Hopp til innhold

NHO strammar grepet etter Finnes' aksjekjøp: Tilsette må registrere aksjar

Etter aksjehandelen til Norsk Industri-tilsett Sindre Finnes, har arbeidsgjevarorganisasjonen NHO sett seg nøydde til å ta grep.

Statsminister Jonas Gahr Støre (t.v.) besøker Gulen og Hyllestad kommune i Vestland fylke tirsdag 7. juni. LO-leder Peggy Hessen Følsvik og NHO-leder Ole Erik Almlid (t.h.) er også med på besøket.

Ole Erik Almlid (t.h.) er administrerande direktør i NHO. Her saman med statsminister Jonas Gahr Støre for eit par år sidan, på besøk til Equinor sitt store havvindprosjekt Hywind Tampen i Gulen og Hyllestad kommune.

Foto: Bjørnar Morønning / NTB

NHO er den mektigaste næringslivsorganisasjonen i Noreg, og får ofte innblikk og blir involverte i diskusjonar om politikk som kan ha mykje å seie for næringslivet.

Styresmaktene rådførte seg med NHO før dei dryssa milliardar av kroner til bedrifter under pandemien, til dømes.

Fram til no har ikkje dei tilsette vore nøydde til å rapportere om kva slags aksjar dei eig, kjøper og sel.

Sidan i haust har leiinga arbeida med foreiningane til dei tilsette om dei ferske retningslinjene. No er det berre detaljar som står att før eit nytt registreringssystem blir rulla ut:

  • Rapportere: Aksjar, kjøp- og sal skal rapporterast frå første krone i eit digitalt system.
  • Ingen binding: Det blir inga bindingstid, eller frys, på handel av aksjar. Det vil seie at ein kan kjøpe og selje som ein vil.
  • Aktsamheitsplikt: Dei tilsette skal ikkje eige eller handle aksjar som kan svekke tilliten til den tilsette eller NHO.

Måndag denne veka vart styret i NHO orienterte om dei nye retningslinjene.

Nina Kraugerud Ertzaas

Nina Kraugerud Ertzaas er kommunikasjonsdirektør i NHO.

Foto: Moment Studio

– Etter Sindre Finnes-saka var det naturleg og riktig for oss å gå gjennom våre interne retningslinjer, seier Nina Kraugerud Ertzaas, områdedirektør i NHO.

Stramma inn reglane

I fjor haust avdekka E24 at ektemannen til Høgre-leiar Erna Solberg handla aksjar i stort monn i åra ho var statsminister.

Finnes har jobba som fagsjef i Norsk Industri, ein av NHO sine 18 landsforeiningar, sidan 1998. Blant selskapa Finnes handla aksjar i, var fleire av dei medlemsbedrifter i Norsk Industri.

Foreininga gjorde ein full gjennomgang av aksjehandelen, og stramma etterpå inn reglane for korleis dei tilsette kunne handle med aksjar.

I Norsk Industri får ikkje tilsette lenger lov til å handle enkeltaksjar eller finansielle instrument i børsnoterte medlemsbedrifter i Norsk Industri.

Det er dei 260 tilsette på hovudkontoret til NHO dei nye reglane vil gjelde for, ikkje for dei 18 landsforeiningane.

– Det er opp til kvar enkelt landsforeining korleis dei ønskjer å løyse dette, forklarer Ertzaas.

– Tillit til vår habilitet

Ertzaas seier det er viktig at NHO strammar inn, då organisasjonen «lev av tillit frå medlemmar, styresmakter og samarbeidspartnarar».

– NHO er sjølvsagt for privat eigarskap og aksjar, men må samstundes ta vare på tilliten til vår habilitet.

Ertzaas forklarer at dei noko er i dialog med to aktørar som skal levere det digitale registreringssystemet.

– Er HR-avdelinga som skal sjekke og følgje med på registeret?

– Nokre ytst få medarbeidarar knytt til HR vil ha tilgang til desse opplysningane, seier Ertzaas.

– God balanse

Leiinga har forhandla med dei to fagforeiningane i NHO, Negotia og Husforeininga.

Begge foreiningane seier det står att nokre detaljar før dei nye retningslinjene er klart spikra.

Helge Rege Gårdsvoll, NHO.

Helge Rege Gårdsvoll jobbar som informasjonsarkitekt i NHO, og er nestleiar i Husforeininga for dei tilsette i organisasjonen.

Foto: NHO

– Forslaget vi jobbar med har ein god balanse mellom tilsette sin handlefridom og kontroll over eigen privatøkonomi på den eine sida, og NHO sitt behov for tydelegare retningslinjer på den andre sida, seier nestleiar i Husforeininga, Helge Rege Gårdsvoll.

Retningslinjene skal bli evaluerte i 2025.

Hei!

Har du innspel eller tips om denne saka, eller andre saker?

AKTUELT NÅ