Hopp til innhold

Ingebrigtsen går inn i avgjerande fase: – Der er det mange som bommar

Nesten ingen veit kva Jakob Ingebrigtsen gjer i vekene før OL.

EM friidrett 2024 i Roma

NO STARTAR JOBBEN: EM-gulla i Roma var eit delmål, men sesongens store mål er sju veker unna.

Foto: Lise Aaserud / NTB

EM-sølvvinnar George Mills' innrømte uoppfordra at hans norske favorittord er «terskel» etter 5000-meteren i Roma.

Omgrepa «den norske modellen» og «dobbel terskel» har blitt eit fenomen i internasjonal løping, og blir assosiert i stor grad med treninga til Jakob Ingebrigtsen.

Les også Utviklinga har eksplodert: – Visste ikkje at ein kunne verte gode

2024 European Athletics Championships, day 2

Men dei fleste veit berre kva nordmannen driv med på eit overordna plan. Dei veit han spring to økter på ein intensitet der kroppen ikkje produserer mjølkesyre tysdag og torsdag, men detaljane kan dei sjå langt etter.

– Det å trene dobbel terskel og mykje mengde er ekstremt enkelt. Det er berre grunnlaget. Det å sette på taket på denne grunnmuren, det er det som er viktig, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.

EM friidrett 2024 i Roma

SEKS AV SEKS: Jakob Ingebrigtsen spente musklane etter sitt sjette EM-gull. På seks forsøk har det blitt full pott.

Foto: Lise Aaserud / NTB

Berre dei som er aller tettast på Ingebrigtsen veit korleis han skal førebu forsvaret av OL-gullet frå Tokyo. Andre må gjette.

– Når dei skal gjere om det grunnlaget til noko som betyr å springe fort. Der er det mange som bommar. Og der er det ikkje mange som kopierer oss.

Les også Program for friidrett i 2024

Friidrett

Spikra plan for lengst

Ingebrigtsen vil ikkje nødvendigvis forklare det med hemmeleghald, men avslørte i februar at planen for dei siste seks vekene inn mot OL var klar. Og den er det knapt nokon som kjenner til.

– Viss eg skal springe fort i OL … Kva gjer eg da dei siste seks vekene? Det er det ingen som gjer likt meg.

– Men veit du allereie no kva du skal gjere dei siste seks vekene frå OL?

– Ja.

No er det sju veker til det første startskotet går for Ingebrigtsen i Paris.

Då EM-gull nummer fem og seks blei sikra i Roma, bar det raskt vidare. Før den nærståande fødselen til kona og NM i Sandnes mot slutten av månaden, skal han legge ned ein jobb i St. Moritz.

Ingebrigtsen fortel at programmet kontinuerleg blir evaluert saman med storebrørne Henrik og Filip. Alt frå komponering av øktene til små fartsendringar.

– Det er kanskje litt hemmeleghald med eksakt utføring i mengdearbeidet. Dei norske vi har med oss på trening nå får ei lita a-ha-oppleving av kor lite vi gjer det eine og kor mykje vi gjer det andre. Spesielt kanskje dei siste fem–seks vekene før konkurranse, seier Ingebrigtsen – og fortset:

– Der kan ein øydelegge veldig mykje om ein trenar for hardt eller for mykje.

– Fy søren, dei trenar jo bra

Fredrik Sandvik deltok på 3000 meter hinder under EM, og er ein av dei som har vore mykje med Ingebrigtsen på leir dei siste åra.

– Det er eit sjukt nivå, seier Sandvik.

EM friidrett 2024 i Roma

HINDERLØPAR: Fredrik Sandvik satsar på 3000 meter hinder.

Foto: Lise Aaserud / NTB

Han har fått eit innblikk i korleis treningskvardagen til verdseinaren ser ut.

Der størsteparten av kvardagstreninga ikkje inneheld nokon store løyndommar, så har han fått seg nokre overraskingar når det gjeld treninga Ingebrigtsen gjennomfører i ein formtoppingsperiode.

Eg var jo med Jakob før VM i Budapest i fjor. Da fekk eg den opplevinga. Så har eg no vore med og trena med dei gjennom heile vinteren, hausten og våren. Då har det ikkje bode på så mange overraskingar, sånn sett. Men det er nok litt som når han seier at det er den treninga som er no, som han kanskje på ein måte overraskar mest, seier Sandvik.

Moa Bollerød har også vore ein del av treningsgruppa til Ingebrigtsen. Han meiner det ikkje blir gjort nokon sinnssjuke greier, men beskriv «aha-opplevinga» slik:

– Fy søren, dei trenar jo bra. Det er jo ein grunn til han er så god. Det eg merkar mest er når det verkeleg drar seg til. Da merkar ein forskjellen på dei som er kanten og dei som er over. Vi som er bak kan hamne litt utanfor.

Les også Dropper hjemreise etter EM-gullet: – Regner med jeg får et forvarsel

EM friidrett 2024 i Roma

På spørsmål om han stoler på at opplegget kjem til å fungere inn mot OL, svarer Ingebrigtsen raskt med latter:

– Det har fungert før ...