Hopp til innhold

Dette blei krisemillionane brukt til

Krisepengane frå staten sette fart på fleire vedlikehaldsprosjekt i Rogaland i fjor. Her får du oversikta over kva dei 220 millionane som blei gitt til rogalandskommunane, blei brukt til.

Byggmester Sagen

Sjefen for Byggmester Sagen, Snorre Hallem, er overbevist om at tiltaksmillionane frå det offentlege har hindra permitteringar i byggebransjen. Her samen med bas for Aspervika-prosjektet, Roy Værnes.

Foto: Magnus Stokka

På Aspervika skole i Sandnes er fleire handverkarar i sving med å skifta taket på skulen.

Takjobben er eitt av fleire oppdrag byggmeisterfirmaet Byggmester Sagen har fått takka vere tiltakspakke-pengane frå staten i fjor. Pengar som har fått fart på fleire «spadeklare» prosjekt i Rogaland.

  • SJÅ LISTE FOR ALLE KOMMUNAR NEDST I ARTIKKELEN

– Me såg at det blei meir fart i kommunane då pengane frå staten kom. Det kom fleire førespurnader og me var heldige som fekk ein del av dei jobbane, fortel dagleg leiar hos Byggmester Sagen, Snorre Hallem.

Nav: – Auka aktivitet

Snorre Hallem

Snorre Hallem, dagleg leiar hos Byggmester Sagen.

Foto: Magnus Stokka

64 kommunar på Sør-Vestlandet fekk til saman 400 millionar kroner i ei ekstraordinær tiltakspakke frå staten i 2016. Rogaland stakk av med over halvparten, nesten 220 millionar.

Målet var ganske enkelt å få fleire i jobb i ein region med høg arbeidsløyse. NRK har spurt kva pengane gjekk til i alle dei 15 kommunane i Rogaland som fekk pengar (sjå liste nedst i artikkelen).

Opprusting av vegar/turvegar og vedlikehald av skular og barnehagar er noko som går igjen i svara til kommunane. Og fleire kommunar melder at dei har brukt lokale handverkarar og entreprenørar.

– Me ser at arbeidsløysa har gått ned i bygg- og anleggsbransjen. I tillegg har det vore ei kraftig auke i utlyste stillingar i bygg- og anleggsbransjen. Det tilseier auka aktivitet i denne bransjen, seier assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland, Anneline Teigen.

Ordførar: – Ikkje allverdas effekt

Anneline Teigen

Anneline Teigen, assisterande fylkesdirektør i NAV Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Men trass krisepengar frå staten, arbeidsløysa har stabilisert seg på eit høgt nivå i Rogaland, høgast i landet. Då skal dei meir til enn tiltakspakkar, påpeikar Nav-toppen i Rogaland.

– Pakkane kan ha ein dempande effekt på arbeidsløysa. Den dempande effekten på kort sikt, kan ha hindra at arbeidsløysa har forplanta seg vidare. Samtidig tenker me at regionen sine omstillingsutfordringar er betydeleg større enn at dei lar seg løysa ved tiltakspakkar.

Rennesøy var blant kommunane som fekk minst i tiltakspakka i fjor, knappe 600.000 kroner. Pengane har gitt lokale bedrifter meir jobb, og har hatt ein sysselsettingseffekt meiner ordførar Dagny Sunnanå Hausken (Sp).

– Eg er ikkje i tvil om det. Men det er nokre hundre tusen me har fått, og det blir ikkje allverdas effekt av det.

– Pakkane hindra permitteringar

Arne-Christian Mohn

Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund (Ap).

Foto: Erik Waage / NRK

Haugesund fekk drygt 24 millionar kroner i tiltakspakka i fjor, og var blant kommune i Rogaland som fekk mest. Men tiltaket har berre hatt avgrensa sysselsettingseffekt, meiner ordførar Arne-Christian Mohn (Ap).

– Dette er prosjekt som varer over nokre månader. Eg snakka med ein som skulle permitterast, men som fekk jobb. Men det var jo berre jobb i tre månader, slik at det blir ein veldig avgrensa effekt.

Men Snorre Hallem i Byggmester Sagen er ikkje i tvil; jobbane dei fekk i fjor som følgje av tiltakspakka var heilt avgjerande for at alle i hans stab kunne ha jobb.

– Dette hadde vore ein endå tøffare marknad utan tiltakspakkane og det ville fått konsekvensar. Eg trur pengane har hindra permitteringar og oppseiingar i bransjen.

Kommunane må rapportera til Fylkesmannen kva pengane har gått til. Truleg blir fristen sett til 1. mars.

  • OVERSIKT BRUK AV TILTAKSPAKKE-PENGAR I 2016 (ikkje alle prosjekt er fullførte):

Stavanger (fekk 76.976.000)

Tiltak

Kroner

Hillevåg torg

5.700.000

Rehabilitering av bygningsmassen

20.510.000

Kvernevik ring

12.000.000

Rehabilitering bygningsmassen

24.400.000

Opprusting av historiske hagar

3.000.000

Leikeplassar på Våland

1.000.000

Opprusting av skuileveg (turveg)

500.000

Opprusting av området rundt Vålandstårnet

3.000.000

Rehabilitering av Kongsgata 46

3.000.000

Rehabilitering av veg og fortau

3.866.000

Sum

76.976.000

Ekspander/minimer faktaboks

Sandnes (fekk 53.886.000)

Tiltak

Kroner

Turvei Riska (oppgradering av turvei ved Røylandsvatnet)

500.000

Juvelveien (div oppgradering)

3.500.000

Steingard langs Jærveien, Gand gravlund (oppsetting av steingard)

3.500.000

Eddaveien hovedlekeplass (oppgradering)

1.000.000

Turveier i flere bydeler (oppgradering av turvei gjennom Varatunskogen og klargjøring for belysningsanelgg)

800.000

Gravlunder (div reparasjoner og oppgradering)

500.000

Rulleskianlegg Melsheia (bidrag til anlegget)

10.000.000

Reasfaltering (etter prioritert liste)

2.500.000

Vedlikeholdsoppdrag i regi NAV

1.000.000

Skole (vedlikehold/oppussing på en rekke skoler)

10.518.000

Bo- og aktivitetssenter (vedlikhold på flere senter)

3.990.000

Serviceleiligheter (oppussing)

1.300.000

Langgata 72, gamle kulturskolen (sikring av takstein)

150.000

Kulturhuset (pipe) (øvre del av pipe tatt ne, reparasjon av murverk/impregnering)

600.000

Haugen 25 (nytt tak utvendig)

1.200.000

Skeiane eldresenter (oppussing og utvendig maling)

300.000

Austråtthallen (utskifting av innvendige dører og utbedring av lys)

640.000

Gåshaugen, Agneveien (18 nye sikringsskap)

288.000

Sandnes kunst- og kulturhus KF (mindre ombygging)

55.000

Lura bo- og aktivitetssenter (reparasjon av dører og vinduer)

2.700.000

Toaletter skoler (oppgradering av toaletter i småskoler med vegghengt toalett og belegg)

960.000

Hana barnehage (nødvendig oppgradering)

1.200.000

Lura bo- og aktivitetssenter (rehabilitering av om lag 30 rom)

4.364.000

Lura bo- og aktivitetssenter (rehabilitering og renovering av fasader og utbedring av fuktskader)

1.241.000

Rovik bo- og aktivitetssenter (Renovering og utskifting av VVS-anlegg)

880.000

Langgata 76, gamle husmorskolen (sikringstiltak på tak og fasade. Inngangsparti)

200.000

Sum

53.886.000

Ekspander/minimer faktaboks

Haugesund (fekk 24.318.000)

Tiltak

Kroner

Risøytunet 2 hus med 4 boliger i hver, rehab fasader

3.300.000

Gamle slakthuset, fasader og vinduer

3.400.000

Hemmingstad bydelshus, fasader (vedlikehold)

1.100.000

Rådhuset, lekkasje i fasade sør

1.000.000

Skåregata 81 (rengjøring, maling fasader)

760.000

Saltveit skole (rengjøring, maling fasader)

800.000

Austerheim skole (vedlikehold)

5.500.000

Solvang skole (rengjøring, maling fasader)

1.100.000

St. olav barnehage (rengjøring, maling fasader)

50.000

Hemmingstad barnehage (rengjøring, maling fasader)

250.000

Havnaberg seniorsenter (div vedlikehold)

900.000

Bleikmyr barnehage (rengjøring, maling fasader)

600.000

Skåredalen skole (rengjøring, maling fasader)

1.200.000

Garderober Haraldshallen (oppussing av garderober og fellesarealer)

1.300.000

Diversepost ute og inne (diverse mindre tiltak både utvendig og innvendig i ulike bygg)

3158.000

Sum

24.418.000 (ramme 24.318.000)

Ekspander/minimer faktaboks

Karmøy (fekk 10.816.000)

Tiltak

Kroner (berekna kostnar eks. mva)

Veavågen barneskole (skifte vindauge m.m.)

1.100.000

Mykje skole (skifte kledning utvendig vegg)

800.000

Bø ungdomsskole (ny el. hovudtavle)

600.000

Energimerking kommunale bygg

1.000.000

Renovering fasader gamle Avaldsnes aldershjem

500.000

Øvre Eidevn. 8, aktivitetshus (skifte tak pga. lekkasje)

1.600.000

Karmøyhallen (etterisolering tak i symjehallen)

800.000

Karmøy kino (skifte teppe i kinosal)

360.000

Leilegheitsbygg Postvn. 57, Skudenes (renovering)

500.000

2 leilegheitsbygg Mosbronvn. 8-20, Åkrehamn (skifte tak, renner, piper)

400.000

Storesund BBH (skifte vindauge)

1.506.000

Reasfaltering (Åsebøvegen, Øygardshaugen, Slettavegen, Skarhaugvegen, Futavegen)

1.650.000

Sum

10.816.000

Ekspander/minimer faktaboks

Sola (fekk 16.256.000)

Tiltak

Kroner

Skular (oppussing Håland skole, Røyneberg skole og Sande skole)

2.200.000

Institusjonar (takarbeid Sola sjukeheim og Sande aktivitetssenter)

1.300.000

Administrasjonsbygg (Kongshaugvegen 4, måling og vedlikehald)

400.000

Sola sjø (vedlikehald)

1.000.000

Idrett (div vedlikehald Tanangerhallen og Våganes stadion)

350.000

Kultur (vedlikehald Krigshistorisk museum, Sola sjø og Tananger bibliotek)

1.600.000

Barnehagar (div vedlikehald Snøde barnehage, Sørnes barnehage, Dravhaug barnehage, Sømme barnehage og Grannes barnehage)

2.450.000

Bustadar (drenering Åsenveien PU og vedlikehald av kommunale gjennomgangsbustadar)

1.000.000

Kommunale vegar (skifte av kantstein, reasfaltering)

2.300.000

Kommunale leikeplassar (vedlikehald)

2.000.000

Reserve

1.656.000

Sum

16.256.000

Ekspander/minimer faktaboks

Eigersund (fekk 10.571.000)

Tiltak

Kr

Trehogst ved turvegar/attraksjonar, asfaltering, måling av bygg, oppgradering og vedlikehald div. skular, hall, kulturhus, leilegheiter og andre kommunale bygg, oppgradering av torg, fjerning av pir ved rådhuset.

10.571.000 (beløp ikkje oppgitt i postar)

Randaberg (fekk 3.800.000)

Tiltak

Kroner

Fleire tiltak på veg, park og kommunale bygg og bustadar. Eksempel er asfaltering, skifte av tak, vindauge o.l.

3,8 mill (ikkje oppgitt i postar)

Gjesdal (fekk 2.598.000)

Tiltak

Kroner

Måling og betongrehabilitering av to skular (Gjesdal ungdomsskule og Ålgård skole)

1,6 mill

Rehabilitering av omsorgsbustadar

1 mill

Sum

2,6 mill

Time (fekk 3.970.000 kr)

Tiltak

Kroner

Restfinansiering taktekking Timehallen

0,5 mill

Rehabilitering toalett Bryne kompetansesenter

0,5 mill

Engergiøkonomiseringstiltak Time rådhus bygg c

1,5 mill

Vedlihehald kommunale vegar

1,47 mill

Sum

3.970.000

Klepp (fekk 6.360.000 kr)

Tiltak

Kroner

Kyrkja (maling Klepp kyrkje, reparasjon lekkasje)

450.000

Kjøkken Tu barnehage

300.000

Fiolvegen, flyktningbustadar

600.000

Orstad skule, adkomst

500.000

Asfaltering m.m. ved stadion

500.000

Kabling skular

750.000

Rådhuset, golvreparasjon

400.000

Rognevegen 3, lekkasje

300.000

Uteareal skular og barnehagar

1.000.000

Kleppeloen, toalett/turveg

300.000

Postvegen, grusing

650.000

Sykkelskur Sirkelen

100.000

Deling kontor m.v. Kleppetunet

100.000

Rognevegen 1

2.000.000

Sum

7.950.000 (ramme 6.360.000)

Ekspander/minimer faktaboks

Rennesøy (fekk 587.000)

Tiltak

Kroner

Håvardsteinhagane (måling utvendig)

109.000

Sjukeheimen (skifte innvendige lys)

70.000

Hausken drift (skifte lys i hall)

20.000

Asfaltering (Asmervikveien, Daleveien, asfaltering og ordning av fortau i sentrum)

420.000

Sum

619.000 (ramme 587.000)

Strand (fekk 8.059.000)

Tiltak

Kroner

Strandahallen (utvendige fasader, taktekking, oppgradering og enkle tribuner langs kunstgrasbane)

3 mill

Oppgradering badeplasser (oppgradering toalettanlegg og volleyballbaner)

2 mill

Nordre Strand oppvekstsenter (maling og diverse)

0,5 mill

Turveger (oppgradering turveg langs Jørpelandselva + utvide sti/repr gjerde Krossvatnet Nord)

0,4 mill

Kommunale Bygg (maling)

0,4 mill

Jørpeland u.skole (oppgradering av toaletter som gjenstår, samt ombygging resepsjon/kontor)

1,4 mill

Tautunet (lagerbod for utemøbler - grillplass)

0,4 mill

Sum

8, 1 mill (ramme 8.059.000)

Sokndal (fekk 1.373.000)

Tiltak

Kroner

Bygningsmasse ved Solbø Bo- og servicesenter/ «Bøhaugen»/PU

230.000

Bygningsmasse ved Avdeling for Psykisk Helse/ «Gosen»

400.000

Bygningsmasse Kultursenteret Gamle skolen (historisk)

120.000

Kartlegging av rasutsatt skolevei/kommunal vei Kvassåsveien

100.000

Sikring av rasutsatt skolevei/kommunal vei Kvassåveien

200.000

Utbedring av vannlekkasjer i tak på Solbø bo- og servicesenter

25.000

Utbedring av hull i vegg i kommunal vognhall/sandhall

25.000

Etablere HC-parkering/trafikksikkerhetstiltak ved rådhuset

80.000

Trafikksikkerhetstiltak på mørklagt gang-/sykkelsti Åna Sira

90.000

Trafikksikkerhetstiltak på vei og anlegg (samlekontrakt

130.000

Sum

1.400.000 (runda opp av kommunen)

Ekspander/minimer faktaboks

Bjerkreim (fekk 176.000)

Tiltak

Kroner

Pengane blei brukt etter dei retningslinjer som følgde med, ifølge kommunen

385.000 (kommunen oppgir å ha fått dette beløpet i tiltakspakkar i 2016, Kommunesektorens organisasjon oppgir 176.000)

Bokn (fekk 24.000)

Tiltak

Kroner

Vedlikehald Bokn museum

24.000

Flere nyheter fra Rogaland