NRK Meny

Vil styre fire kommunar frå Forus

Med inspirasjon frå Rio og Glasgow, foreslår Pål Flemming Bang at alle fire kommunane på Nord-Jæren skal styrast frå Forus.

Operasjonssenteret i Glasgow

Frå operasjonssenteret i Glasgow i Skottland.

Foto: Glasgow smart city

Pål Flemming Bang er til vanleg innovasjonssjef i dataselskapet Delfi i Stavanger. Han er opptatt av utviklinga av det som blir kalla smartby-teknologi og meiner at kommunane på Nord-Jæren, bør gå inn for fullt på dette området.

Innovasjonssjef i Delfi Data i Stavanger, Pål Flemming Bang

Det er innovasjonssjef i Delfi Data i Stavanger, Pål Flemming Bang, som står bak forslaget.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Store delar av drifta til kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg kan styrast frå ein kommandosentral på Forus, seier Bang.

Inspirert av skottane

Den største byen i Skottland, Glasgow, er i første rekke på smartby-området i Storbrittannia.

Frå kommandosentralen sin fortel dei innbyggjarane om trafikk-korkar og kva gater syklistane bør unngå fordi det er for dårleg luftkvalitet.

Og skulle ein pasient forsvinne frå ein sjukeheim, eller eit barn frå ein barnehage, så trør kommandosentralen til og aktiverer politiet og andre offentleg tilsette, i jakta på å finne den har forsvunne.

Framtida ligg i smartby-teknologien

– Alle dei som spår om dette her, om dei kjem frå Microsoft eller andre stader, alle spår at dette er det next big thing. Dette er det verkeleg, verkeleg store, seier Pål Flemming Bang.

Beredskapssjef i Stavanger, Torstein Nielsen i beredskapsrommet i Stavanger kommune

Beredskapssjef i Stavanger, Torstein Nielsen, er sentral i utviklinga av beredskapsrommet i kommunen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han minner om at det er veldig mange byar i verda og at dersom rogalandsregionen lukkast i å utvikle ein smartby-teknologi som let seg eksportera, så er det store moglegheiter for ei slik næring.

Støttar idéen

Beredskapssjefen i Stavanger, Torstein Nielsen har sans for delar av tankane om ein kommandosentral. Han samlar sjølv sentrale folk i kommunen i eit eige beredskapsrom, dersom det skjer noko verkeleg alvorleg.

– Eg synest det kan vera fornuftig å sjå for seg ei samla drift av samfunnskritisk infrastruktur, slik som vatn, avløp, veg, telekommunikasjon og straum, seier han.

Sjølv kjenner Nielsen til at Bergen held på med å utvikla ein slik idé og han også fått med seg kva som skjer i Rio, der dei nyleg har sett ein slik sentral i gong.

Men samstundes har han også nokre kritiske kommentarar:

– Det ser fancy og fint ut med TV-skjermar der me kan følgje alle til ein kvar tid. Men viss du ikkje har folk til å reagera, når du ser kva som skjer på desse monitorane i kommandosentralen, så har du for så vidt ingen ting.

Del av EU-prosjekt

Stavanger er med i eit svært EU-prosjekt om smarte byar, for tida. Saman med Eidenhof og Manchester, er det Stavanger sitt ansvar å foreslå løysingar for mobilitet, IKT og energi.

Bjørg Tysdal Moe

Bjørg Tysdal Moe, KrF, er varaordførar i Stavanger og engasjert i arbeidet med å gjera Stavanger om til ein 'smartby'.

Foto: Tom Edvindsen / NRK

Det opplyser varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe. Ho vil ikkje ta stilling til idéen om ein felles kommandosentral på Forus for kommunane på Nord-Jæren, men seier at:

– Det viktigaste er at innbyggjarane får eit lettare og betre liv gjennom utvikling av smartby-teknologien.