NRK Meny
Normal

Dette er «shot-kulturen»

Alkoholforskar Sverre Nesvåg seier drikkemønsteret hos unge folk har blitt meir aggressivt. Eit fenomen han kallar for den nye «Shot-kulturen».

Politiet i Stavanger

AGGRESSIVE UNGE MENN: Det er unge fulle og norske menn som står bak det meste av valdssakene som hamnar i retten viser ein gjennomgang av valdsdommane frå Stavanger tingrett i haust. Ein av fire gonger er offeret polititenestemenn.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Sverre Nesvåg

MEIR BRENNEVIN: Sverre Nesvåg meiner at det har skjedd endringar i korleis unge drikk brennevin, noko som igjen fører til meir vald i bybiletet meiner han.

Foto: JOHANSEN, ERIK / SCANPIX

– Den nye drikkekulturen som har vakse fram i Nord-Europa, med ein ny type brennevinsdrikking, er ganske aggressiv. Eg vil kalla den for «shot-kulturen» for å vera mest mogleg konkret, seier Sverre Nesvåg som er forskingsleiar ved regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking ved Stavanger Universitetssjukehus.

Han er ikkje overraska over tal NRK har presentert denne veka som viser omfanget av vald blant unge fulle menn og kor valden skjer.

– Kort veg frå impuls til handling

– Eg er sikker på at det finst ti nesten-valdsepisodar for kvar valdsepisode, seier Nesvåg til NRK.

Grovt sett viser NRK sin gjennomgang av eit femtitals valdsdommar frå tingretten i Stavanger at valden blir utført av unge menn. Dei er svært rusa og utøver valden i stor grad på nattetider i sentrum, spesielt i helgane.

Valdsoffera er ofte tilfeldige, men også i stor grad menn. Og motiva for valden er mange:

– Unge menn har en måte å tenke på som gjer at det er kort veg frå impuls til handling, seier Nesvåg.

Dermed meiner han at det ikkje er tilfeldig at det er unge rusa menn som står for det meste av valden. Noko som også heng saman med korleis dei rusar seg:

– Me ser dette både i Aust-Europa, Finland, Norge og Storbritannia. Ungdom som bøttar innpå med brennevin og tar over byen på fredag og laurdagskveldane.

Objektivt sett skal det ikkje ha noko å sei for hjernen om alkoholen kjem frå øl, vin eller brennevin.

Om ein drikk utan hemningar seier det seg likevel sjølv at det er gjennom brennevinen ein får i seg mest alkohol.

– Det blir forventa ein annan åtferd av ein person som har sitje og drukke eit glas med raudvin, enn ein som har sitje å shota nedpå vodka i ei kjellarstove med venane sine, dette spelar ein rolle for kva effekt alkoholen får og kva effekt me vil den skal ha, seier han.

Jenter ute på byen

EIG BYEN: Fredag- og laurdagskveldane er det dei unge som eig byen seier Sverre Nesvåg

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Sjefen koplar ut

– Det første som skjer når du drikk er at du påverkar eit grunnleggjande påkjenningssystem i hjernen, og du får respons frå folk rundt deg om kva som blir løna. I den nye kulturen vil det ofte vera stas å bli rusa, ofte veldig fort og veldig sterkt, seier Nesvåg.

Deretter kjem det neste stadiet av alkoholverknaden:

– Då får du nedsett impulskontroll og kjem over i den delen av hjernen som skulle ha styrt deg til å gjera litt mindre galskap. Alkoholen verkar direkte på denne delen av hjernen, og sett på eit vis sjefen ut av spel, seier eksperten.

Og med sjefen ute av spel kan mykje skje. I over 60 prosent av valdsdommane NRK har sett på er det første gong dei som blir dømde er i retten på grunn av valdstilfelle.

– Dei aller fleste opplever dette ein einaste gong. Og kanskje er det nettopp det at dei har opplevd det ein gong som gjer at sjefen i hjernen neste gong har litt meir å gå på og koplar inn litt meir sperrer før det neste gong skjer noko, seier han.

– Politikarane tørr ikkje ta tak

Kari Kjestveit er forskar ved forskingsinstituttet Iris. For halvanna år sidan leverte ho frå seg ein rapport bestilt av Stavanger kommune om førebygging av vald i det offentlege rom.

Bakgrunnen var undersøkingar som viste at mange innbyggarar følte seg utrygge i sentrum av byen. Fleire tiltak blei føreslått men lite har skjedd i ettertid.

– Eg syns vel kanskje at politikarane ikkje vågar å ta tak i noko mange veit vil fungera, seier Kari Kjestveit til NRK.

Ho meiner at alkohol er så sentralt i valdstematikken, at om ein vil gjera noko med valden så må ein også gjera noko med alkoholpolitikken.

– Derfor inneheld rapporten tiltak retta mot skjenkestadene, seier ho.

Sverre Nesvåg meiner at vorspielkulturen er hovudproblemet med drikkinga og valden, og at det derfor er lite politikarane kan gjera for påverka sjølve drikkinga.

– Korleis denne kulturen kan endrast er heller ein debatt politikarane bør ta, seier han.