Hopp til innhold

Dette skal gjera folk tørste på vin

Lysefjorden i Rogaland, Mardalsfossen i Møre og Romsdal og Folgefonna i Hordaland vil bli filmsett for vinreklame i sommar. – Vin og fjord er ikkje den beste koplinga meiner politikar i Krf-kommunen Forsand.

Preikestolen

Det australske vinprodusenten Lindeman’s vil mellom anna bruka Lysefjorden for å promotera rosèvinen sin.

Foto: Halfdan Carstens

Mardalsfossen

Lindeman's falt også for Mardalsfossen i Møre og Romsdal då dei avgjorde kor dei skulle filma inn videoen sin.

Foto: Tor Havnevik
Brefarer på Folgefonna

Folgefonna i Hordaland blir også filmsett i sommar.

Foto: Bjørn Kjetil Hansen

Spektakulær norsk natur vil vera bakteppe når den australske vinprodusenten Lindeman's skal laga ein reklamefilm for rosèvinen sin i sommar.

Stadene dei har hamna på har blitt vald etter dei utlyste ein konkurranse på nettet.

  • Kva meiner du om at norsk natur skal gjera folk tørste på vin? Sei meininga di nedanfor.

– Klarte ikkje å bestemma oss

Planen var at dei skulle bruka eitt fylke men etter stort press frå kommunar, turistbyrå og eldsjeler endra planane seg seier Lenita Nylund, som er ansvarlig for Lindeman’s i Norden:

– Me klarte rett og slett ikkje å bestemma oss. Derforblei løysinga å utvida innspelinga til å inkludera tre fylker, seier Nylund.

Ho legg til at ho nå gledar seg til å få sjå dei utvalde stadene når innspelinga byrjer i sommar.

Les òg:

– Skulle heller vore vatn

Sjølv om Krf-politikarane i Forsand kommune ikkje kjem til å nekta filmfolket åtgang i Lysefjorden er ikkje alle like nøgde med besøket:

– Vin og fjord er ikkje den beste koplinga, eg meiner det hadde vore mykje kjekkare om dette var ein reklamefil for til dømes vatn, seier Siv Fossum som er gruppeleiar for Forsand Krf.

Men ho legg til at ho forstår at denne koplinga er heilt problemfri for mange.

– God reklame

Nylund meiner at dette vil vera god reklame for Norge, og at menneskjer frå heile verda kan koma til å sjå videoen.

– Nordisk natur- og kulturlandskap, kledd i sommerdrakt, er perfekt i samspel med rosévinen våres. Me på Norden-kontoret blei derfor veldig glade då Lindeman’s internasjonale leiing informerte om at filmen skal bli spelt inn på tre stader i Norge, seier Lenita Nylund.

På Lysefjordsenteret er dei svært glade for besøk frå videoprodusentane, trass i at det koplar preikestolen saman med alkohol:

– Det gjer ingenting at dette handlar om alkohol, all reklame er god reklame. Eg forstår godt at dei vil koma her sidan det er så flott her, seier Inger Marie Johannesen som er dagleg leiar på Lysefjordsenteret.