Hopp til innhold

Får merksemd på Preikestolen

I sommar var det ein BMW, i haust var det Magnus Carlsen med eit svært sjakkbrett og i dag var det styrkeløft. – Det er ein fare for at folk snart blir leie av alle PR-stunta som skjer på Preikestolen, seier PR-ekspert Andreas Wabø.

Styrkeløft på Preikestolen

STYRKELØFT: I dag blei VM i styrkeløft promotert på Preikestolen i Lysefjorden.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Andreas Wabø

Andreas Wabø er administrerande direktør for kommunikasjonsselskapet Geelmuyden Kiese.

Foto: Gelmuyden.Kiese

«Dersom ein vil ha merksemd; gjer eit sprell på Preikestolen.»

Den seinare tida kan det virka som om dette er den rådane tanken, når ein vil få nyheitsoppslag om eit arrangement.

– Spektakulær plass

I dag var det tredje gong på kort tid at pressa blei invitert med for spektakulære bilete på Preikestolen, som ligg 604 meter over Lysefjorden.

Sjølv om styrkeløft har lite med norsk natur å gjera, var det verdsmeisterskapen i denne idrettsgreina som skulle promoterast.

– Det er klart at ein skaper merksemd ved å plassera eit framandelement på ein så spektakulær plass. Dette er jo også ein stad med flott utsikt, som folk kjenner att, seier Andreas Wabø. Han er administrerande direktør i kommunikasjonsselskapet Geelmuyden Kiese.

BMW på Preikestolen

BMW: Oljemessa ONS skapte i august i år blest rundt festivaldelen av programmet sitt. Her skulle fleire dekorerte BMW-ar stillast ut. Ein av dei var først innom Preikestolen for fotografering.

Foto: Dag Myrestrand / Bitmap
Sjakk på Preiekstolen

SJAKK: For om lag ein månad sidan blei Norway Chess 2013 promotert på Preikestolen. Magnus Carlsen og eit svært sjakkbrett var det som måtte til for å få pressa på kroken.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK
Kollywood innspeling Preikestolen

INDISK FILM: Her blir dansescenar til den indiske storfilmen «Ko» spelt inn på kanten av Preikestolen. Innspelinga gjekk føre seg i september 2010.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Dagens fotografering blei gjennomført med helikopterbilete og bilete frå land, og få kan sei noko på at bileta blei spektakulære.

Men nå meiner PR-eksperten at me snart kan vera metta på denne type stunt.

Folk kan gå lei

I sommar blei det stor ståhei då ein dekorert BMW blei frakta til Preikestolen med helikopter.

Mediedekninga var stor, og dermed fekk også oljemessa ONS mykje merksemd rundt kunstutstillinga dei skulle ha, med fleire av den same type BMW-ar.

Det gjekk ikkje lang tid før Region Stavanger og Norway Chess såg sitt snitt til å skapa blest rundt sjakkturneringa, som skal arrangerast i Stavanger i 2013, på same måte.

Det vil sei; på Preikestolen, men litt meir moderat. Magnus Carlsen spelte sjakk mot noregsmeister Kristoffer Madland på fjellplatået. Pressa var sjølvsagt til stades.

– Når denne type PR-stunt skjer oftare og oftare vil jo også nyheitsverdien søkkja. Etter kvart vil det jo berre bli endå nokon som skal finna på noko på Preikestolen, seier Wabø.

«Eventmarketing»

Wabø kallar denne type marknadsføring for ein type «Eventmarketing».

– Ein nyttar seg både av hendinga og staden, seier han.

Men han understrekar at dersom ein heile tida nyttar den same staden vil den bli brukt opp, som med det meste anna.

Og med pågangen som har vore i år ser han ikkje vekk frå at mettingspunktet for Preikestolen nå nærmar seg.

– Dersom det nå kjem ein møbelforhandlar på banen, som vil innreia på preikestolen, trur eg ikkje effekten lenger vil vera like stor, seier han.

Reint personleg har heller ikkje PR-eksperten heilt sans for denne måten å nytta turistattraksjonen på. I alle fall ikkje når frakt med helikopter eller foto med helikopter, er ein viktig del av opplegget.

– Eg meiner at dette bør vera ein stad som ein går til, og ikkje ein stad ein flyg helikopter til.

VIDEO: Sjå dagens TV-innslag frå Preikestolen

Dei er tøffe styrkeløftarar som ligg heilt i verdstoppen, men i dag fekk dei nok litt kneskjelv.

►SJÅ VIDEO: Styrkeløft på Preikestolen. (Foto: Arild Eskeland)

Filminnspelingar

I tillegg til PR-stunt blir også Preikestolen nytta til filminnspelingar. Nyleg blei mellom anna ein reklamefilm for kvitvin spelt inn i den norske naturen.

Og etter Mette Marit inviterte indisk filmindustri til Norge i 2006, var eit fullt Kollywood-set på plass på Preikestolen fire år etter.

Ei dramatisk dansescene skulle spelast inn på Preikestolen.

Naturvernforbundet er glade for at Preikestolen får mykje merksemd, men er også kritiske til alt for store prosjekt og opplegg.

– Me må ikkje gløyma at det store fleirtal kjem opp her for å oppleva ro i norsk natur, seier dagleg leiar Erik Thoring.