Hopp til innhold

Mann i 40-åra døde i arbeidsulukke i Sandnes

Ein mann i 40-åra har omkome etter ei arbeidsulukke i Sandnes sentrum. Krimteknikarar og Arbeidstilsynet gjer undersøkingar.

Arbeidsulukke i Sandnes

Fleire naudetatar var til stades etter ulukka.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

  • Oppdatering 10. september: Det var 42 år gamle Rune Hadland som omkom i ei arbeidsulukke i Sandnes på onsdag. I ei pressemelding frå politiet skriv dei at namnet blir frigitt i samråd med pårørande. Hadland var busett på Nærbø.

Ein person har fått eit stort og tungt element over seg i Sandnes, melder politiet. Først karakteriserte dei det som ei alvorleg arbeidsulukke.

Ulukka blei meld klokka 12.07.

Politiet har seinare fortalt at den omkomne er ein mann i 40-åra.

Kort etter blei vedkommande erklært død av lege på staden, melder politiet.

Dei pårørande er varsla om hendinga.

– Politiet ynskjer å prate med dei som har vore vitne eller har opplysningar om det som skjedde, seier Victor Fenne-Jensen hjå politiets operasjonssentral til NRK.

Anleggsområdet der ulukka skjedde er midt i sentrum av Sandnes.

Gjer undersøkingar på staden

– Det er varsla kriseteam til å ta vare på dei som var på staden då dette skjedde. Kriminalteknikarar og Arbeidstilsynet er og varsla og vil kome for å gjere sine undersøkingar, seier Fenne-Jensen.

Politiet seier dei per no ikkje har klart føre seg kva som har skjedd.

– Det vi veit er at eit stort, tungt element – truleg fleire tonn – har falle ned og treft ein arbeidar. Detaljar utover det kjenner eg ikkje mellombels, seier Fenne-Jensen.