Hopp til innhold

Nytt håp om at Birgitte-saka vil bli løyst

Den nye utviklinga i Tina-saka gir håp om at det 20 år gamle drapet på Birgitte Tengs skal bli oppklart. Politiet i Haugesund håpar at også dei vil få nye tips frå publikum.

Birgitte Tengs
Foto: Privat

Det var eit nytt tips til politiet i Stavanger som ser ut til å ha ført til dei nye arrestasjonane i Tina-saka.

No håpar politiet i Haugesund på nye tips om det 20 år gamle drapet på Birgitte Tengs på Karmøy.

– Det gir jo eit håp om at me kan få i gang noko tilsvarande her hos oss. Men det er avhengig av at me får nye tips frå publikum. Så dersom det er nokon der ute som vil lette på sitt samvit så er politiet riktig adresse, seier politiadvokat Thor Buberg i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Thor Buberg

Thor Buberg er politiadvokat i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Foto: Arne Gunnar Olsen / NRK

– For det sitter nokon der ute som veit noko?

– Ja, det gjer det. Det er openbart at det er nokon der ute som veit. Og me er sjølvsagt veldig interesserte i å snakke med den eller dei personane. Det er ofte godt for den enkelte å få lagt ting på bordet og koma vidare i livet, seier Buberg.

– Tunnelsyn i begge sakene

Det er fleire likskapstrekk mellom dei to drapssakene. Det mest påfallande er at begge sakene har hatt ein mistenkt som det seinare har vist seg er uskuldig.

På Karmøy blei Birgitte Tengs sin fetter tiltalt for drapet, men frikjent i lagmannsretten.

Fetterens far meiner det at politiet låste seg til ein gjerningsmann tidleg i etterforskinga, har vore øydeleggjande.

– Det viser berre at i begge desse sakene så har det vore eit tunnelsyn. Dei har ikkje etterforska breitt.

Far til fetteren til Birgitte Tengs

Far til fetteren til Birgitte Tengs er ikkje nøgd med politiet si etterforsking av saka.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Sjølv om han er kritisk til politiets arbeid, seier også far til fetteren at pågripelsane i Tina-saka gir håp.

– Jo, det er håp, sjølv om tida jobbar imot oss. Og me merker jo at politiet ikkje er særleg villige. Ei genuin interesse i å oppklare drapet på Birgitte er det jo ikkje hos politiet, slik som me ser det, seier han.

Etterforskar tips

Politiadvokat Thor Buberg er kjent med kritikken frå fetterens familie, og er ikkje samd.

– Me gjer det som er fornuftig å gjera i denne saka, seier Buberg.

No jobbar dei med å gå gjennom nokre av tipsa som allereie har kome inn. Dette skal vera tips om namngitte personar som kan stå bak.

– Det er vanleg etterforsking me gjer rundt desse tipsa. Me prøver å gå så langt me kan for å få vedkommande inn eller ut av saka, seier Buberg.

Flere nyheter fra Rogaland