Det kjem fram i eit brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Eingangstilskotet skal gå til vedlikehald og rehabilitering av vegar, bygg og anlegg som er eigd av kommunen eller kommunalt føretak.
Pengane går til kommunar som er råka av oljekrisa. Målet er å skaffe fleire arbeidsplassar og hindre permitteringar.
Det er berre kommunar med arbeidsløyse på meir enn 3,1 prosent som får ein del av kaka på 400 millionar kroner. 3,1 prosent tilsvarar landssnittet.
Sjå kva kommunar som får pengar i tabellen nedst i artikkelen.
Over halvparten til Rogaland
Oversikta viser at rogalandskommunane får over halvparten av pengane.
Nesten 220 av 400 millionar kroner skal nyttast til prosjekt i Rogaland, som er hardast råka av oljekrisa.
– Vi er opptekne av at pengane vert brukt der det er arbeidsledige eller der det kan bli arbeidsledige om det ikkje vert sett i gang prosjekt, seier fungerande ordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe (KrF).
Byggetrinn to av ein skatepark i bydelen Tasta, renovering av Hillevåg Torg og vedlikehald av 2500 kommunale bustader er blant prosjekta som får pengar.
– Dette er det vi kallar «gryteklare» prosjekt, som vi i utgangspunktet ikkje hadde pengar til. I og med at prosjekta var ferdig planlagt kan vi komme raskt i gang, seier Tysdal Moe.
66 millionar til Agder
Kristiansand får nesten 28 millionar kroner.
– Dette inneber at det blir ein god del bygg i byen som vert rusta opp, seier ordførar i Kristiansand Harald Furre (H) til NRK.
Furre nemner mellom anna opprusting av gymsalar og andre kommunale bygg.
– Vi legg vekt på å setje i gang prosjekt som skapar flest arbeidsplassar, som til dømes innkjøp av materiale, seier Furre.
Agder-fylka får samla over 66 millionar kroner i tiltakspakka.
Må nyttast i år
Departementet har sett som krav at pengane må brukast på prosjekt som skal settast i gang i år.
Dersom pengane ikkje vert brukt opp må dei betalast tilbake.
– Det er ikkje noko problem å finne noko å bruke pengane på. I Stavanger vil vi bruke resterande på friområdeprosjekt som blant anna inneber bygging av turstiar, seier fungerande ordførar Bjørg Tysdal Moe.
Hordaland får samla 66 millionar kroner. Her er det Bergen som får mest med 24,7 millionar kroner.
Sogn og Fjordane får 8,5 millionar kroner fordelt på fem kommunar. I Møre og Romsdal er det Kristiansund som får mest med 16,9 millionar kroner. Samla får fylket 38 millionar kroner.