Hopp til innhold

Slik har oljekrisa råka arbeidsmarknaden

Sidan hausten 2014 har meir enn 40.000 menneske mista jobben sin i den norske oljebransjen. Her er tala som syner korleis dette har påverka den norske arbeidsmarknaden.

NRK-reporter Kjersti Hetland forklarar korleis oljekrisa har gått utover arbeidsløysa i Noreg.

Etter at oljeprisen sokk som eit lodd hausten 2014 har det vore langt mellom dei gode nyheitene i norsk næringsliv. I løpet av dei siste åra har det nærmast blitt kvardagsleg å lesa om masseoppseiingar i bedrifter, som indirekte eller direkte, er avhengige av verdiskapinga i oljeindustrien.

I desse fem grafane kan du få eit betre innblikk i korleis oljekrisa har ramma arbeidsmarknaden, og ein kan også finna nokre lyspunkt som kan vitna om at betre tider er i vente.

1. Startskotet for masseoppseiingane

Laster innhold, vennligst vent..

Om grafen: Ei bedrift er plikta å melda ifrå til Nav dersom dei skal seia opp eller permittera meir enn ti arbeidstakarar. Tala i grafen er ei samanslåing av alle varsla Nav i Rogaland har fått sidan juni 2014. Ein kan tydeleg sjå korleis september 2014 var startskotet for masseoppseiingane.

– Sidan september i 2014 har me fått inn rundt 40.000 varsel. Det er veldig unormalt. Før juni 2014 fekk me inn mellom 150 til 250 varsel kvar månad. Så det som skjedde i september 2014 var eit stort varsel om det som kom til å skje, forklarar Gustav Svane, som er rådgjevar i Nav Rogaland.

Etter dette så heldt talet på varsel seg på eit unormalt høgt nivå.

– Det som ikkje kjem fram i grafen, er at i starten så var dei fleste varslingane varsel om oppseiingar. Nå er trenden at delen av varsel om permitteringar tek seg opp. Det kan ein tolka på to måtar. Det kan ha samanheng med ei liberalisering av permitteringsreglane. Det kan også ha med at bedriftene ønsker å halda på kompetansen, og at dei kanskje er meir optimistiske med tanke på framtida, seier han.

Dessutan tyder dei siste tala som Nav har fått inn, på at talet på varsel går ned. Noko som kan tyda på at det er betre tider i vente.

Gustav Svane

Gustav Svane er rådgjevar i Nav Rogaland.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

2. Verst i vest

Laster innhold, vennligst vent..

Om grafen: Grafen syner årssnittet for kor mange prosent av den totale arbeidsstokken som er heilt ledige. Dei siste fire åra har arbeidsløysa i landet gått opp frå 2,5 til 3 prosent. Ein relativt svak auke dersom ein samanliknar med fylket Rogaland, som er hardast råka av oljekrisa. Her er arbeidsløysetala nå heilt oppe i 4,5. Dersom ein legg på dei som er på arbeidsretta tiltak, kjem ein heilt opp i 5,4 prosent. Så høg har ikkje arbeidsløysa vore sidan bankkrisa på slutten av 80- og starten av 90-talet.

Krisa rammar med andre ord desidert hardast i den delen av landet som er basert på oljenæring. Ein låg kroneverdi har gjort at det er betre tider for dei som driv med eksport innanfor andre bransjar.

– Dette viser kor sårbar den norske arbeidsmarknaden er. Kor hardt råka ein del av landet blir når ein bransje opplever nedgang. Det er verst i Rogaland, men det gjeld delvis også for Agder-fylka, Hordaland og Møre og Romsdal, seier Svane.

3. Grafen som Nav er mest bekymra for

Laster innhold, vennligst vent..

Om grafen: Her er me over på tal berre for Rogaland. Dei syner kor mange veker dei arbeidsledige er utan jobb.

– Bekymringa går på at nesten halvparten av dei arbeidsledige i Rogaland er langtidsledige. Det vil seia at dei har vore ledige i meir enn eit halvt år, fortel Gustav Svane.

Det vil sei at ein god del folk er i ferd med, eller har allereie, mista retten sin på dagpengar. Det betyr at dei må søka om sosial stønad eller selja unna eigedom for å få inntekt.

– I Rogaland er det heile 1650 personar som har fem månader eller mindre att før dei mistar retten på dagpengar. Dei kan risikera å bli ståande på bar bakke, seier Svane.

Dette er også årsaka til at Nav går ut og rår folk til å flytta ut av Rogaland.

– Me veit at arbeidsmarknaden er betre i fleire andre fylke og i andre land som til dømes Sverige. Det er sjølvsagt lettare sagt enn gjort å be nokon om å flytta, men nå byrjar det faktisk å flaska seg såpass til for enkelte arbeidssøkarar, at ein rett og slett må ta grep og flytta.

4. Ingeniørane er hardast råka

Laster innhold, vennligst vent..

Om grafen: Dette er talet på heilt ledige innan utvalde yrkesgrupper i Rogaland.

Det er ingeniør- og IKT-arbeidarar, dei som jobbar innan bygg- og anlegg og industriarbeidarar dei siste to åra har fått gjennomgå mest.

– Talet på ledige ingeniørar held seg høgt, men det gledelege er likevel at ein nå kan sjå ein svak nedgang i dei andre to bransjane, seier Svane.

Han meiner det er mykje på grunn av tiltakspakkane frå regjeringa.

– Det er spesielt dei tiltakspakkane som kom våren 2016 som har hatt eit positivt utslag på statistikken. Mykje av dette har gått til vedlikehald av bygg og til vegbygging, forklarer Nav-rådgjevaren.

5. Stort behov for arbeidskraft

Laster innhold, vennligst vent..

Om grafen: Dette er ei samling av talet på ledige stillingar som Nav Rogaland fekk inn i 2016, samanlikna med dei som er registrert som arbeidssøkarar. Det vil sei dei som er heilt ledige, går på arbeidsretta tiltak eller er delvis ledige.

– Ein kan kanskje seia at dette er ei litt unyansert og grov oversikt, men likevel er den med på å gi oss eit godt bilete av tilstanden, seier Gustav Svane.

Det den syner, er at misforholdet i ingeniørbransjen er enormt stort i negativ forstand for arbeidssøkaren. Det er langt fleire søkarar enn det er jobbar. I helsesektoren og innan undervising er det motsett.

Altså er det behov for arbeidskraft, men innan andre bransjar. Noko som mellom anna talar for omskolering.

– Totalt sett så er det nå ei ganske god balanse i talet på ledige jobbar og talet på søkarar, det er innan dei enkelte bransjane ein finn den store ubalansen, seier Svane.

– Så ut frå alt dette, kva tenker du om framtida?

– Arbeidsløysa kjem framleis til å halda seg på eit relativt høgt nivå, men det positive trur me vil vera at arbeidsløysa vil vera noko lågare enn det den er i dag.