Hopp til innhold

Equinor får millionbot etter gasseksplosjon

To personar kunne døydd av ulukka i 2019. No får gigantselskapet bot for alvorlege regelbrot.

Gassflaska som eksploderte

Denne gassflaska eksploderte på plattforma i 2019 og heldt på å ta livet av to unge arbeidarar.

Foto: Sør-Vest politidistrikt / Petroleumstilsynets granskingsrapport

E24 skreiv først om saka.

28. november 2019 vart to personar alvorleg skadd då ei gassflaske eksploderte på ei plattform på Heimdal-feltet i Nordsjøen.

Ein 22 år gamal automatikar vart alvorleg skadd og fekk kritiske blødingar i begge beina i eksplosjonen. Ein 19 år gamal mekanikarlærling som sto like ved vart også alvorleg skadd.

Rask førstehjelp og behandling på veg til sjukehuset gjorde at dei båe berga livet.

No har Equinor fått ei bot på 3 millioner kroner grunna alvorlege regelbrott.

Ferske arbeidarar

Den 22 år gamle automatikaren var på sin andre tur ut på plattform. Mekanikarlærlingen var på sin tredje.

Petroleumstilsynet sin rapport om ulukka frå mai 2020 seier det berre var lukketreff som gjorde at dei to ikkje mista livet i ulukka.

22-åringen låg på sjukehus i fem og ei halv veke, medan 19-åringen vart skriven ut etter tre veker.

Heimdal gassfelt ligg utanfor Haugesund.

Alvorlege manglar

Petroleumstilsynet lista i rapporten opp ei rekke alvorlege regelbrott, og konkluderte med at Equinor kunne gjort meir for å forhindre ei slik hending.

Blant brotta på regelverket lista tilsynet opp:

  • Utilstrekkeleg sikkerheitsklarering av aktivitetar
  • Manglande barrierar mot overtrykk i gassylinderen
  • Manglande kompetanse for bruk av pumpa og gassylinderen
  • Mangelfull planlegging og risikovurdering av nett det arbeidarane heldt på med
  • Mangel på prosedyrar og rutinar for fylling av gassflasker

Godtek bota

– Dette var ei alvorleg arbeidsulukke som har gått sterkt inn på oss, seier Eskil Eriksen, talsperson i Equinor.

Selskapet har godteke bota på 3 millionar som politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt har pålagt dei.

Pressetalsmann Eskil Eriksen.

Eskil Eriksen er pressetalsmann i Equinor.

Foto: Equinor

– Vi har vore opptekne av å følgje opp dei skadde, deira pårørande og kollegaane deira etter ulukka, seier Eriksen.

Har innført fleire tiltak

Selskapet skal no ha gjort endringar på pumpa som vart nytta til å fylle flaska som eksploderte. No skal der vere ei sperre som gjer at trykket ikkje vert like stort.

Equinor har også innført prosedyrar ved bruk av pumpa, slik at personell som skal ta den i bruk skal vite korleis den fungerer, skriv E24.

– Heilt sidan november 2019 har vi jobba systematisk med læring og tiltak etter ulukka, seier Eriksen til avisa.