Hopp til innhold

Trur me får meir å rutta med i 2024: – No går det mot lysare tider

Ekspertar meiner me går inn i ei tid med betre økonomi. Men du må likevel hugsa å spara.

Julehandel på kjøpesenter

Julehandelen får som regel opp både forbruket og pulsen. Men neste år kan bli eit godt økonomisk år, trur ekspertar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Desember er neppe den månaden i året du klarer å spara mest. Så i ei hektisk førjulstid der pengane forsvinn frå kontoen i eit lynraskt tempo, kan det vera kjærkomme å lesa dette:

Du kan få meir å rutta med neste år. For lønnsauken blir større enn inflasjonen, meiner ekspertar.

Eller sagt på ein annan måte: Du kjem til å tena meir enn utgiftene dine aukar.

– Mange har opplevd ei krevjande tid i privatøkonomien. Dette er kjempegode nyheiter for folk flest, seier sjeføkonom Kyrre Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank.

– No går det mot lysare tider.

Kyrre M. Knudsen

Kyrre Knudsen har jobba i Noregs Bank, Statoil og Finansdepartementet. No er han sjeføkonom i Sparebank 1 SR-Bank i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Vil få auka kjøpekraft

Han viser til at lønningane har auka med 11 prosent i sum dei tre siste åra. Inflasjonen har derimot auka med 10,8 prosent.

Dermed tyder alt på at lønnsauken neste år blir klart høgare enn inflasjonen – slik at det blir ein auke i reallønna.

– Det har me ikkje hatt dei siste åra. Lønnsauken vil vera med på å auka folks kjøpekraft. Desse anslaga blir også støtta av Statistisk sentralbyrå (ekstern lenkje) og Noregs Bank, seier Knudsen.

Også sjeføkonom Kari Due-Andresen i Akershus Eiendom meiner det vil vera svært positivt om folk får litt betre råd frå neste år.

– Det vil vera veldig kjærkomme, for prisveksten har vore utruleg høg dei siste åra. Mange slit med å takla høge renter og eit kostnadsnivå som er generelt høgt, seier ho.

Les også Slik merkar «vanlege familiar» at ting har vorte dyrare: – Kjøleskapet er ofte halvfullt

Iselin og Sverre

Trur toppen endeleg er nådd

Due-Andresen understrekar at for høg lønnsvekst også kan vera ei kjelde til høg inflasjon, noko som igjen kan bidra til at bedriftene set opp prisane for å kompensera for lønnsveksten.

– Denne «lønns- og prisspiralen» kan igjen føra til høgare rente, men alt dette blir jo veldig teoretisk og teknisk. Det ein kan håpa på, er at lønningane stig litt meir enn prisane neste år. Då vil folk få litt betre råd, seier Due-Andresen.

Kari Due-Andresen, sjeføkonom i Handelsbanken

Kari Due-Andresen har erfaring frå Handelsbanken, Noregs Bank, DNB og Økonomisk Institutt. No er ho sjeføkonom i Akershus Eiendom i Oslo.

Foto: Handelsbanken Norge

Knudsen i Sparebank 1 SR-Bank var blant ekspertane som vart svært overraska då Noregs Bank sette opp styringsrenta for 14. gong sidan 2021. No tyder det meste på at rentetoppen er nådd – ein gong for alle.

– Toppen er nok nådd, men me vil vera der ei stund. Noregs Bank har signalisert at den noverande styringsrenta på 4,5 prosent vil stå stille til hausten 2024, seier Knudsen.

Les også – Fattigdommen har fått nye ansikter

Mona ligger og hører på musikk.

Oppmodar til moderasjon

Han trur mange allereie har teke grep for å stramma inn eige forbruk, og han oppmodar til å halda fram i dei banane.

– Ikkje gambla med at alt snur over natta. Negative hendingar som krig og pandemi har ein tendens til å komma brått på. Og då er det lurt å ha kontroll på eigen økonomi.

Han får støtte av sjeføkonom-kollega Due-Andresen.

– Måtehald og moderasjon vil framleis vera viktig. Hugs at renta vil halda fram med å vera høg, seier ho.