Han valde å stå fram då saka mot han vart lagt til sides. Sambuaren til Tina Jørgensen, Trond Flaa, blei arrestert i 2001, og opplevde at politiet var heilt sikre på at han stod bak drapet.
– Dei trudde ikkje på eit ord av det eg sa. Dei hadde bestemt seg for at sånn var det, sa Flaa på ein pressekonferanse i samband med at siktinga mot han blei lagt bort 21. januar i 2003.
- LES OGSÅ:
Advokaten kritisk til politiet
Forsvararen frå den gongen, Atle Helljesen, er framleis kritisk til politiet sitt arbeid for 15 år sidan, og seier dei var lite villige til å etterforska alternative spor.
– Dei lo vel litt av meg då eg ikkje ville meine eller forstå at min klient hadde gjort dette, seier advokaten.
– Kvifor lo dei av deg?
– Dei meinte at han var den skuldige.
Spørsmål om mangelfull etterforsking
Ingen frå politiet i Stavanger kunne i dag svara på kritikken, men på ein pressekonferanse på fredag sa politioverbetjent Bjørn Kåre Dahl dette, på spørsmål om mangelfull etterforsking:
– Det har vore ei omfattande etterforsking, og at det no har kome fram
opplysningar som tek oss i ei ny retning, det må me berre ta til etterretning, seier Dahl.
– Så får me eventuelt i ettertid evaluera kvifor me ikkje såg dette den gongen.
Gløymer ikkje haldninga
– Det var ei haldning som eg reagerte på. Det har eg aldri gløymt. Og det trur eg helle aldri at min klient har gløymt. Han får vondt i magen berre han nærmar seg politihuset i Stavanger, fortel Atle Helljesen.
Sambuaren til Tina Jørgensen sat sju veker i varetekt, og fekk erstatning for det. Men advokaten seier at han likevel har følt seg mistenkt i alle år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I 2003 hadde han tru på at saka skulle bli oppklart.
– Eg trur den eller dei personane som har gjort det rotnar innvendig og ikkje greier å ha det på samvitet, for noko så sjukt og vilt går det ikkje an å gå rundt med, sa Flaa på pressekonferansen den gongen.
Nå, 15 år etter drapet, er fire barndomskameratar frå Lyngdal varetektsfengsla. Alle nektar skuld.