Hopp til innhold

Kva gjer ein BMW på Preikestolen?

Ein av BMW sine 17 kunstbilar var tysdag oppe på Preikestolen, 604 meter over havet.

BMW på Preikestolen

Tysdag blei ein BMW frakta opp til Preikestolen og ned att. Dette er truleg den første bilen som har vore på fjellklippa.

Foto: Dag Myrestrand / Bitmap

Årsaka til at eit helikopter i dag har flydd ein BMW opp på Preikestolen og ned att, er oljemessa som startar i Stavanger neste veke.

Festivaldelen av messa får då besøk av sju BMW-ar som er dekorerte av verdskjende kunstnarar.

– Når BMW deltek på slike ting, er det ein del av opplegget at dei fotograferer bilane på spektakulære stader, seier Line Grønhaug, som er kommunikasjonsrådgivar for ONS.

Ho seier at valet derfor falt på Preikestolen då det skulle bli tatt bilete av BMW M3 GT2, som er dekorert av Jeff Koons frå USA.

– Dette har vore planlagt lenge og me har fått godkjenning frå Forsand kommune, så vidt eg kjenner til er det første gong med ein bil på Preikestolen, seier Grønhaug.

Dei andre bilane som skal bli stilte ut i Stavanger neste veke er dekorerte av Roy Lichtenstein, R. Rauschenberg, Matazo Kayama, Esther Mahlangu, A.R. Penck og David Hockney.

BMW på Preikestolen

BMW-en på Preikestolen vekte stor oppsikt.

Foto: Dag Myrestrand / Bitmap