Hopp til innhold

Ranveig og naboane gjekk saman om å dyrka grønsaker

Det er grønsaksbonanza i norske hagar. – Under andre verdskrig var sist gong vi dyrka så mykje grønsaker og bær i private hager, meinar professor.

Ranveig Egenes dyrkar grønnsaker i pallekassar i fellesområdet til burettslaget på Storhaug i Stavanger

Ranveig Egenes dyrkar grønsaker på fellesområdet til burettslaget der ho bur.

Foto: Frida Moberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Den enklaste grønnsaken å byrja med er squash. Men jordbær, sukkererter og gulrøter er populære hos ungane i oppgangen, seier Ranveig Egenes.

Ho bur i burettslag i bydelen Storhaug i Stavanger. I saman med eit nabopar har ho sett opp 8–10 pallekassar på baksida av blokka dei bur i.

– Pallekassane har revolusjonert hagedyrkinga. Den er oversiktleg og kan stablast i fleire høgder, om det trengst, seier ho.

Ranveig Egenes plukkar eit jordbær av typen Senga sengane frå eiga avling

Ranveig Egenes slår fast at dei minste jordbæra er dei beste

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Å halde ein eller to kvadratmeter med jord fri for ugras, det er noko dei fleste tykkjer er overkommeleg, meiner Egenes.

Kraftig hopp i år

På Håland plantesal i Stavanger fekk dei mest sjokk då kundane strøymde inn porten på jakt etter nyttevekstar denne våren.

Håkon Håland frå Håland plantesalg i Stavanger sjekkar nye grønnsaksplanter han har fått inn.

Håkon Håland på Håland plantesal i Stavanger sjekkar dei nye grønnsaksplantene han har fått inn.

Foto: Frida Moberg / NRK

Først stengde Noreg ned, så brukte folk ei veke til å tenkje seg om, og så kom dei med planane klare for grønnsaksdyrking i hagen.

– Me opplevde ein auke i salet av grønsakplanter og frukt- og bærplanter på mest 40 prosent, i høve til fjoråret, seier Håkon Håland.

I tillegg har Håland opplevd at ei ny kundegruppe gjer seg gjeldande. Det er folk i 20-åra.

– Dei har lest seg opp og dei vil vite nøyaktig korleis dei skal få gode resultat, seier Håland, som har vore nøydd til å lese seg opp på plantene dei sel.

Klima og miljø er viktig for mange unge

– Hageeigarane her i landet har ikkje dyrka så mykje grønsaker, frukt og bær, sidan krigen, seier professor Dag Jørund Lønning.

Professor Dag Jørund Lønning er sjølvforsynt med grønnsaker frå eigen hage.

Professor Dag Jørund Lønning er sjølvforsynt med grønsaker frå eigen hage.

Foto: Frida Moberg / NRK

Han er rektor ved Hageskulen for grøn utvikling på Bryne i Rogaland og har skrive fleire bøker om jord og kompost.

Det manglar nøyaktige norske tal, men Lønning viser til utviklinga i Australia, England og USA. I alle desse landa står grønnsaksdyrking sterkt, og i USA auka produksjonen med 200 prosent i femårsperioden 2008–2013.

Broccolien veks godt i hagen på Jæren

Broccoli frå hagen til Dag Jørund Lønning

Foto: Frida Moberg / NRK

Professoren har og registrert at det er stor interesse blant ungdom til å dyrka sjølv, og meiner at korona-krisa har fått denne trenden til å skyta ytterlegare fart denne våren.

– Ungdom i 20-åra er opptatt av jord og av liv. Det skuldast nok at miljø og klima er viktig for dei, seier han.