Hopp til innhold

I Trondheim blir du kasta ut av utestaden ein time tidlegare enn i hovudstaden

I Oslo kan du drikke øl frå tappekranane heilt fram til klokka 3. Slik er det ikkje i Trondheim.

Solsiden i Trondheim en lørdagskveld

SKJENKETID: I Trondheim har tappekranane stengt klokka 2 dei siste 15 åra.

Foto: Øyvind Blomstereng

– Eg trur folk gjerne skulle sett at det var sånn som det er i Oslo. Og at ein har same stengetid som det er i resten av Noreg.

Merk Ramberg på Solsiden i Trondheim

Merk Ramberg trur ei utvida skjenketid vil auke omsetninga og livet i byen.

Foto: Morten Andersen / NRK

Det seier Merk Ramberg, som NRK møter på Solsiden i Trondheim.

– Det er ikkje noko poeng at det skal stenge tidlegare enn resten, så lenge vakthaldet og sikkerheita er på plass.

Og dette er han ikkje aleine om å meine. For no vil Trondheim Høgre utvide skjenketida i byen.

– Ein meir levande by

Som eit prøveprosjekt vil partiet utvide skjenketida frå klokka 2 til 3. Då får byen same skjenketid som blant anna Oslo, Bergen og Stavanger.

– Der fungerer det veldig fint, seier Christianne Bauck-Larssen i Trondheim Høgre.

Christianne Bauck-Larssen i Trondheim Høgre

Christianne Bauck-Larssen er gruppeleiar i Trondheim Høgre.

Foto: Morten Andersen / NRK

For 15 år sidan vedtok Trondheim kommune å stramme inn skjenketidene med ein time.

– Det er mange år sidan Trondheim stramma inn på skjenketidene sine og me meiner det er på tide at me kan prøve ut å utvide skjenketidene også for oss i Trondheim. Då får me ein meir levande by. Og ein levande by er også ein attraktiv by, seier Bauck-Larssen.

Men forslaget gjev ikkje ein god smak hos potensielle samarbeidspartnarar til partiet.

– Me opplev det som eit svært dårleg sjekketriks frå Høgre.

Det seier Alina Käthe Storvik i Trondheim KrF. Partiet ynskjer ikkje å utvide skjenketidene på grunn av signal frå politiet og fagrørsla.

Alina Käthe Storvik i Trondheim KrF.

Alina Käthe Storvik er førstekandidat til bystyret i KrF i Trondheim.

Foto: Morten Andersen / NRK

– Når begge dei to sidene seier at dei ikkje ønsker ei utviding, så er det litt vanskeleg å forstå korleis Høgre kan seie at dette er eit attraktivt tilbod, seier Storvik.

KrF ønsker i motsetnad til Høgre å stramme inn skjenketida i byen.

– Me har programfesta at me ønsker skjenkestopp klokka 1 og at det skal vere strengare krav til skjenkeløyve.

Les også 150 kroner for ei flaske sportsdrikk – rives ut av butikkhyllene

Flasker med Prime står stablet i en butikk

Kortare skjenketid gav mindre vald

I alkohollova står det at det ikkje er lov å skjenke alkohol etter klokka 3. Men kvar kommune kan stramme inn denne tida og bestemme at tappekranane skal stenge tidlegare.

I Trondheim, Ålesund og Kristiansand stoppar tappekranane klokka 2. Medan det i Oslo, Bergen, Stavanger, Bodø og Tromsø er mogeleg å kjøpe drikke heilt fram til klokka 3.

Og i Trondheim valde kommunen i 2008 å stramme inn skjenketida for å førebyggje mot valdsepisodar.

Når synes du skjenketida i Trondheim burde settast til?

Varaordførar i Trondheim og ordførarkandidat for SV, Mona Berger, meiner det har hatt positive effektar å stramme inn skjenketida frå 3 til 2.

– Dei erfaringane me har til no er jo at det er veldig vellukka å ha avgrensa skjenketid, når det kjem til å redusere talet valdsepisodar som skjer når ein er ruspåverka.

Mona Berger i Trondheim SV

Mona Berger peiker på at talet valdsepisodar i Midtbyen blei redusert kort tid etter kommunen stramma inn skjenketidene i 2008.

Foto: Morten Andersen / NRK

Ho viser til ein studie av Statens institutt for rusmiddelforsking (SIRUS) frå 2011. Då kom det fram at å redusere skjenketidene med ein time kan redusere talet valdsepisodar med inntil 17 prosent.

Og på spørsmål om SV vil utvide skjenketida igjen, er ordførarkandidaten klar:

– Det er langt meir viktig at me skal avgrense talet valdsepisodar, enn at me skal feste lengre ute på byen, seier Berger.

Og dette synspunktet er Fredrik Sivertsen som NRK møtte på gata einig i.

– Eg synest det er fint sånn som det er. Eg trur kanskje at det vil føre til meir problem i byen. Så eg er i mot utviding.

Les også Høgre dobbelt så store i Trondheim

Kent Ranum og Emil Raaen