Hopp til innhold

Her øydelegg helikopteret fjellfreden for turistane på Preikestolen

Fleire gonger dagleg flaksar det bråkete helikopter 150 meter over Preikestolen når det er høgsesong. Nå vil kommunen setja ein stoppar for problemet, som får mange turistar til å klaga.

Helikoptre som svever over Prekestol-platået er blitt en plage både for turister og for Forsand kommune.
Nå ber de helikopterselskapene føye seg etter reglene, men hvilke regler som gjelder er de ikke enige om.

Helikoptre over Preikestolen har blitt eit problem for turistar og for Forsand kommue.

Helikopter over Preikestolen

Her passerar eit helikopter over Preikestolen.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Godt over 100.000 turistar finn kvart år vegen til Preikestolen i Ryfylke i Rogaland, og mange vil påstå at turen opp er halve opplevinga.

Men ikkje alle er samde i dette. For dei siste åra har det blitt meir og meir populært å betala dyrt for å sveva over attraksjonen, som Lonely Planet har kåra til verdas beste utkikkspunkt, i helikopter.

Dette til mange si store forarging.

– Me har døme på at folk har mista ryggsekk med pengar og pass fordi helikopteret har kome for nære på, seier Børje Svensson, landbrukssjef i Forsand kommune.

Børje Svensson

Børje Svensson er landbrukssjef i Forsand kommune.

Foto: Erik Waage / NRK

Mottar klagar

Dei mottar stadig fleire klagar frå turistar, som ikkje hadde rekna med støyfulle helikopter over den fredfulle norske fjellheimen.

– Det blir meir og meir populært å fly helikopter her, det er ein tendens me har sett i fleire år. Men mange fotturistar blir veldig irriterte, og skremde, av helikoptera, seier Svensson.

Det er faktisk nå så populært med desse turane at helikopterselskapa kan ha 20 turar i veka.

– Det varierar jo veldig mykje, og det er vêravhengig. Men på ei veke i topperiodar kan det bli ti, femten eller tjue helikopterturar over Lysefjorden. I andre, og meir rolege periodar har me kanskje ein til tre turar i veka, seier Thor Gunnar Johansen, som er dagleg leiar for helikopterselskapet NorCopter.

Helikopter over Preikestolen

Då NRK var på Preikestolen torsdag 28. juni, i samanheng med eit anna oppdrag, flaug det i løpet av to timar, to helikopter over turistattraksjonen.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

Tolkar reglane ulikt

I Forsand kommune har dei snart fått nok av helikoptertrafikken som dei meiner er for låg.

Thor Gunnar Johansen

Thor Gunnar Johansen, som er dagleg leiar for helikopterselskapet NorCopter.

Foto: Erik Waage / NRK

– Slik kommunen tolkar reguleringsplanen, har ikkje helikoptera lov til å koma nærmare enn 300 meter ut og opp frå Preikestolen, og området rundt, seier Svensson.

– Er det mange som gjer det?

– Ja, det er veldig mange som kjem langt nærmare enn dette.

Det er det kanskje ein grunn til. For helikopterselskapa har nemleg ei heilt anna tolking av regelverket. Dei meiner dei kan koma dobbelt så nære. Altså 150 meter.

– Kor lågt flyr de?

– Slik me tolkar regelverket kan me fly ned til 500 fots høgd, eller 150 meter, seier Johansen i NorCopter.

(Artikkelen held fram under videoen.)

At det å gå til toppen av Preikestolen er halve opplevelsen, det er ikke alle enige i. Flere vil kjøre helikopter over for å se naturen fra oven, og det kan by på problemer.

SJÅ VIDEO: Her flyr helikopteret over preikestolen og turistane.

– Det kan bli søksmål

Og det er ikkje berre berre å bli samde om kor lågt ein kan fly.

Nå skal kommunen og fylkesmannen senda brev til helikopterselskapa med beskjed om det dei meiner er gjeldande reglar, og dersom dei ikkje følgjer opp kan det få konsekvensar.

– Det kan bli aktuelt å gå til søksmål mot dei i enkelttilfelle, dette for å få helikopterselskapa til å respektera at dei har reglar dei må forhalda seg til.

Nor Copter ser berre positivt på at kommunen nå vil klara opp i regelverket.

– Me har hatt ein dialog om dette med kommunen tidlegare, me ser det berre som bra om me kan få ei oppklaring i kva som er dei faktiske reglane, seier Johansen.

Og for han blir det turar over Preikestolen uansett.

– Ein helikoptertur over Lysefjorden er spektakulært anten det er 150 eller, 300 meter, over preikestolen.