Hopp til innhold

Her skjer to av tre valdssaker

Ein gjennomgang av alle valdssakene som har blitt behandla i Stavanger tingrett i haust viser at valden i all hovudsak skjer i Stavanger sentrum. Og det er unge fulle norske menn som er verstingane.

Stavanger sentrum

LAURDAGSKVELD I STAVANGER SENTRUM: Det er rundt barane i Stavanger sentrum flest valdssaker i Stavanger tingrett stammar frå.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Når helgen kjem og gullrekkja er over, blir tusenårsplassen i Stavanger sentrum omdanna til ein orgie i fest og fyll.

Det viser også igjen på valdsstatistikken. Så langt i haust har Stavanger tingrett behandla nærmare femti valds- og trusselsaker. To av tre har sitt opphav i Stavanger sentrum på eit tidspunkt då innbyggarane flest søv.

Låg i ein krok og blei hamra laus på

Tom Ur Kjørsvik er ein av mange som har opplevd valden i Stavanger sentrum på nært hald. Han hadde vore ute og ete med kona si, då dei støtte på ein ung, sterk mann av det aggressive og fulle slaget som Stavangers natteliv bokstavleg talt er full av.

Tom Ur Kjørsvik

Tom Ur Kjørsvik ble skamslått av en ukjent, aggressiv og full mann i Stavanger sentrum.

Foto: Ståle Frafjord / NRK

Mannen kom med upassande kommentarar til kona då Ur Kjørsvik prøvde å bryta inn.

– Eg sa til han at han ikkje skulle snakke stygt til kona mi, men før eg var ferdig med setninga låg eg i ein krok og blei hamra laus på, seier Ur Kjørsvik.

Åtte av ti alkoholpåverka

For historia om vald i Stavanger er i første rekke historia om fulle og aggressive unge menn. Det viser NRKs gjennomgang av alle valdsdommane frå tingretten i haust.

Halvparten av valdsutøvarane er menn i 20 åra og ein fjerdedel er unge menn under 20. Av dei 42 tiltalte var det berre to kvinner, 95 prosent var menn. Over 80 prosent var påverka av alkohol.

I valdssakene frå sentrum var alle alkoholpåverka. Konsekvensane kan vera fatale og ramma hardt.

– For min del fekk eg knust diverse ting i andletet og har hatt tre operasjonar. Eg gjekk sjukemeldt i fleire månader, seier Tom Ur Kjørsvik som blei offer for valden i Stavanger sentrum.

– Drikk alt for mykje

Advokat Anne Kroken er ei av byens advokatar som har hatt mange valdssaker for byretten dei siste åra.

Anne Kroken

Advokat Anne Kroken sier de aller fleste unge som utøver vold i sentrum har drukket alt for mye.

Foto: Marte Aronsen / NRK

– Me ser veldig mange slike saker. Ein ung mann i 20-åra som har blitt tatt ein gong, og det er for grov vald i rusa tilstand. Nesten alltid har dei drukke alt for mykje, seier Kroken.

Valdsstatistikk frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på yngre personoffer for valdskriminalitet aukar meir i Rogaland enn i resten av landet.

I Norge elles er offera i større grad personar over 50 år. I Rogaland blir i aukande grad personar under 40 år ramma.

To parallelle verder

Dommane frå tingretten viser at valdsutøvarane er norske. Nærmare 80 prosent av dei valdstiltalte i haust var nordmenn med aner tilbake til vikingtida.

For frisør, valdsoffer og gründer av fargegata Øvre Holmegate, Tom Ur Kjørsvik, er det nettopp det tusenårsplassen og området rundt Skagen minner om ein laurdagsnatt; vikingtida sin drikkekultur:

– For meg er det snakk om to parallelle verdiar som eksisterer. For det finst mykje god kultur og bra tilbod i Stavanger. Men når du kjem til lysløypa så finn du ikkje så mykje av det der, seier han.

– Mange av barane der kan berre opna dørene sette på musikk og servere øl, det er nok til å trekkje til seg folk. Dei som kjem er kanskje ofte dei som sit heime og bøtter nedpå for så å gå ut å konsumera endå meir, med eitt mål for auge; og drikke seg drita full.