Hopp til innhold

Ein alvorleg skadd i gasseksplosjon på Heimdal-plattforma

To personar er sende til sjukehus etter ei arbeidsulukke på Heimdal-feltet torsdag kveld. Ein person er alvorleg skadd.

Heimdal plattform

GASSFLASKE EKSPLODERTE: Ulukka har skjedd på gassfeltet Heimdal. (Arkivbilde)

Foto: Hydro ASA

Ulukka skjedde då ei flyttbar gassflaske eksploderte. Tilstanden er alvorleg for ein av personane, ein tilsett i Equinor. Skadane er ikkje livstruande, melder NTB.

Dei to skadde er frakta med helikopter til Stavanger universitetssjukehus og Haukeland universitetssjukehus, opplyser pressetalsmann Morten Eek i Equinor til VG.

– Eg kan ikkje si noko om tilstanden. Det vi har gjort er å sikre at de får den oppfølginga dei treng. Pårørande er varsla og varetatt, seier han.

Eek seier Equinor vart varsla om ulukka like etter klokka 18. Han seier at to vart skadd i forbindelse med at ein flyttbar gassflaske eksploderte. Eksplosjonen førte ikkje til ytterlegare materielle skader.

Operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt seier til NTB at de vart varsla klokka 19.10. Ho seier politiet har sendt taktiske og tekniske etterforskarar til staden. Ho er ikkje kjent med om politiet har dratt til feltet eller om dei er på veg.

Til VG seier Bjørnsen at Arbeidstilsynet er varsla.

Redningsleiar ved Hovudredningssentralen Siv Namork seier til avisa at dei har hjelpt til med redningshelikopter til å hente ut éin skadd person.

Heimdal-feltet, som vert drifta av Equinor, er eit gassfelt på Utsirahøgda, 200 kilometer vest for Hordaland, nær grensa mot britisk sokkel.

Det har tidlegare vore fleire hendingar på Heimdalfeltet, mellom anna ein stor gasslekkasje i 2012. Petroleumstilsynet meinte den gong at lekkasjen var blant dei mest alvorlege på norsk sokkel på fleire år. Statoil fekk pålegg om å identifisere årsakene til at fleire tryggleiksbarrierar svikta. Det var og ein periode problem med generatorane for naudstraum på Heimdal.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT