NRK Meny
Normal

– Den beste julegåva eg kunne fått

Marie Wæhler vakna av ein etterlengta telefon på vesle julaftan. Eit jobbtilbod. For medan arbeidsløysa framleis er høg, finst det lyspunkt.

Marie Wæhler vakna av ein etterlengta telefon på vesle julaftan.

I løpet av året har 48.000 rogalendingar opplevd å vera arbeidsledig. 27 år gamle Marie Wæhler frå Stavanger er blant dei heldige som går inn i nyåret med ein ny jobb.

– Det er kjempekjekt. Den beste julegåva du kan få.

I dag vakna Marie Wæhler (27) frå Stavanger av at telefonen ringde. Personen i den andre enden hadde gode nyheiter på vesle julaftan.

– Eg har fått jobb, og begynner allereie i januar, seier ho glad.

– Korleis blir det å feire jul nå?

– Eg kjenner på ei lette. Det blir godt ikkje å ha dette med søknader og slik i bakhovudet heile tida. Dette blir ei god jul.

Eit tungt år

Truls Nordahl

Truls Nordahl er direktør for Nav i fylket som er aller hardast råka av nedgangen i Oljesektoren.

Foto: Inger Johanne Stenberg/NRK

Wæhler har studert i åtte år, og har utdanna seg innan økonomi og leiing. Ho har budd lenge i utlandet og snakkar fleire språk. Likevel enda ho opp som arbeidsledig då studia blei avslutta.

Og ho er ikkje aleine. For det har våre eit tungt år for mange. Heile 48.000 rogalendingar har opplevd å vera arbeidsledig i løpet av året.

– Mange vil framleis oppleva å vera i ein krevjande situasjon. Det vil vere viktig for den enkelte å halde alle mogelegheiter for arbeid opne, seier direktør i Nav Rogaland, Truls Nordahl.

Flyttar for jobbens skuld

Etter eit halvt år og femti jobbsøknader har endeleg lykka snudd for Wæhler. Men ho må flytte til Oslo for å få arbeid.

– Eg har vore budd på å flytte, og eg vil heller ha ein god jobb i ein annan by enn ikkje å ha jobb eller ha ein jobb eg ikkje har lyst på. Så eg er positiv til å flytte.

– Vil halde seg høg utover vinteren

Sjølv om det finst historier som Wæhler sin, er det framleis mange som går utan arbeid. Nav sine tal for arbeidsløysa i Norge i desember viser at Rogaland har flest arbeidsledige både i talet på arbeidarar og i prosent.

11.617 er per i dag registrert som heilt arbeidsledige i Rogaland, det vil sei 4,5 prosent av den samla arbeidsstyrken i fylket. Landssnittet er på 2,8 prosent.

Likevel finn direktøren i Nav Rogaland noko positivt i dei elles så dystre tala. For samanlikna med dei siste månadane ser det ut som om talet på arbeidsledige har slutta å stiga.

– Det er positivt at arbeidsløysa har stabilisert seg mot slutten av 2016. Me ventar samstundes at arbeidsløysa vil halde seg høg utover vinteren, skriv Nordahl.

Mange varsel om permitteringar og oppseiingar

Nav-rådgjevar Gustav Svane forventar likevel at arbeidsløysa vil gå noko opp når me går inn i det nye året.

– Me har fått inn ein del varsel om permitteringar og oppseiingar i haust. Dette i tillegg til naturlege sesongvariasjonar gjer at me forventar ein oppgang i arbeidsløysa i januar, seier Svane.