Hopp til innhold

Kollywood film i norsk natur

I 2006 inviterte kronprinsesse Mette Marit indisk filmindustri til Norge. Dei tok ho på ordet.

Video kollywood-220910_RO.mp4

Sjå ei litt uvanleg filminnspeling frå Preikestolen på tysdag. (Foto: Arild Eskeland)

Ein tamilsk storfilm har dei siste dagane blitt spelt inn i norsk vestlandsnatur. Spektakulære Preikestolen var siste stopp.

Det er ein av dansescenane i den indiske storfilmen «Ko» som skal føregå i det dramatiske fjellandskapet. Skodespelar Karthinka kan fortelja at dette er ein film som inneheld alt.

– Den har romantikk, spaning og dans. Først og fremst er det likevel ein politisk thriller, seier Karthika som speler journalist og helt i fimen.

  • «Eg frøys nesten ihjel» Sjå intervjuet med Karthika under:

Tok Mette Marit på ordet

Filmen blir regissert av K.V. Anand, han går for å vera ein av dei største toppregissørane i det som blir kalla Kollywood i Sør-India, den tamilske delen av indisk film.

Video Kollywood.mp4

Karthika frys når ho er i Noreg. (Foto: Arild Eskeland)

Teamet filmar over heile verda, og det var etter kronprinsparet vitja India i 2006 at regissøren blei klar over Norge. Då inviterte kronprinsessa indisk filmindustri til Norge. Anand trur at denne innspelinga vil få ringverknader.

– India lager 1000 filmar i året på ti språk. Etter dette vil nok fleire filmfolk frå India koma hit, seier regissøren.

Bratt landskap

Regissøren fant Preikestolen på internettet. Skodespelar Kathinka spelte inn ei scene der ho måtte stå heilt ytst på Preikestolen.

Kollywood innspeling Preikestolen

På kanten av fjellstupet dansar tamilske filmstjerner.

Foto: Arild Eskeland / NRK

– Eg sørgja for å ikkje kikka ned, eg blei litt skremt når min kollega sa «ikkje rør deg, ikkje rør deg», men det gjekk greitt, seier skodespelaren.

Det var norske fjellklatrarar på staden som sørga for tryggleiken.

For dei skodelystne skal filmen vera ferdig i februar, og då skal den bli vist i Oslo.

Video Kollywood_2.mp4

Jiiva speler helten i filmen. Han liker godt Norge. (Foto: Arild Eskeland)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.