleg i chatsamtalen mellom apotekteknikar og kunde, opplyser apotekteknikaren om at kunden berre kan lukke chatten og legge vara i handlekorga, dersom kunden sjølv ikkje har ytterlegare spørsmål om produktet. Dette oppfyller ikkje krava ifølge Direktoratet for medisinske produktets regelforklaring og nyheitssak.

Foto: SKJERMDUMP

Direktoratet for medisinske produkt (DMP) har gitt bransjen frist til 15. juni for å endre praksis for rettleiing i nettapoteka.

Dette vil dei føre tilsyn på. I si publisering gir dei eksempel på praksis som ikkje oppfyller krava om rettleiing.

Blant desse døma skriv dei at «løysningar kor kunden kan lukke chatfunksjon før det er blitt stilt spørsmål og rettleiing er gitt» og «løysingar der kunden får informasjon/føringar på korleis han kan lukke chatfunksjon og deretter legge legemiddelet i handlekorga», ikkje oppfyller krava.

Farmasiet si løysing tillèt kunden å kjøpe legemiddelet utan å ta imot rettleiing, og bryt difor truleg med reglane.

Stig Henning Pedersen, driftsdirektør og farmasøyt i Farmasiet seier deira løyning er laga i tett dialog med DMP, og at det er nytt for dei at løysinga deira må justerast.

Han seier dei ikkje har teke imot tilbakemelding frå DMP om at dei har funne avvik med deira løysing og at dei ikkje veit at den eventuelt må endrast.

– Det er vår oppleving at løysinga både er god og innanfor forskrifta, seier Henning Pedersen.

Likevel er driftsdirektøren klar på at dersom løysinga deira ikkje oppfyller krava, så vil dei justere løysinga i tråd med det som er forventa

Også Boots apotek si løysing for å kjøpe Viagra bryt med reglene.

Skjermdump av chat mellom kunde og automatisert løsning hos Boots.no ved kjøp av reseptfri Viagra. Kunden kan bare trykke ja, nei eller vet ikke i chatten.

AUTOMATISERT CHAT: I Boots.no sin løysing for bestilling av reseptfri Viagra opprettast det ikkje kontakt med ei levande farmasøyt, og kunden har ingen moglegheit til å skrive egne spørsmål.

Foto: Skjermdump

Her opprettast det ikkje kontakt mellom kunde og farmasøyt, og kunden får difor ikkje rettleiing.

NRK har ikkje lukkas å kome i kontakt med Boots.

Skal følge krava

Jostein Soldal, pressekontakt i Apotekforeningen seier dei føreset at apoteka følger dei krava som blir stilte av DMP.

Kommunikasjonssjef i Apotekforeningen, Jostein Soldal

APOTEKFORENINGEN: Jostein Soldal, pressekontakt i Apotekforeningen.

Foto: Stian Gregersen

– God rettleiing er ein føresetnad for at ordninga skal fungere, seier han.

Trass i utfordringane med nettapoteka, er Hortemo klar på at å tilby Viagra reseptfritt har etter deira inntrykk vore vellykka.

– Vi har fått få meldingar om mistenkte biverknader, seier Hortemo.

Etter publisering av denne saken har Boots tatt kontakt og sagt at de skal få nye rutiner, og at det skal være på plass innen 15. juni.