Hopp til innhold

Flyttar frå olje til smartby-teknologi

Tre store bedrifter i Stavanger som tidlegare har jobba mot oljebransjen, går saman om å lage eit eige smartby-selskap. Torsdag ettermiddag blei EnablerHub presentert på Nordic Edge-konferansen på Tjensvoll.

Stiftar smartbyselskapet EnablerHub i Stavanger, Pål F. Bang og Vegard Grepstad

Pål Flemming Bang, Delfi, og Vegard Grepstad, UMS, er to av fleire som står bak smartbyselskapet EnablerHub.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Det er eit jamt sig av menneske på teknologimessa Nordic Edge i Expo-hallen på Tjensvoll i Stavanger.

Temaet er smartby-teknologi, noko som famnar dei fleste digitale løysingar som kan gjera livet enklare eller sikrare for innbyggjarane.

Skjermen som viser kor mange menneske det er med mobiltelefon i Stavanger sentrum akkurat nå.

Skjermen som viser kor mange menneske det er med mobiltelefon i Stavanger sentrum akkurat nå.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Vegard Grepstad frå selskapet UMS viser fram ein stor skjerm med kart over Stavanger sentrum og med forskjellige sirklar fordelt på kartet.

– Det du ser på skjermen viser kor mange menneske som har ein mobiltelefon på seg i Stavanger-området, fortel han.

Grepstad understrekar at skjermen hans ikkje kan vise kven det er som er i området, men altså kor mange dei er og kva land dei er frå.

Nøye overvaking

Torsdag ettermiddag i 18-tida på kvelden var det 236 170 menneske i området som kartet på skjermen dekker. Dei kom frå 96 forskjellige land. Det var 185 600 nordmenn, nest flest svenskar, medan det berre var 417 frå Spania.

Så mange menneske frå forskjellege land er i Stavanger sentrum.

Så mange menneske frå forskjellige land er i Stavanger sentrum.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Drosjeselskapet Ûber var nettopp her og snakka med oss. Dei er interesserte i vår teknologi for å finne ut kor i sentrum det er mest folk samla. Då kan sjåførane deira køyre dit kor det truleg er lettast å finne nokon som treng traxi, fortel Grepstad frå UMS.

– Og Kolumbus har tatt kontakt med oss. Dei vil vite kor det er mest folk i området, fordi dei skal planlegge nye bussruter, fortel Pål Flemming Bang frå IT-selskapet Delfi.

Stiftar smartby-selskap

Det er selskapa Roxel, Petrolink og Delfi, som saman har stifta smartbyselskapet EnablerHub. Alle dei tre selskapa har tidlegare vore sikta inn mot oljebransjen, men nå ser dei ein ny marknad i å levera teknologi til kommunane.

Det er tre ganske store selskap som står bak EnablerHub. Dei tar sikte på å tilby det dei kallar totalløysingar til kommunar som treng hjelp til å bli meir smarte.

Pål Flemming Bang, frå IT-selskapet Delfi, er ein av dei som har jobba med å etablere EnablerHub

Pål Flemming Bang, frå IT-selskapet Delfi, er ein av dei som har jobba med å etablere EnablerHub.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Me har ikkje alle produkta sjølve, men me veit kva andre selskap som tilbyr gode løysingar og me tar dei med på oppdraget, seier Pål Flemming Bang.

Språk ingen hindring

Vegard Grepstad kan fortelje at ambulansetenesta på Nord-Jæren har vore innom standen deira på messa.

Slik skal de leve smartere i Gjesdal

– Dei ønskjer å plassere ut ambulansane sine slik at dei kan koma raskast mogeleg fram til ulukker eller alvorleg sjuke pasientar, fortel han.

Og når systemet kjenner nasjonaliteten til alle som er i området, så kan for eksempel kommunen nå innbyggjarane på det språket dei forstår.

– Skjer det ein gasslekkasje og folk må koma seg vekk derifrå, så kan meldinga vera på tysk til tyskarane, og same melding på fransk til franskmennene i området, seier Grepstad.

Flere nyheter fra Rogaland