NRK Meny
Normal

Forstå oljekrisa på tre minutt

Fleire tusen menneske har dei siste to åra mista jobbane sine i den norske oljeindustrien. Her får du svar på kvifor oljekrisa kom, og kva oljeekspert Klaus Mohn tenker om framtida.

Mann som jobbar i olja

JOBBAR FORSVINN: Sidan hausten 2014 har rundt 40.000 personar mista jobben i den norske oljebransjen. (llustrasjonsbilete)

Foto: Kjersti Hetland / NRK

Oljebedrifter frå heile verda er i desse dagar samla på oljemessa ONS i Stavanger. Sidan sist gong messa blei arrangert har arbeidsløysa i den norske oljebransjen blitt dobla.

Saman med oljeekspert Klaus Mohn prøver NRK å gi deg eit klarare bilete på kvifor Norge har blitt råka av ei oljekrise. Sjå videoen og les intervjuet!

Fleire tusen menneske dei siste to åra har mista jobbane sine i den norske oljeindustrien. Her får du svar på kvifor oljekrisa kom.

PRISEN STUPTE: I juni 2014 var oljeprisen rundt 115 dollar fatet. Medan i januar 2016 var den nede i 30 dollar fatet.

Intervju med oljeekspert Klaus Mohn

Er det greitt å kalle det me opplever for ei oljekrise?

Her vil omtalen avhenge av kven som held mikrofonen. For verda er ikkje omslaget ei krise, og knappast heller for Noreg eller Stavanger-regionen. Men for enkeltpersonar og føretak som er tett knytt til olje- og gassverksemda er det lettare å ta dei sterke orda i bruk. Uansett representerer situasjonen ei vending som kan få langvarige verknader for Vestlandet.

Klaus Mohn

Klaus Mohn er tidlegare sjeføkonom i Statoil, nå er han professor i petroleumsøkonomi ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kva andre årsaker, enn det som kjem fram i videoen, er det til at prisen på olje har gått ned?

I tillegg til auke i produksjonen frå USA, og andre land, har utsiktene for den økonomiske veksten blitt svekka, spesielt i Asia, men og i Europa. Saman med debatten rundt energi- og klimapolitikken skapar dette uro og uvisse rundt etterspurnaden etter olje.

Kor viktig har USA sin atomavtale med Iran vore for oljeprisen?

Hevinga av handelssanksjonane har medført at Iran igjen kan innleie samarbeid med vestlege oljeselskap om utvikling av store olje- og gassressursar. På sikt gir dette eit stort potensial for auke i oljeproduksjonen. Men politiske rivingar innanlands legg hindringar for ei rask realisering av dette potensialet.

Kva må skje for at oljeprisen skal gå opp igjen?

Alle forhold som kan bremse produksjonen av olje vil kunne sende oljeprisen til vêrs igjen. Difor vil reduksjonen i oljeselskapa sine investeringar i dag kunne løfte oljeprisen på litt lenger sikt. Tilsvarande vil alle forhold som kan auke etterspurnaden etter olje kunne støtte opp om høgare oljeprisar. Utsiktene for den økonomisk veksten i verda blir difor og viktige for oljeprisen.

Kven tener på låge oljeprisar?

I korte trekk vil land og folk som er kjøparar av olje tene på låge oljeprisar, medan land og folk som lever av å produsere og selje olje vil tape. For kjøparar blir energirekninga lågare, medan land som er seljarar får ein reduksjon i inntektene sine.

Kvifor byrja norske oljeselskap å kutta kostnader allereie før den drastiske prisnedgangen?

Bakgrunnen for dette var at kostnadsnivået i næringa i åra fram til 2013 hadde auka kraftig, slik at lønsemda i oljeselskapa kom under press sjølv med ein oljepris rundt på 100 dollar fatet.

Kvifor var kostnadsnivået på norsk sokkel så høgt?

Kostnadsutviklinga i oljenæringa heng saman med oljeprisen. Når oljeprisen steig, så var det fleire oljeprosjekt som blei lønsame. Resultatet var at investeringar, utbygging og aktivitet tok seg kraftig opp i heile næringa. Med avgrensa kapasitet i leverandørnæringa skapte dette eit press mot prisar og løner. Etter at oljeprisen no har kome ned, ser me at kostnadsnivået er på veg ned igjen.

Vil jobbane i norsk oljesektor koma tilbake dersom oljeprisen går opp igjen?

Sysselsettinga i den norske olje- og gassverksemda avheng av aktivitetsnivået. Om aktivitetsnivået kjem tilbake til nivåa frå 2013-2014, så blir det ny vekst i sysselsetting og løner. Men mykje tyder på at aktiviteten i olje- og gassverksemda vil halde seg på eit lågare nivå enn dette i mange år framover. I så fall er me alle best tent med at overflødig arbeidskraft finn oppgåver i andre næringar.

Folk snakkar om at det alltid svingar i denne bransjen, kva er det som skiljar denne krisa, med til dømes den som var i 1998?

På slutten av 1990-talet kom oljeprisfallet i bakkant av eit tilbakeslag i verdsøkonomien. Dette gjorde situasjonen verre for resten av økonomien, ettersom norske eksportføretak opplevde stagnasjon i den internasjonale marknaden. Denne gongen kjem oljeprisfallet mest på grunn av ei auke i tilbodet, medan verdsøkonomien framleis tikkar og går. Saman med fallet i kronekursen gjer dette at tradisjonelle norske eksportføretak klarer seg rimeleg bra. Det som gjer situasjonen verre i dag er det høge kostnadsnivået på norsk sokkel, samt at tilbakeslaget i oljeprisen ser ut til å bli meir langvarig enn på slutten av 1990-talet.

Korleis ser du på framtida for den norske oljeindustrien? Kor lenge vil den ha posisjon som den industrien som gir mest inntekt for landet?

Olje- og gassnæringa vil vere viktig for aktivitet, sysselsetting og inntekter i mange år framover. Men veksten blir neppe så høg som i 15-årsperioden frå tusenårsskiftet. Dermed må andre næringar no ta over, om den samla økonomiske veksten skal haldast ved lag.

Meir frå NRK om oljekrisa: