Hopp til innhold

Monrad (92) får nytt høyreapparat: – Blir flau på vegner av samfunnet

Sigurd Aase bladde opp da han høyrde om Monrad Strømø (92) som måtte vente i fire år på nytt høyreapparat. Nå krev han at helseministeren tar problematikken på alvor.

Monrad Strømø 92 hørselsapparat

Monrad Strømø smiler breitt over at tilværet nå forhåpentleg blir betre. Han får nemleg nytt høyreapparat av Sigurd Aase.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Det er fantastisk. Finst det sånne menneske framleis?

Monrad Strømø (92) snakkar om forretningsmannen Sigurd Aase. Han kjem vi straks tilbake til.

Vi spolar eit døgn tilbake. Strømø sin historie om å kjenne på isolasjon på grunn av dårleg høyrsel har rørt mange.

Han hadde oppsøkt Hørselssentralen på Haugesund sjukehus i håp om eit nytt høyreapparat på grunn av høyrsel som hadde blitt dårlegare.

Men svaret var at sidan han fekk nytt for to år sidan, måtte han vente i fire år.

Ifølge forskrift om stønad til høyreapparat og tinnitusmaskerar (ekstern lenke) kan ein i utgangspunktet få nytt høyreapparat kvart sjette år.

Monrad Strømø 92 hørselsapparat

Monrad Strømø er interessert i veteranbilar. Han håpar han framover kan vere med på møte om dette og kjenne seg med i samtalen.

Foto: Gisle Jørgensen / NRK

Den dårlege høyrselen gjorde at Strømø sleit i møte der fleire prata, og det førte til at han oftare og oftare droppa slike situasjonar.

Går ikkje an å akseptere

Forretningsmannen Sigurd Aase frå Haugesund har tatt saka i eigne hender.

Han kjenner ikkje Strømø personleg, men vil betale for høyrselstime og høyreapparat.

Sigurd Aase

Sigurd Aase har tilbode seg å betale for at Monrad Strømø skal få nytt høyreapparat.

Foto: Privat

Eg blir flau på samfunnet sine vegner. Ein 92-åring som må vente i tre–fire år på høyreapparat. Det er ikkje noko anna å seie enn at det ikkje går an å akseptere, seier Aase.

Skal han få eit godt liv, må han delta i det sosiale livet. Og da må han høyre godt nå. Ikkje om tre–fire år.

Hadle Bjuland, KrFs stortingsrepresentant frå Rogaland, seier han forventar helseministeren ryddar opp.

– Her burde systemet komme Monrad og andre som treng høyreapparat betre i møte. Det gjer inntrykk på meg når ein seier ein kjenner seg lite verd i møtet med helsevesenet, seier Bjuland.

Krev at helseministeren kjem på banen

Sjølv om Sigurd Aase raskt bladde opp for at Monrad Strømø skal få eit betre tilvære, påpeikar han at det ikkje er hans ansvar.

Det er helseminister Jan Christian Vestre som må fikse dette og gi folk som har dårleg høyrsel eit godt liv.

92-åringen er einig. Han seier han nesten får dårleg samvit over at han er heldigare enn andre i same situasjon.

Det var jo noko som samfunnet burde gjort. Dette løyser det jo for meg, men ikkje for alle andre.

Eg håpar det blir ein ny kvardag. At eg kan delta meir i samfunnet og kjenne meg litt verd. Det har vore frykteleg tungt.

Det gjer også inntrykk på helseminister Jan Christian Vestre (Ap) å lese om Strømø. Vestre påpeikar at han ikkje er aleine.

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap) lanserte Noregs første vegkart for reiselivsnæringa.

Helseminister Jan Christian Vestre seier det gjorde inntrykk på han å lese om Monrad Strømøs historie.

Foto: Sissel Rikheim

– Ventetidene har stige sidan 2017, og særleg etter pandemien. Noko av det viktigaste eg gjer som helse- og omsorgsminister, er å få ned ventetidene.

Han viser til ventetidsløftet som regjeringa lanserte i mai.

Må utdanne fleire audiografar

Løftet inneber at regjeringa, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonane og dei regionale helseføretaka arbeider saman for å få ned ventetida i 2024 og 2025.

Vestre noterer seg at Monrad Strømø set spørsmålsteikn ved om vi har nok audiografar.

– Dette står sentralt i ventetidsløftet. Å utdanne og behalde dyktige audiografar og få til ein god arbeids- og oppgåvedeling med andre faggrupper er blant dei viktige tiltaka i åra som kjem.

Mennene frå Haugesund har funne ut at dei har ei felles interesse: Veteranbilar.

Det at han vil snakke med kompisane sine i veteranbilklubben, det synest eg er eit rimeleg krav frå Monrad sin side, seier Aase.