NRK Meny
Normal

Politiet er oftare utsett for vald

Ein av fire gonger er politiet offer i valds- og trugselsaker, viser ein gjennomgang NRK har gjort av dommar i Stavanger tingrett. Nå sett politiet inn tiltak med sikte på å betra arbeidssituasjonen.

Video Vold mot politiet

Arild Sandstøl, Politiets Fellesforbund, Rogaland.

OFFER FOR VALD: Arild Sandstøl er leiar for politiets fellesforbund i Rogaland. I eit basketak som operativ politimann på byen fekk han rive av eit leddband i fingeren og måtte sjukemeldast i ein månad.

Foto: Jorun Hatling / NRK

– Når me hadde kontroll på gjerningsmannen kjende eg at det hadde skjedd noko med fingeren min. Det viste seg at eg hadde fått rive av nokre leddband og fingeren hang i ein retning den ikkje normalt vil hengja i, seier politimannen Arild Sandstøl.

Han er til dagleg leiar for Politiets Fellesforbund i Rogaland og er langt meir inne på kontoret enn han er ute i tenesta. Likevel har han ikkje fått gå fri frå valdsepisodar som operativ politimann. Seinast i fjor fekk valden konsekvensar for han:

– Det enda med operasjon og ein månad sjukemelding med armen i gips, fortel han til NRK.no.

Fulle menn er verstingar

Berre i løpet av denne hausten har femten polititenestemenn stått som fornærma i valds- og trugselsaker i tingretten i Stavanger.

I dei fleste tilfella er det angrep eller forsøk på angrep og trugslar av fulle menn på byen, viser gjennomgangen NRK har gjort av haustens dommar i Stavanger tingrett.

– Dette vitnar om ei svært uheldig utvikling der terskelen for å gå på politifolk har blitt senka, seier Sandstøl.

I mi verd skal ein ha respekt for lærar, prest og politi, dette er ei haldning som kanskje er litt på veg vekk.

Arild Sandstøl, politiet

Sorenskrivar, Helge Bjørnestad, er ikkje overraska over at mange av dei fornærma i desse sakene er polititenestemenn.

– Det er sjølvsagt ikkje tilfeldig. Det er tett knytt opp til at om lag 90 prosent av gjerningsmennene er rusa, og til dels kraftig rusa. Då forsvinn også dei siste sperrene ovanfor samfunnets ordensmakt, seier Bjørnestad.

Politiet i Stavanger

BRÅK PÅ BYEN: Politiet i aksjon ein laurdagskveld i Stavanger sentrum. Dei fleste valdssakene i Stavanger er det unge fulle nordmenn på byen som står bak.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Vil setja inn tiltak

Politimenn som blir utsett for vald i tenesta har auka så mykje at politidistriktet i Rogaland nå har sett i gang eit arbeid for å sjå på korleis ein kan førebyggja valden.

– Me kartlegg kor tid og korleis me blir utsette for vald. Planen er vidare å setja inn tiltak i forhold til dette, seier Sandstøl.

Tiltaka vil gå på informasjon og opplæring seier han.

– Det kan henda at det er yngre folk som hamnar i valden oftare enn eldre folk, eller det kan gå på kva samansetning av folk me har ute, seier han vidare.

Utrygge i sentrum

Helgevalden i Stavanger sentrum har fått politiet til å auka bemanninga fram til jul.

Ein gjennomgang av valdsdommar frå Stavanger tingrett viser at nærmare to av tre valdstilfelle som kjem opp for retten har sitt utspring i sentrum.

Sandstøl innrømmer at sjølv erfarne politimenn kjenner seg utrygge nattetider i sentrum.

– Natt til laurdag og natt til søndag er ikkje politiet i bydelane, men i sentrum som på sett og vis er ei heksegryte. Om me då er tynt bemanna er det klart at politifolk er folk også, med same kjensleregister som andre folk, og det er ikkje kjekt å hamna i desse situasjonane.

– Kvifor har det blitt slik?

– Det har alltid blitt brukt alkohol. Men det er kanskje ein utvida bruk av alkoholen og fleire skjenkjestader som delvis er skuld i dette. Dessutan ser ein at det blir mindre respekt for autoritetar. I mi verd skal ein ha respekt for lærar, prest og politi, dette er ei haldning som kanskje er litt på veg vekk.